Framtida
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel éi av dei tre oppgåvene og skriv ein reflekterande tekst:

1. Heime
Skriv ei tekst der du reflekterer over plassen/plassane du kallar heime. Kva kjenneteiknar staden og personar som kjem derifrå? Korleis har heimstaden/heimstadane dine forma kven du er. Kva skal til for at du kjenner deg heime? Trur du at du hadde vore ein annan om du vaks opp ein annan stad?

2. Språket mitt
Brukar du slang? Har du ei dialekt? Samanlikn språket ditt med andre. Kva ord eller uttrykk bruker du, som skil deg frå andre? Kven forstår deg og kven forstår deg ikkje? Kva seier dialekta eller sosiolekta di om deg?

3. Kor kjem du eigentleg frå?
Dette spørsmålet kan opplevast som vanskeleg for nokon, medan andre meiner det er heilt uproblematisk. Har du opplevd å få spørsmålet, eller plar du spørja andre om det? Korleis opplever du spørsmålet? Kvifor kan det vera vanskeleg? Eller: Kvifor er det uproblematisk?

Format: Word-fil
Lengde: Maks 600 ord, men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 20 år
Innleveringsfrist: 26. mars
Målform: Nynorsk

OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

Send teksta på epost til: magasinett @ gmail.com!