Nesten vaksen: Kva er greia med studielån?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.01.2023 16:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du er #nestenvaksen og har starta på draumestudiet, eller noko som kan vera riktig nok. Du har jobba litt i sommar, men må ha studielån for å kunne betale leiga utover hausten. Det er på tide å søkje studielån.

Dette er det meste du treng vete om kva du får og korleis du får det, og korleis du betalar det attende.

Først av alt:

Kor søkjer eg om studielån?

Du søkjer om å få studielån hjå Lånekassen på nettsidene deira.

Lånekassen er eit statleg organ under Kunnskapsdepartementet, som vart oppretta for å sikra at alle har råd til utdanning. Kunnskap til folket!

Der kan du velje om du vil søkje stipend, stipend og eit avgrensa lån eller stipend og maksimalt lån. Det som er greitt å merkje seg er at sjølv stipenda vert i utgangspunktet rekna som eit lån, og berre dersom du fullfører nok studiepoeng/graden din så vert det omgjort til eit stipend og du slepp betale tilbake.

Kor tid kan eg søkja om studielån?

Allereie i mai kan ein søkja studielån, men du må ha skuleplass, ha betalt semesteravgift og registrert deg til eksamen for å få pengane på konto. Du må altså leggje ut frå 600-800 kroner i studieavgift til universitetet eller høgskulen din for å få gullgryta.

Fristen for å søkja studielån er 15. november og 15. mars. Du treng altså ikkje søkja ved studiestart.

Sjølv om du ventar med å søkje til 15. november, så vil du få same totalsummen som studentar som søkjer allereie 12. august. (Jo lenger du ventar, jo større vert første utbetaling.)

Kor mykje får eg utbetalt i månaden?

15. august og 15. januar får du 23 434 kroner for å dekkje pensumbøker og utstyr til studiestart. Dei ti andre månadane får du 8788 kroner.

Du kan òg søkja om studielån tilpassa akkurat kor mange studiepoeng du skal ta, så då får du ein mindre sum utbetalt kvar månad. Her er døme frå Lånekassen på kor mykje du får i løpet av haustsemesteret med ulike studiepoeng:

Kva tid får eg studielånet på konto?

Studielånet kjem den 15. kvar månad, bortsett frå juli då ein har sommarferie.

Kor mykje får eg utbetalt i året?

Skuleåret 2022/2023 får fulltidsstudentar 128 887 kroner i stipend og lån, fordelt over 11 månader.

I tillegg kan du få 104 340 kroner i tilleggslån om du har barn eller er over 30 år. Du kan òg få eit ekstra lån på 69 500 kroner til skulepengar. Det kan vere BI, Høyskolen Kristiania, eller andre private skular som krever skulepengar.

Du kan òg utvida stipend til enkelte internasjonale universitet. Du får stipendet dersom skulen kostar mykje og er på Lånekassen si liste. Heile lista finn du på Lånekassen sine nettsider, men det er typisk prestisjeuniversitet som Harvard, Princeton og ei lang rekkje andre.

I tillegg kan du få reisestipend og språkstipend om du skal studere i utlandet, så lenge det er eit anna undervisningsspråk enn engelsk.

Reisestipend anno 2020:

Skjermdump: Lånekassen

Kor mykje får eg i stipend?

40 prosent av det ordinære studielånet (51 555 kroner) blir gjort om til stipend etter at du har fullført.

I 2019 vart «gradsomgjeringslån» innført. Det inneber at berre 25 prosent vert omgjort til stipend etter fullført år, medan dei siste 15 prosentane vert gjort om til stipend etter fullført grad.

Eg bur heime hjå foreldra mine, kan eg ta studielån?

Ja, men merk deg at du ikkje får omgjort 40 prosent av lånet til stipend om du bur heime. Du må difor belage deg på å betale tilbake alt som lån.

Du kan altså ikkje få både i pose (gratis sjampo og fars fiskekaker) og sekk (stipend).

Kor mange år kan eg få lån?

Du kan få anten fullt eller delvis studielån i åtte år, totalt 16 semester. Merk at det er talet på semester som tel og at du ikkje har rett på fleire semester, sjølv om du berre har søkt om mindre lån undervegs.

Det finst likevel nokre få unntak som kan gjeve deg rett på nokre semester ekstra støtte, som at du har vore sjuk, fått barn, har nedsett funksjonsevne eller tek ei doktorgrad i utlandet.

Kor mykje kan ein tene utan å miste retten til stipend?

Per 2023 er grensa for kor mykje du kan tene i løpet av året som fulltidsstudent 205 579 kroner. Tener du over grensa får du ikkje delar av studielånet som stipend, men heile som lån.

Om du får støtte for mindre enn sju månadar er inntektsgrensa på 513 946 kroner. 

Kva skjer om eg stryk på eksamen?

Aiaiai! Dersom du stryk på eksamen får du ikkje studiepoenga for faget og ingenting av lånet vert omgjort til stipend. Vanlegvis har du tre forsøk på kvar eksamen og kan få innvigla eit fjerde om det er grunn for det.

