Redaksjonell rapport for 2015

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på daglege og vekentlege brukarar auka også i 2015. I snitt har 10.800 brukarar vore innom Framtida.no kvar veke i år.

I løpet av 2015 har over 390.000 unike brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein auke på 54.000 samanlikna med i 2014 – og ny rekord.

Den mest lesne saka vår i 2015 er så langt vist 25.000 gonger på Framtida.no og er den nest mest lesne gjennom tidene – berre slått av Are Kalvø-teksten Skandale-regjering frå hausten 2013 som er lese over 45.000 gonger.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære sakene i 2015

Meir eigenprodusert stoff

I løpet av 2015 har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande knapt 3 årsverk. Andrea Nøttveit blei fast tilsett i februar, og Anders Veberg jobba i full stilling til midten av august. Tora Hope jobba fulltid i sommar og deltid elles, og har hatt ansvaret for klimajournalistikkprosjekta våre og blei tilsett som forskingsjournalist i november. Fleire frilansarar, kommentatorar, bokmeldarar og andre skribentar har skrive for oss gjennom heile året og Ida Bergitte Hundvebakke jobba som sommarvikar og tilkallingsvikar om hausten.

I løpet av 2015 har Framtida.no publisert over 2500 artiklar – noko som er ny rekord. Sidan september 2010 har me publisert over 11000 artiklar.

Journalistikk som blir lagt merke til

I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert 231 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Det er ein auke på 127 frå i fjor.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 373 gonger i 2015, mot 328 gonger i 2014, 172 gonger i 2013, 251 gonger i 2012 og 116 gonger i 2011.

ABC Nyheter har brukt 62 saker frå Framtida.no – ein nedgang gang på 11 saker frå året før. Fleire av sakene har vore blant dei mest lesne hjå dei. Nynorsk Pressekontor og fleire av dei store riksavisene og tvkanalane har sitert fleire saker frå oss.

Valprosjekt

Framtida.no fekk i februar 270.000 kroner frå KMD til eit valprosjekt som hadde som hovudmål å auka kunnskapen til unge om lokalvalet og auka valdeltakinga blant unge. Me fekk støtte til debattkurs (sjå under!), ein nasjonal konferanse og app/nettside med informasjon om viktige saker for ungdom og korleis det står til i den enkelte kommune og fylkeskommune med desse sakene.

Konferansen samla kring 100 unge, folkevalde, lærarar og valmedarbeidarar på Høgskolen Stord/Haugesund og fleire dyktige innleiarar. Sjå program!

Me laga òg eit verktøy som er tilgjengeleg gjennom https://framtida.no/articles/finn-ut-meir-om-kommunen-din og https://framtida.no/articles/finn-ut-meir-om-fylket-ditt. Appen/nettsida gjer det lettare for ungdom å sjå korleis kommunen deira gjer det samanlikna med andre kommunar innanfor aktuelle saker for ungdom.

I tillegg har me skrive mykje om lokalvalet, og har fått merksemd i fleire medium for sakene våre om valet. Historia om Runar Søreide Skogedal (23), som er første med Downs syndrom som stilte til kommuneval, i Noreg blei referert i alle dei store avisene og tvkalanane.

Debattprosjekt

I samarbeid med åtte bibliotek, seks skular og to ungdomsråd i Sunnhordland har Framtida.no vore med på å arrangera fleire debattkurs for ungdom i år. Over 250 ungdommar deltok på desse kursa.

I etterkant har ungdommane leia og vore med på å arrangera 12 debattar. Temaet for debattane og spørsmål har dei bestemt sjølv, og det har vore knytt til relevante politiske saker for ungdom, som til dømes samferdsel, kollektivtilbod, fritidstilbod, skule m.m. Desse debattane har Framtida.no òg vore med på å arrangera i samarbeid med skular, ungdomsråd og bibliotek gjennom prosjektet Me snakkast, som har blitt støtta av Nasjonalbiblioteket. Midlar frå KMD har delfinansiert debattkursa.

Då Nasjonal bibliotekstrategi blei lagt fram i haust, var debattprosjektet eitt av tre prosjekt for ungdom som blei trekt fram som gode døme.

Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera. Etter valet fekk alle biblioteka i Hordaland kurs i korleis dei kan laga debattar i biblioteka, og me skal vera med på å arrangera fleire debattar i 2016.

Klimaprosjekt

Framtida.no har frå juni til lokalvalet i midten av september laga glokal journalistikk på klimaspørsmål i nokre av dei norske lokalsamfunna som er mest avhengig av oljeindustrien, med støtte frå Fritt Ord.

