Framtida
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

År 2020 har vore ganske håplaust. Koronapandemien herjar, rasismen lever i beste velgåande og Amazonas brenn. Derfor treng me meir håp. Saman med den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu og Magasinett lyser Framtida.no ut skrivekonkurranse om håp.

Vel mellom desse oppgåvene:

1.

Skriv ein reflekterande tekst der du skriv om kor viktig håp er. Kva gjev deg håp? Og kva er håpet ditt for framtida?

2.

Skriv ein tekst om ei sak du brenn for. Kva håpar du skal skje med Noreg, Europa eller verda i framtida? Og kva må gjerast for å oppnå det du håpar på?

3.

Skriv ein tekst om ein gong eller ei oppleving der håp har vore særleg viktig for deg.

 

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på Framtida.no. Me ser etter tekstar som kan engasjera, og som gjerne er tankevekkande og kan visa fram håp for andre.

Format: Word-fil (pass på å dela som vedlegg, og ikkje som lenkje. Då er det ikkje alltid at me klarar å få opna fila)

Lengde: Maks 600 ord, men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: 3000 kroner. 2. plass: 1000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Aldersgrense: under 20 år

Innleveringsfrist: 12. oktober

Målform: Nynorsk

Send inn som eit Word-dokument-vedlegg til: magasinett @ gmail.com
(Pass på at det er ei tilgjengeleg lenkje til dokumentet og aller helst eit vedlegg)

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

LES OGSÅ: Slik skriv du debattinnlegg!

Og sjå gjerne på skrivetipsa frå forfattar Ingelin Røssland!