Redaksjonell rapport for 2018

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt i 2018 har 650.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein nedgang på 175.000 frå rekordåret 2017. Men i fjor stod to saker for 230.000 brukarar åleine. Sett vekk frå desse to virale sakene i 2017, har Framtida.no opplevd ein auke i brukartalet.

I snitt var 17.000 brukarar innom Framtida.no kvar veke i 2018. Kvar månad har 60-90.000 brukarar vore innom nettstaden.

Tidsbruken på Framtida.no per brukarøkt har i snitt auka med 30 prosent i 2018 samanlikna med 2017. Det gjev rekord i tidsbruk på nettstaden.

Trafikken frå Facebook har gått ned etter dei la om algoritmane sine i januar 2018, og det har difor ikkje vore så mange toppar som året før. Trafikken frå læringsplattformar som It´s learning, Fronter og Google Classroom har mangedobla seg. Det viser at Framtida.no blir mykje brukt i skulen.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære sakene i 2018

Meir journalistikk frå heile landet

I 2018 har Framtida.no hatt ein redaksjon på knapt fire årsverk. Andrea Rygg Nøttveit og Svein Olav B. Langåker er fast tilsette. Andrea kom tilbake i august etter eitt års permisjon. Då starta også Bente Kjøllesdal. Beate Haugtrø byrja først som praktikant frå Nynorsk Avissenter i januar og februar, og fekk etter dette jobb for Framtida.no.

Ragnhild Sofie Selstø avslutta i Framtida.no i mars etter å ha laga reportasjeserien Jordbær-republikken (sjå lenger nede).

Frode Grimelid jobba for Framtida.no frå mars til og med mai. Eirik Tangeraas Lygre, Astrid Underlid, Isak Slettebø, Synne Grimen Hammervoll, Snorre Sandemose har vore sommarvikarar. Fleire har frilansa frå fleire stader i Noreg elles i året. Redaksjonen har òg reist på fleire reportasjeturar, noko som har hjelpt oss med å få journalistikk frå fleire stader i landet.

Janne Nerheim og Christian Wiik Gjerde har gjennom heile året jobba med Framtidajunior.no. Kathrine Nygård har vore inne i eit kortare vikariat.

Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord.

I løpet av 2018 har Framtida.no publisert 1950 artiklar, kring 100 færre enn året før. Dette skuldast at redaksjonen har prioritert å laga fleire lengre artiklar, intervju og reportasjar. Dette viser òg igjen i at lesarane bruker lengre tid per brukarøkt enn tidlegare.

Sidan september 2010 har Framtida.no og Magasinett publisert over 17300 artiklar. På nyåret i 2018 vart resten av arkivet til Magasinett inkludert i desse tala.

Journalistikk som blir lagt merke til

I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert 182 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 252 gonger i 2018.

ABC Nyheter har brukt 76 saker frå Framtida.no, noko som er ny rekord. Framtida.no har òg hatt rekordmange saker på SOL.no, og dei fleste riksavisene har sitert fleire saker frå oss.

Sakene til Framtida.no om song på veg ut av skulen (i 2017) fekk heiderleg omtale i kåringa av dei beste nyheitssakene i Haugesund journalistlag på Vinterkonferansen 2018. Og i mars fekk Framtida.no Målprisen av Hordaland Mållag.

Fotograf Amanda O. Berg (til venstre) og journalist Ragnhild Sofie Selstø skal til Taipei for å skriva om den såkalla jordbærgenerasjonen i Taiwan.

