Redaksjonell rapport for 2019

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt i 2019 har over 960.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein oppgang på 135.000 frå rekordåret 2017.

I snitt var over 24.000 brukarar innom Framtida.no kvar veke i 2019. Kvar månad har 60-120.000 brukarar vore innom nettstaden.

Trafikken frå læringsplattformar som It´s learning, Fronter og Google Classroom held fram med å auka, og har mangedobla seg sidan 2017. Det viser at Framtida.no blir mykje brukt i skulen.

LES OGSÅ: Dette er dei mest lesne sakene til Framtida.no i 2019

Satsing på kvalitetsjournalistikk og sosiale medium

I løpet av 2019 har Framtida.no publisert 1600 artiklar, kring 300 færre enn året før. Dette har vore ei medviten satsing på å laga meir kvalitetsjournalistikk som krev meir arbeid. Redaksjonen har brukt meir tid på klimaprosjektet vårt, og meir tid på laga fleire lengre artiklar, intervju og reportasjar.

Sidan september 2010 har Framtida.no og Magasinett publisert over 18900 artiklar. På nyåret i 2018 vart resten av arkivet til Magasinett inkludert i desse tala.

Frå i haust har me satsa meir målretta på Instagram med Instagram stories.

Ved årsskiftet følgde 6374 oss på Facebook – ein oppgang på 613 i løpet av året. På Instagram er det no 1521 som følgjer oss. På Twitter har me 2950 følgjarar.

I 2019 har Framtida.no hatt ein redaksjon på knapt fire årsverk. Andrea Rygg Nøttveit, Svein Olav B. Langåker og Bente Kjøllesdal har jobba gjennom heile året. I august byrja Ingvild Eide Leirfall som journalist for Framtida.no og Magasinett. I januar og februar jobba òg Beate Haugtrø og praksisjournalistane Ida Johanne Aadland og Janne Merete Bøyum.

Eirik Tangeraas Lygre og Emilie Hansen har vore sommarvikarar. Fleire har frilansa frå fleire stader i Noreg elles i året. Me har òg vore på fleire reportasjeturar, noko som har hjelpt oss med å få journalistikk frå fleire stader i landet.

Janne Nerheim og Christian Wiik Gjerde har gjennom heile året jobba med Framtidajunior.no.

Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord.

Journalistikk som blir lagt merke til

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 428 gongar. Det er ein auke på 176 sidan 2018.

ABC Nyheter har brukt 83 saker frå Framtida.no, noko som er ny rekord. Framtida.no har òg hatt rekordmange saker på SOL.no, og dei fleste riksavisene har sitert fleire saker frå oss.

Klimaprosjektet, kåringane av dei beste barne- og ungdomsbøkene på nynorsk og sakene våre om song i skulen er dei som har blitt sitert flest gonger.

Magnus, Mari, Lisa og Magnus var klare motstandarar av planane om fjerning av song i skulen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

I mai fekk Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker den første Folk i sentrum-prisen til Stord Næringsråd for å engasjera og informera born og unge i viktige samfunnsspørsmål.

Klimajournalistikkprosjekt

Me vil med dette takka Fritt Ord for støtta me har fått til prosjekta «Klimajournalistikk for heile landet» og «Klimajournalistikk som set dagsorden i lokalvalet». Framtida.no har samarbeidd med Energi og Klima, ABC Nyheter, Landslaget for lokalaviser (LLA) og medlemsavisene i LLA om prosjekta. Hovudmålet med prosjektet har vore å laga kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar og set dette på dagsordenen før lokalvalet 2019.

Me har publisert 211 klimaartiklar i prosjektperioden og laga artikkelseriar om lokal klimarisiko, lokale klimaløysingar og ein artikkelserie om klima og klimatilpassing i lokalvalet. 69 artiklar er sitert eller publisert i andre aviser.

Skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

I vinter spurde me rådmenn i alle kommunar om klimatiltak og klimamål i kommunane. 200 svara. Resultata viser at det er store forskjellar i klimamål og klimatiltak frå kommune til kommune.

Me har òg skrive om resultata frå ei stor undersøking som me sende ut til alle førstekandidatane på kommunevallistene. 900 førstekandidatar svara. Undersøkinga viser at det er store forskjellar mellom kommunane, mellom partia og frå lokallag til lokallag. Det gjeld både ambisjonar for kutt og i måten listekandidatane ønskjer å kutta. Undersøkinga vil også vera interessant å følgja opp seinare for å sjå om politikarane held lovnadene sine.

Me har òg bidratt med tips, kurs og gravehjelp til lokalavisene og laga til fire debattar og debattkurs saman med ungdom og seks opne arrangement.

Bokåret 2019

Framtida.no har leia eit større samarbeidsprosjekt for å skapa merksemd og interesse for den nynorske barne- og ungdomslitteraturen i Bokåret 2019. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket og har vore delt i to hovuddelar.

Som ein del av prosjektet har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000 for å visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar. Ein jury har kåra dei ti beste barnebøkene, ungdomsbøkene, bildebøkene og faktabøkene for barn og unge som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag.

Barn og unge over heile landet har kome med forslag til kva som er dei beste nynorske barnebøkene. Foto: Svein Olav B. Langåker

Debattprosjekt, journalistkurs, bokbad og arrangement

Til liks med fleire andre medium er arrangement eit nytt bein å stå på for Framtida.no.

Framtida.no vore med på å arrangera debattkurs for skuleklassar i fleire kommunar. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

Andre tiltak:

  • samarbeid med Falturiltu om å arrangera Falturiltuseminaret
  • kursa kring 200 ungdommar på Fitjar og Stord i bokbad og debatt
  • vore medarrangør av Berekraftvekene med fleire arrangement på Stord i januar og februar
  • kurs/føredrag om klimajournalistikk på landstinget til Landslaget for lokalaviser, på årskonferansen til Møre og Romsdal Journalistlag og fleire skuleklassar.
  • innleiingar på fleire lærarkonferansar: både i regi av Høgskolen i Innlandet, Mediebedriftene og Foreningen !les.
  • samarbeid om Pecha Kucha-arrangement på Stord om ungdom si fritid
  • ansvaret for programarbeidet til landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Skrivekonkurransar

Med Magasinett har Framtida.no samarbeidd om tre skrivekonkurransar i løpet av 2019. Ein skrivekonkurranse om klima, ein om «rommet mitt» og ein skrivekonkurranse der ungdom kunne velja mellom å skriva om «å gi tid» eller å skriva eit ope brev til ordføraren. I desse kom det inn godt over 500 bidrag – noko som er ny rekord.

Skrivekonkurransen om «rommet mitt» var i samarbeid med Foreningen !les.

Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker i Framtidajunior.no-redaksjonen.

Framtidajunior.no

I 2019 har over 88.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no – ein oppgang på 23 prosent sidan 2018. Totalt sidan oppstarten 17. oktober 2017 har over 160.000 brukarar vore innom nettsidene våre.

Framtidajunior.no blir mykje brukt i skulen, men me er òg glade for at trafikken aukar i helgane. Det kan tyda på å Framtidajunior.no også blir brukt meir i fritida.

Framtidajunior.no har gjennomført fire skrivekonkurransar i 2019. Totalt har det kome inn over 950 tekstar frå barn over heile landet. Det er meir enn ei dobling frå 2018. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no.

I 2019 har me publisert 899 artiklar på Framtidajunior.no og 58 kvissar. Sidan starten 17. oktober 2017 er det publisert 1975 artiklar og 108 kvissar.

Framtida Junior – papiravis

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden driv me papiravisa Framtida Junior. Avisa kjem kvar 14. dag til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida Junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og nesten halvparten av innhaldet til papiravisa.

