Kårar unge nynorsktalent – kven vil me sjå og høyra meir av i framtida?

Nynorsk kultursentrum, Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida skal kåra dei viktigaste nynorsktalenta du må følgja med på framover. Fram til 20. desember kan du nominera kandidatar.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det dukkar stadig opp unge talent, i både dal og by, som brukar språket på ein sterk og innovativ måte. Det vera seg i musikk, idrett, politikk eller litteratur. Vi ønskjer derfor å bruka denne kåringa til å visa at nynorsken ikkje berre er til for gretne, gamle skrotnissar, som sitt aleine på fjelltoppar, les tung litteratur, og hyttar med neven mot alt som er nytt. Det handlar om ungt blod, nye tankar og sterk gnist, seier Daniel Kvammen. 

Den prisvinnande musikaren frå Geilo leier juryen som skal kåra dei fremste unge nynorsktalenta å følgja med på framover.

Det er ei kåring som er til for å skapa merksemd rundt Noregs vakraste språk, understrekar han.

– Både skjulte og kjende talent

Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har fått med seg Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida.no.

Juryen er sett saman av artist og juryleiar Daniel Kvammen, leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, direktør i Nynorsk Kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark og nyhendeleiar i Framtida.no, Andrea Rygg Nøttveit.

Juryen ser etter nynorske talent innan musikk, litteratur, kultur og scene, forsking og utdanning, sosiale medium, idrett, politikk, næringsliv, og organisasjonsliv.

Personane må vera 26 år eller yngre og på ein eller anna måte markera seg med nynorsk i offentlegheita.

– Nynorsk kultursentrum arbeider kvar dag for meir nynorsk til heile landet. Desse unge nynorske talenta gjer det mogleg i dag, og inn i det nye tiåret. Med denne kåringa skal både skjulte og kjende talent bli gjort synlege for fleire, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. Foto: Sunniva Lund Osdal, Nynorsk kultursentrum

Lettare å vera ung nynorskbrukar

Norsk Målungdom samlar ungdommar som brenn for nynorsken, men som for ofte møter motstand mot språket sitt. No håpar eg at denne kåringa kan bidra til at det blir lettare å vera ung nynorskbrukar i framtida, gjennom å visa at dette er eit språk for alle, seier Gunnhild Skjold.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

– Framtida jobbar kvar dag med å løfta unge nynorske stemmer, og det er mange som fortener heider. No håpar me på flest mogleg nominasjonar, slik at me kan finna fram til dei som gjer ein ekstra språkleg innsats på sine ulike felt, seier Andrea Rygg Nøttveit.

Me jaktar på unge nynorske influencarar, kulturarbeidarar, akademikarar, politikarar, humoristar, idrettsutøvarar og andre som nyttar nynorsk på sitt felt. 

Kven meiner du fortener tittelen «nynorsktalent»?

Merk e-posten «nynorsktalent» og send inn ditt tips på e-post til tips @ framtida.no, eller send melding på Instagram til @framtida.no –  innan søndag 20. desember 2020.