Fotograf Amanda O. Berg (til venstre) og journalist Ragnhild Sofie Selstø var i Taipei for å rapportera om den såkalla jordbærgenerasjonen i Taiwan. Foto: Andrew Haimerl/privat

Jordbær-republikken

Journalist Ragnhild Sofie Selstø frå Framtida.no og fotograf Amanda O. Berg frå Universitas var frå 20. januar eit par veker i Taipei for å jobbe med prosjektet om den sokalla jordbærgenerasjonen. Uttrykket vert ofte brukt om dagens unge i Taiwan, og spelar på at dei er tynnhuda og manglar politisk engasjement og styrke. Men mykjer tyder på at det ikkje stemmer. Det er mange politiske ungdomsrørsler og utbrytarar. Det er desse historiene me har forsøkt å fortelja. Prosjektet var støtta av Fritt Ord, og du kan lesa artiklane her! Fleire artiklane blei i tillegg presentert i eit bilag til papirutgåva av Universitas og blei òg brukte på ABCNyheter.no.

Debattprosjekt, journalistkurs, bokbad og arrangement

Til liks med fleire andre medium er arrangement eit nytt bein å stå på for Framtida.no.

Framtida.no vore med på å arrangera debattkurs for Hardanger Ungdomsråd og fleire skuleklassar i fleire kommunar. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

Andre tiltak:

  • samarbeid med Falturiltu om å arrangera Falturiltuseminaret
  • kursa ungdommar på Bømlo og Stord i bokbad og bokmeldingar (prosjekt Ung kritikk)
  • vore medarrangør av klimafestival med fleire arrangement på Stord i januar og februar
  • journalistikkurs for kring 1000 elevar frå barneskule til ungdomsskule

Både Sparebanken Vest og Kulturrådet har vore med på å støtta desse kursturnéane. Godt skrivne bokmeldingar og artiklar har blitt publisert på Framtida.no og Framtidajunior.no.

Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker var kursleiar for Hardanger Ungdomsting i mars. Foto: Hardangerrådet

Skrivekonkurransar

Med Magasinett har Framtida.no samarbeidd om tre skrivekonkurransar i løpet av 2018. Ein skrivekonkurranse om framtida til skulen, og ein om song. I desse kom det inn over 300 bidrag.

Den siste skrivekonkurransen var òg i samarbeid med Foreningen les!, og me er glade for at me skal samarbeida med dei om fleire skrivekonkurransar i 2019.

Skrivekonkurransen vår om klima har innleveringsfrist 8. februar.

Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og redaktør Svein Olav B. Langåker i Framtidajunior.no-redaksjonen.

Framtidajunior.no

I 2018 har over 70.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no. Totalt sidan oppstarten 17. oktober 2017 har 88.000 brukarar vore innom nettsidene våre.

I ei spørjeundersøking sendt til nynorske barneskular i januar, sa 26 prosent av lærarane at dei hadde brukt Framtidajunior.no i undervisinga. Nettstaden har sidan då opplevd ein god auke i talet på brukarar, både i skuletida og i fritida.

I september lanserte me lærarsidene til Framtidajunior.no. Her har me samarbeidd med Nynorsksenteret og Pirion om å få utarbeidd eit pedagogisk opplegg knyta til nettsidene.

Me arbeider enno med å få til fullfinansering av drifta av Framtidajunior.no i 2019.

Framtidajunior.no har gjennomført to skrivekonkurransar i 2018. Totalt har det kome inn over 450 tekstar frå barn over heile landet. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no.

Over 900 barneskuleelevar over heile Vestlandet har fått aviskurs. Her er det to klassar ved Garnes skule som har fått aviskurs etter ein elev tok kontakt med redaksjonen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Framtida Junior – papiravis

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden driv me papiravisa Framtida Junior. Avisa kjem kvar 14. dag til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og nesten halvparten av innhaldet til papiravisa.

Talet på abonnentar er aukande, men likevel eit godt stykke frå å finansiera eit fullt journalistisk årsverk. Så langt går mesteparten av inntektene til trykking, distribusjon og grafisk arbeid.

I den nasjonale avisveka sendte me ut over 10.000 utgåver av Framtida Junior til sjetteklassingar over heile landet, i samarbeid med Mediekompasset. Lokale mållag og LNK betalte for dette.

Kjenner du nokon som burde få avisa? Her går det an å bestilla abonnement!

