Framtida.no, Magasinett og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune inviterer til skrivekonkurranse om miljø – med 2000 kr i premiepotten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljø er det du finn rett utfor døra di, i strandkanten og på snaufjellet. Miljøet er tett knytt til klima. Ei kjelde til miljøfakta i Noreg finn du på Miljøstatus, som er ein samla portal som Miljødirektoratet har laga for status, tiltak og påverknad på miljøet i Noreg. Her dekker dei eit vidt spekter av tema med tal og statistikk som både tek tak i miljø og klima.

Visste du til dømes at heile 90 prosent av Noregs befolkning går på tur? Kvifor trur du det kan vere ein viktig aktivitet for mange nordmenn?

Og kva har det å seia at me i Noreg har 2355 trua dyreartar? Har det noko å seie for oss menneske? Kva bør me gjera for å hindra utryddinga av artar?

Vel mellom éi av desse oppgåvene:

1. Skjulte miljøutfordringar
Skriv om ei miljøutfordring som du meiner er viktig å snakka meir om. Bruk gjerne Miljøstatus for å finne faktagrunnlag. Skriv ein argumenterande tekst om kvifor dette er viktig og kom gjerne med forslag til løysingar på utfordringa.

2. Koronakrisa vs klimakrisa
Koronapandemien har vore katastrofal for mange og snudd opp ned på kvardagen til folk her i Noreg og heile verda, men har òg medført at klimagassutsleppa har gått ned. Skriv ein reflekterande tekst der du ser på effektane av Covid-19 på samfunnet og samanliknar med klimasaka.

3. Skjønnlitterær tekst om miljø
Skriv ein skjønnlitterær tekst, dikt, teikneserie eller samansett tekst med tema miljø. Det kan handle om stoda i dag eller korleis verda ser ut i framtida om ikkje noko blir gjort med miljøutfordringane våre.

Aldersgrense: Under 21 år
Innleveringsfrist: 12. juni 2020
Format: Word-fil
Lengde: Maks 600 ord, men gjerne kortare!
Målform: Nynorsk
Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Send inn til magasinett(a)gmail.com 

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

LES OGSÅ: Her får du 8 skrivetips for å skriva betre frå forfattar Ingelin Røssland

Ingelin Røssland

Forfattar Ingelin Røssland har jobba som journalist i NRK, programleiar i Newton og har skrive over 15 bøker. No deler ho sine beste skrivetips på Framtida.no.