Me har publisert 45 artiklar på Framtida.no og hatt til saman 15 saker på trykk i lokalavisene Sunnhordland og Grannar, mellom anna med fleire framsideoppslag.

I første del av prosjektet skreiv me om det grøne skiftet, og me leita spesielt etter nye stemmer i klimadebatten. Me intervjua yrkesfagelevar, lærarar, hobbygartnarar, sveisarar i oljeindustrien og mange fleire. Me intervjua blant anna ungar i ein barnehage i Fitjar, som syntest det var heilt greitt og ikkje reisa til Syden med fly viss dei i staden kunne dra på Osbadet.

I andre del av prosjektet skreiv me om klima i lokalvalet. Me studerte blant anna valprogrammet til alle partia i ti kommunar og såg kva parti som omtala klima. Dette var det fleire aviser som omtala.

I november fekk me på ny støtte frå Fritt Ord til ei oppfølging fram mot klimatoppmøtet i Paris med journalistikk om klimaspørsmål og framtidsvisjonar i norske lokalsamfunn. To av journalistane våre var også med norske klimaaktivistar til Paris og fekk fram ulike stemmer om forventningar og reakasjonar på resultatet av forhandlingane.

Fleire samarbeidspartnarar

I 2015 har me fått fleire nye samarbeidspartnarar. Me har publisert podcastane til Uten Filter og me har byrja å samarbeida med Peikestoken og Volda StudentTV. Og endå fleire bibliotek har byrja å leggja ut bokmeldingar og anna litteraturstoff frå Framtida.no på sidene sine.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Me samarbeider framleis lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på mykje godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira.

Fleire aviser har i tillegg vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Med Magasinett har me samarbeidd om éin skrivekonkurranse i løpet av året.

LES MEIR: «Framtida er grøn – men først må me få fingeren ut»

Framtida.no har òg samarbeidd om formidlingsseminar i Suldal om nynorsk barne- og ungdomslitteratur, i samarbeid med Nynorsksenteret, fylkesbibliotek og Samlaget.

Saman med Norsk Målungdom og Noregs Mållag kåra me verdas beste nynorskblogg; bloggen Utetid.net.

Økonomi

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 200.000 kroner og gratis kontorlokale i 2015 – medan Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 400.000 kroner direkte til Framtida.no. Pirion og Magasinett har òg støtta Framtida.no.

I 2015 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 450.000 i kompensasjon for dette. Me har òg fått ansvar for drifta av Pirion.no.

Me har òg fått støtte frå Fritt Ord til klimaprosjekta våre og frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til valprosjektet vårt. Vinjefondet støtta forskingsjournalisten vår frå slutten av 2015 og har gjeve tilsegn om støtte for 2016 og 2017. Når ein aukande del av finanseringa vår er prosjektstøtte, er me veldig glade for at støtta er over fleire år.

Framtida.no har òg fått kompensert for arbeidet med debattprosjektet Me snakkast for åtte bibliotek i Sunnhordland.

LES MEIR:Klar til debatt

Elles har me auka inntektene frå annonser i 2015, og budsjetterer med auka inntekter i 2016. Framtida.no har òg auka inntektene frå aviser som me har levert stoff til. Me utfører også marknadsundersøkingar og anna konsulentarbeid for nokre lokalaviser, og me hatt nokre inntekter for leiing av debattar og bokbad. Oslo Nye Sparebanks Fond støtta utviklingsarbeid på Lærarrommet.

Abonnement

I 2015 er det endå fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har òg gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker, siste bokmeldingar og bokquizar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har minst 11 bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine.

Les meir om dette og korleis du klikkar deg til meir nynorsk her!

Framtida.no har òg eit nyhendebrev for boknytt.Meld deg på her!

Planar for 2016

I haust gjekk me gjennom strategien vår, og slo fast at alle saker skal ha interesse for ungdom – det er ikkje nok at sakene berre handlar om ungdom. Me skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Og me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning.

Me vil halda fram med å invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med. Me vil òg satsa meir på forskingsformidling.

Framtida.no vil òg skifta publiseringssystem, og koma med ny design på nettsidene våre som viser fram meir av innhaldet vårt og som fungerer endå betre på mobil. I løpet av 2015 har trafikken på mobil auka med over 50 prosent samanlikna med året før, og me planlegg å halda fram denne auken.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid. Målet er å vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2014 her!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2013 her!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2012 her!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2011 her!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med Svein Olav Langåker på epost eller del tankane dine i kommentarfeltet under!