Dersom du ikkje står og får fullført graden din vert det rekna som avbroten utdanning. Men hugs på at du kan vere forseinka med inntil 60 studiepoeng (vanlegvis eitt studieår) utan å miste retten til støtte. Det er difor aldri for seint å ta eit ekstra fag! Om du berre får med deg 20 studiepoeng eitt semester, så kan du ta 40 poeng det neste.

Kva skjer om eg avbryt utdanninga?

Om du har fullført delar av utdanninga (til dømes eitt år, framfor heile bachelorgrada) får du berre omgjort 25 prosent av lånet til stipend.

Det er viktig å seie ifrå om du avbryt utdanninga, det gjer du via e-post på Dine sider på Lånekassen. Dersom du mottek støtte for utdanning du ikkje fullfører får du ingenting omgjort til stipend, og kan i verste fall miste retten på studiestøtte.

Eg er sjuk, kva gjer eg?

Den er lei, men det finst råd.

Dersom du vert sjukemeldt over ein lenger periode må du seie ifrå til Lånekassen. I ettertid kan du søkja om å gjera om lånet for inntil 4,5 månader til sjukestipend. Då må du levera legeattest til Lånekassen der det kjem fram kva tidsperiode du har vore sjuk i.

Eg er gravid, kva gjer eg?

No har du plutseleg mykje meir enn studiane å tenkja på.

Dersom du skal ha barn undervegs i utdanninga har du rett på foreldrestipend. Det betyr at lån og stipend vert utbetalt som stipend i inntil 49 veker, med fem veker ekstra for kvar ekstra unge.

Merk at du ikkje har rett til foreldrestipend dersom du tek permisjon meir enn tre veker før fødsel, så sant det ikkje kan dokumenterast som sjukdom.

Hjelp, eg skal betale tilbake. Kva gjer eg?

Lånekassen lagar ein automatisk nedbetalingsplan der du vert trekt månedleg i 30(!) år. Om du vil kan du sjølv velja å betala ned på kortare tid, noko som gjer at du må betale mindre i renter.

Første rekning med renter og avdrag kjem omlag sju månader etter avslutta utdanning. Om du ikkje kan betala rekninga kan du søkja Lånekassen om betalingsutsetjing 36 gongar, utan å oppgje grunn. På grunn av korona er dette talet utvida i ein periode.

Heile studielånet skal vere tilbakebetalt før du er 60 år, men dersom du vert varig ufør kan du få sletta heile eller delar av gjelda. Døyr du vert gjelda sletta.

Kva er greia med rentene?

Summen du betalar kvar månad er ikkje berre styrt av kor mykje lån du har, men òg av renta. For det er ikkje gratis å låne pengar sjølv av Lånekassen.

Du kan ha anten flytande rente, slik at satsen (og summen du betalar) vert justert annan kvar månad, eller du kan velje å binde renta di. Då betalar du den same summen kvar månad, og du kan binde renta i tre år, fem år eller ti år av gangen.

Du kan søkje om å binde renta di annankvar månad, og i eit gitt tidsvindauge.

Dersom du har inngått ei fastrente-avtale og angrar, så kan du bryte avtala, men dersom Lånekassen tapar renteinntekter på det, så kan dei kreve at du betalar dette. Dette gjeld òg dersom du har fastrente-avtale, men finn ut at du vil studere meir.

Korleis kan eg få sletta studiegjeld?

Skal du flytte nordover for økonomien sin del? Eller er det andre høve til å få sletta gjelda?

Du kan få sletta 20 prosent av studiegjelda (inntil 30.000 årleg) dersom du både bur, jobbar og skattar i Finnmark eller nokre kommunar i Troms. Kommunane i Troms som gjev denne fordelen er Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy.

Dersom du har fullført grunnskulelærar- eller lektorutdanning i Nord-Noreg og jobbar som lærar i minst tre av dei seks første åra etterpå som lærar kan du få sletta inntil 55.000 kroner av gjelda.

I tillegg kan du få sletta 50.000 kroner av gjelda om du har fullført lærarutdanningar innan realfag, fremandspråk, samisk eller kvensk. Du kan òg få sletta 50.000 av lånet dersom du har gjennomfører PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) og i tillegg har ingeniørutdanning, master i realfag eller framandspråk.

Har du studert grunnskulelærar 1.-7. trinn og jobbar tre av dei seks første åra etter utdanninga di kan du få sletta 106 000 kroner av gjelda, medan lærarar som har studert 5.-10. trinn eller lektorutdanning 8.-13. trinn kan få sletta 51 000 kroner.

Kor mykje studielån bør eg ta?

Du har sikkert høyrt det, at studielån er eit gunstig lån, fordi renta er låg og det er mogleg å få sletta det om du vert ufør.

Det ein likevel skal tenkje på er at det er eit lån, som skal betalast tilbake, og det tel på den totale gjeldsgrada di når du til dømes skal søkja bustadlån.


Er det noko du ikkje forstår i vaksenlivet og treng forklart? Tips oss på
tips(a)framtida.no, så kan det dukke opp i Nesten vaksen!