Talet på abonnentar er stabilt, men likevel eit godt stykke frå å finansiera eit fullt journalistisk årsverk. Så langt går mesteparten av inntektene til trykking, distribusjon og grafisk arbeid.

I den nasjonale avisveka sende me ut 12.000 utgåver av Framtida Junior til sjetteklassingar over heile landet, i samarbeid med Mediekompasset.

I 2020 vil me opna for å samarbeida med fleire aviser om å gi ut Framtida Junior på papir og me vil forsterka abonnementsarbeidet.

Kjenner du nokon som burde få avisa? Her går det an å bestilla abonnement!

Gode samarbeidspartnarar

I 2019 har Framtida.no fått fleire nye samarbeidspartnarar. Mellom anna har endå fleire bibliotek byrja å leggja ut bokmeldingar og anna litteraturstoff frå Framtida.no på sidene sine.

Me har halde fram samarbeidet om seminar for lærarar og bibliotekar på Høgskulen på Vestlandet på Stord under den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Framtida.no har framleis samarbeidsavtalar med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira. Bruken av stoff frå samarbeidsavisene har gått ned gjennom dei siste åra i tråd med betalingsmur/plussabonnement på sakene deira.

Fleire aviser har valt å leggja ut ein nyhendeboks med Framtida-saker på sidene sine, slik at lesarane deira kan få dei siste sakene frå Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Framtida.no har ansvar for å drifta Magasinett – nettidsskriftet for ungdomsskuleelevar og elevar på vidaregåande.

LES MEIR: «Dataspel – Ikkje så dumt som ein skulle tru»

Økonomi

Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no. Me er svært glade for at fleirtalet på Stortinget sikra ei støtte på 1,2 millionar kroner til Framtida.no og Framtidajunior.no ved behandlinga av revidert budsjett – og minst like glade for at støtta held fram i 2020 etter å ha kome inn i statsbudsjettet. I ein merknad frå kulturkomiteen i desember 2018 heiter det:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener de to barne- og ungdomssatsingene til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er to svært vellykkede og viktige tiltak. Både framtida.no og framtidajunior.no leverer journalistikk som barn og ungdom ikke får tilgang til på nynorsk ellers. Flertallet oppfordrer regjeringen til å se på hvordan man kan sikre at disse satsingene kan videreføres.»

Me er svært glade og takknemlege for alle andre som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 320.000 kroner og gratis kontorlokale i 2019.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 350.000 kroner direkte til Framtida.no.

Framtidajunior.no har fått 200.000 frå LNK i 2019. Og Framtidajunior.no har blitt støtta av Utdanningsdirektoratet, Magasinett og Sparebanken Vest.

I 2019 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 350.000 i kompensasjon for dette. Framtida.no-redaksjonen har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett.

Norsk Kulturråd har gjeve Framtida.no 150.000 kroner i tidsskriftstøtte.

Fritt Ord støtta klimajournalistikkprosjekta våre med til saman 450.000 kroner.

Framtida.no har òg hatt nokre inntekter frå sal av bilde og artiklar til aviser, debattkurs og leiing av debattar og bokbad.

Spreiing og nyhendebrev

I 2019 er det framleis fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker og siste bokmeldingar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har over 30 bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine, og det er berre til å ta kontakt om du ønskjer dette.

Framtida.no har òg eit nyhendebrev for boknytt. Meld deg på her!

Planar for 2020

Framtida.no skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning òg.

Framtida.no vil laga fleire artikkelseriar, mellom anna ein portrettserie om ungdom og identitet.

1. september er det 10 år sidan Framtida.no starta. Me har planar om å markera jubileet med fleire arrangement gjennom året, og inviterer til samarbeid om å skapa debattar, samtalar og andre arrangement fleire stader i Noreg.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid. Me vil også arbeida for å bli endå meir brukt i skulen.

Framtida.no har to mål: å visa fram og auka engasjementet til ungdom, og vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med redaktør Svein Olav Langåker på epost!