Redaksjonell rapport for 2017

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av 2017 har over 825.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein auke på 350.000 samanlikna med i 2016 – og ny rekord med klar margin.

Talet på daglege og vekentlege brukarar auka også i 2016. I snitt var rett over 20.000 brukarar innom Framtida.no kvar veke i 2017, ein auke på nesten 8000 frå året før.

Me har hatt tre saker som har sett nye rekordar: Først Dangfart Tønnessen: – Gamle menneske slepp unna med alt, så Det er godt å snakke om Are og når me trudde det ville bli lenge til neste rekord så blei Islandsk fotgjengarfelt går verda rundt ein viral hit. Historia om det islandske fotgjengarfeltet er lese over 155.000 gonger – det er rekord med klar margin. I oktober var saka den nest mest delte saka i sosiale medium i heile Noreg, ifølgje Storyboard.

I løpet av 2017 har trafikken på mobil auka med over 105 prosent fleire økter samanlikna med året før.

Framtida.no skifta publiseringssystem og design i juni – og no er sidene våre betre tilpassa mobil og betre optimalisert for søkemotorar. Trafikken frå søkemotorar er auka med over 50 prosent, og trafikken frå sosiale medium har gått opp med 85 prosent. Det er også gledeleg å sjå at direktetrafikken går opp med over 75 prosent – og at framsida vår blir oftare brukt. Det er eit teikn på fleire lesarar som kjem tilbake til oss. I snitt brukte lesarane våre to minuttar og ni sekund per side, 14 sekund meir enn året før. Med over 1,5 millionar sidevisingar, blir dette 2353 døgn med samanhengande lesing. Talet på sidevisingar gjekk opp med 48 prosent.

I haust gjennomførte me ei lesarundersøking. Den viste at 74 prosent av lesarane våre gir Framtida.no karakteren 5 eller 6 – av 6 moglege poeng. Dette er svært gode tal samanlikna med mange andre aviser.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære sakene i 2016

Meir eigenprodusert stoff
I 2017 har Framtida.no hatt ein redaksjon på knapt fire årsverk, i tillegg fekk me to tilsette som jobbar med Framtidajunior.no i haust. Andrea Rygg Nøttveit og Svein Olav B. Langåker er fast tilsette. Andrea har eitt års permisjon frå juni. Runar B. Mæland og Åsmund H. Eikenes jobba som forskingsjournalistar fram til høvesvis mai og juni. Runar B. Mæland heldt fram med å jobba med Magasinett resten av året. Ragnhild Sofie Selstø jobba byrja om sommaren og jobba ut året. Janne Nerheim og Christian Wiik Gjerde byrja ved slutten av august å jobba med Framtidajunior.no. Arnt Olav Foseide har vore i praksis hos oss. Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord.

Fleire frilansarar, kommentatorar, bokmeldarar og andre skribentar har skrive for oss gjennom heile året. Martin Årseth var sommarvikar. Elise Løvereide har vore tilsett i Magasinett, og vore ein del av Framtida.no-redaksjonen med base i Bergen.

I løpet av 2017 har Framtida.no publisert vel 2000 artiklar, knapt 100 færre enn året før. Sidan september 2010 har me publisert over 15100 artiklar.

Ein aukande del av artiklane våre er eigenproduserte. Me har òg hatt ein auke i debatt- og kommentarartiklar. Meiningsstoffet er eit satsingsområde for oss. Dette blir òg mykje lese.

Framtida.no-redaksjonen første halvår: Frå venstre: Svein Olav B. Langåker, Andrea Rygg Nøttveit, Runar B. Mæland og Åsmund H. Eikenes.

Journalistikk som blir lagt merke til
I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert 224 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Det er ny rekord.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 339 gonger i 2017. Det er ny rekord.

ABC Nyheter har brukt 57 saker frå Framtida.no, ein liten nedgang frå fjoråret.

Alle dei store riksavisene har sitert fleire saker frå oss. Saka om at rett under 6 av 10 barn kan første verset av «Ja, vi elsker» blei sitert i 70 medium. Saka førte til debattar i alle dei store radiokanalane, og blei også utgangspunkt for fleire artiklar, leiarartiklar og kronikkar i fleire aviser.

Debattprosjekt og arrangement
Til liks med fleire andre medium blir arrangement eit nytt bein å stå på for Framtida.no.

I 2014 og 2015 samarbeidde Framtida.no med åtte bibliotek, seks skular og to ungdomsråd i Sunnhordland om debattprosjektet Me snakkast. Over 450 ungdommar deltok på debattkurs, og kring 1000 deltok på tolv opne debattar. Framtida.no vore med på å arrangera debattkurs for Hardanger Ungdomsråd, og fleire skuleklassar i fleire kommunar. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

Framtida.no har òg bidrege som debattleiar i fleire debattar i samband med stortingsvalet, og me har samarbeidd med Falturiltu om å arrangera Falturiltuseminaret.

Forskingsjournalistikk
Vinjefondet løyvde hausten 2015 støtte til eit engasjement som forskingsjournalist. Våren 2017 jobba Runar B. Mæland og Åsmund H. Eikenes som forskingsjournalistar.

Forskingsjournalistane våre har laga variert forskingsjournalistikk for lesarane våre. Fleire av sakene våre har blitt plukka opp av andre medium, og fleire av sakene er på lista over dei mest lesne sakene våre.

Ny teknologi og etikk – tenkologi
Fritt Ord har støtta denne serien, som forskingsjournalistane våre har jobba mest med. Målet med serien har vore å gi lesarane innsikt i korleis teknologiske nyvinningar utfordrar vante etiske og filosofiske førestillingar.

Me har mellom anna laga fleire saker om korleis kunstig intelligens og robotar kan påverka framtida vår.

Sjå fleire saker i serien vår her!