Gode samarbeidspartnarar

I 2017 har Framtida.no fått fleire nye samarbeidspartnarar. Mellom anna har endå fleire bibliotek byrja å leggja ut bokmeldingar og anna litteraturstoff frå Framtida.no på sidene sine.

Me har heldt fram samarbeidet om seminar for lærarar og bibliotekar på HSH under den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Fylkesbiblioteket i Hordaland.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Framtida.no samarbeider framleis med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Peikestokken og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira. Bruken av stoff frå samarbeidsavisene har gått ned gjennom dei siste åra.

Fleire aviser har vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Framtida.no har ansvar for å drifta Magasinett – nettidsskriftet for ungdomsskuleelevar og elevar på vidaregåande.

LES MEIR: «Dataspel – Ikkje så dumt som ein skulle tru»

Økonomi

Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no. Me er svært glade og takknemlege for alle som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 320.000 kroner og gratis kontorlokale i 2018 – medan Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 400.000 kroner direkte til Framtida.no. 200.000 av desse kjem frå støtte som LNK får frå Fagforbundet. Pirion og Magasinett har òg støtta Framtida.no.

Framtidajunior.no har fått 250.000 frå LNK i 2018. Og Framtidajunior.no har blitt støtta av Utdanningsdirektoratet, Magasinett og Sparebanken Vest. Fleire lokale mållag har òg støtta Framtida Junior.

I 2018 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 450.000 i kompensasjon for dette. Framtida.no-redaksjonen har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett.

Norsk Kulturråd har gjeve Framtida.no 100.000 kroner i tidsskriftstøtte og støtta prosjekt Ung kritikk med 65.000 kroner. Fritt Ord støtta serien om jordbær-republikken med 70.000 kroner og klimajournalistikkprosjektet vårt med 200.000.

Framtida.no har òg hatt nokre inntekter frå sal av artiklar til aviser, debattkurs og leiing av debattar.

Ein stor del av inntektene til Framtida.no og Framtidajunior.no er prosjektstøtte, og me vil i 2019 jobba for å få til meir føreseieleg finansiering. Framtidajunior.no er nøydd til å få meir finansiering våren 2019. Viss ikkje står nettstaden i fare for å bli nedlagt. Framtida.no vil få eit redusert tilbod utan ekstra støtte.

Me håpar regjeringa lyttar til fleirtalet i kulturkomiteen når dei legg fram revidert budsjett i mai. I ein merknad frå komiteen i desember heiter det:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener de to barne- og ungdomssatsingene til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er to svært vellykkede og viktige tiltak. Både framtida.no og framtidajunior.no leverer journalistikk som barn og ungdom ikke får tilgang til på nynorsk ellers. Flertallet oppfordrer regjeringen til å se på hvordan man kan sikre at disse satsingene kan videreføres.»

Fleire bilbiotek har lagt ein straum med dei siste bokmeldingane frå Framtida.no.

Spreiing og nyhendebrev

I 2018 er det fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har òg gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker og siste bokmeldingar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har over 30 bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine, og det er berre til å ta kontakt om du ønskjer dette.

Framtida.no har òg eit nyhendebrev for boknytt. Meld deg på her!

Planar for 2019

Framtida.no skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning òg.

Rett etter nyttår startar me eit stort klimajournalistikk-prosjekt i lag med Landslaget for lokalaviser, Energi og klima, ABC Nyheter og fleire lokalaviser. Framtida.no er òg med på å arrangera klimafestival på Stord.

I Bokåret 2019 vil Framtida.no og Framtidajunior.no samarbeida med ei rad andre nynorske institusjonar og andre om å kåra dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene – og ei rad arrangement rundt i Noreg. Me vil halda fram med å invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med.

Framtida.no vil òg følgja lokalvalet tett.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid. Me vil også arbeida for å bli endå meir brukt i skulen.

Framtida.no har to mål: å visa fram og auka engasjementet til ungdom, og vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med redaktør Svein Olav Langåker på epost!