Prosjekt: Verdsklassikarar på nynorsk

Hausten 2016 byrja me på eit prosjekt der me ønskte å formidla verdsklassikarane på nynorsk til fleire ungdommar. Prosjektet heldt fram utover 2017. Mellom anna arrangerte me ein samtale om Frankenstein med omsetjar Øystein Vidnes under Stord skrekkfilmfestival – og me arrangerte ein skrivekonkurranse med Magasinett om kva klassikarane og skjønnlitteratur har å seia for ungdom.

Stortingsvalet 2017: Identitet som konfliktlinje mellom ungdom

Med støtte frå Fritt Ord laga me ein artikkelserie der me har undersøkt kva rolle identitetspolitikk, verdiar og identitet spelar i norsk politikk og for unge veljarar.

Inspirert av deltakande journalistikk, så samarbeidde med ein klasse i sosiologi og sosialantropologi ved Stord vidaregåande skule om å laga ei undersøking av kva førstegongsveljarar spreidd rundt i Noreg meiner om ulike identitets- og verdispørsmål. Ifølgje elevane var det så kjekt og interessant å vera med, at dei håpte alle elevar fekk vera med på eit slik prosjekt ved kvar skulestart.

Artiklane er samla her!

Ung kritikk

Kulturrådet har støtta eit prosjekt der me utforskar nye måtar å driva kunst- og kulturkritikk saman med barn og ungdom. Me har kursa elevar frå 4. trinn i barneskulen, til tredjeklassingar på vidaregåande i å skriva litteratur- og kulturkritikk. Godt grunngjevne og godt skrivne kritikkar har blitt publisert på Framtida.no og Framtidajunior.no. Prosjektet vil halda fram gjennom vinteren 2018.

Frå lanseringa av Framtida junior på Sagvåg skule.

Framtidajunior.no og Framtida junior

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida.no-redaksjonen har arbeidd gjennom året med det nynorske digitalløftet for barn, Framtidajunior.no. Nettstaden fekk førpremiere på forskingsdagane på Høgskulen på Vestlandet på Stord 26. september, og blei offisielt opna 17. oktober. To journalistar jobbar dedikert med denne nettstaden. Både Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet, ABC Startsiden, Samlaget, Sparebanken Vest og LNK har støtta prosjekteringa og oppstarten av Framtidajunior.no. Me har òg samarbeid med Nynorsksenteret om å få utarbeidd eit pedagogisk opplegg knyta til nettsidene.

Me arbeider enno med å få til fullfinansering av drifta av Framtidajunior.no i 2018.

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden starta me opp papiravisa Framtida junior i november. Førsteutgåva blei sendt ut i eit førsteopplag på 57.000 aviser som lokalavisene sendte ut til eigne abonnentar. Avisa kjem kvar 14. dag til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og nesten halvparten av innhaldet til papiravisa.

Fleire bilbiotek har lagt ein straum med dei siste bokmeldingane frå Framtida.no.

Gode samarbeidspartnarar
I 2017 har Framtida.no fått fleire nye samarbeidspartnarar. Mellom anna har endå fleire bibliotek byrja å leggja ut bokmeldingar og anna litteraturstoff frå Framtida.no på sidene sine – og Studentradioen i Bergen om å visa fram ein podcast om språk.

Me har samarbeidd med Stord skrekkfilmfestival om ein skrekkfilmkonkurranse for ungdom. Me har heldt fram samarbeidet om seminar for lærarar og bibliotekar på HSH under den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Framtida.no samarbeider framleis med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest, Peikestokken og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira. Bruken av stoff frå samarbeidsavisene har gått ned gjennom dei siste åra.

Fleire aviser har vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Med Magasinett har me samarbeidd om tre skrivekonkurransar i løpet av 2017. Ein skrivekonkurranse om framtida til nyhende og media, ein om kva klassikarane og skjønnlitteraturen kan gi oss og ein om språk og demokrati.

LES MEIR: «Dataspel – Ikkje så dumt som ein skulle tru»

Økonomi
ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 200.000 kroner og gratis kontorlokale i 2016 – medan Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 400.000 kroner direkte til Framtida.no. 200.000 av desse kjem frå støtte som LNK får frå Fagforbundet. Pirion og Magasinett har òg støtta Framtida.no.

I 2016 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 450.000 i kompensasjon for dette. Me har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett. Fram til sommaren hadde Framtida.no-redaksjonen ansvaret for den redaksjonelle drifta av Norsk Tidend, og fekk kompensert for dette.

Norsk Kulturråd har støtta serien vår om verdsklassikarar på nynorsk, gjeve oss tidsskriftstøtte og støtta prosjekt Ung kritikk. Fritt Ord støtta serien om ny teknologi og etikk og prosjektet identitet som konfliktlinje mellom unge i stortingsvalet.

Vinjefondet har vore ein svært viktig støttespelar gjennom støtta til forskingsjournalistane frå november 2015 og ut mai 2017.

Me har òg hatt ein del inntekter frå sal av artiklar til aviser, debattkurs, leiing av debattar og bokbad.

Framtida.no hadde òg prosjektansvaret med å arrangera landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Ulsteinvik i juni, og fekk kompensert for dette.

Abonnement
I 2017 er det fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har òg gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker og siste bokmeldingar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har minst 21 bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine.

Les meir om dette og korleis du klikkar deg til meir nynorsk her!

Framtida.no har òg eit nyhendebrev for boknytt. Meld deg på her!

Planar for 2018
Me skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning òg.

Me vil halda fram med å invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med.

Framtida.no vil òg vera med på å utvikla Framtidajunior.no vidare.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid. Me vil også arbeida for å bli endå meir brukt i skulen.

Målet vårt er å vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med redaktør Svein Olav Langåker på epost!