Framtida: Årsrapport 2024 og 2023

2023 og 2024 har Framtida.no fått inn ei mengd gode debattinnlegg via debattportalen vår for unge. Ei av sakene Framtida.no skreiv vart teke opp på Stortinget.

Framtida
Publisert
Oppdatert 17.02.2025 15:02

Framtida.no er ei nynorsk nyhende- og debattavis på nett for unge i alderen 14–25 år.

Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, men er redaksjonelt uavhengig.

Framtida.no dekkjer heile landet, men fokuserer på saker som er viktige for unge, som ungdomsengasjement og politikk, samfunn, klima, miljø og identitet. Målet er å løfta og styrka engasjementet til unge, samstundes som me er eit nynorsk lokomotiv på nett.

Tilsette og praktikantar

For Framtida.no er det viktig å vera ein lærande arbeidsplass, som bidreg til å gje nynorskjournalistar både opplæring og arbeidsmoglegheiter.

Framtida.no har i 2023 og 2024 tre fast tilsette, inkludert redaktør.

Stiftinga Magasinett har ein fast tilsett i 2024 og ein vikar i 40 prosent stilling i 2023 og 2024.

Framtida.no er ein liten redaksjon som har vakse sakte sidan oppstarten i 2010. Framtida.no prioriterer å ha fast tilsette som kan løysa prosjekt internt i organisasjonen. Framtida.no har òg fleire dyktige vikarar og frilansarar, som ofte er nærare målgruppa i alder og bidreg med både nye perspektiv og mangfald i ein liten redaksjon.

Framtida.no har i 2023 og 2024 hatt to praktikantar frå Nynorsk Avissenter, ein frå Oslomet og ein frå Universitetet i Stavanger. Me har òg teke imot elevar som jobbar for Operasjon Dagsverk, og ein vidaregåandeelev i VG2 medieproduksjon i skuggepraksis.

Eit høgdepunkt i 2024 var då Framtida-redaksjonen og Framtida Junior-redaksjonen hadde felles strategisamling på Stord i samband med demokrati- og lovjubileet Moster 2024.

Mangfald og inkludering

Framtida.no har ein inkluderande og mangfaldig redaksjonell profil som òg fører til at me prioriterer ulike perspektiv og erfaringar i tilsetjingsprosessar

Redaksjonsmøte med målgruppa

Ved høve har Framtida.no redaksjonsmøte med målgruppa, der me held føredrag og workshop om ytringsfridom, medieetikk og debatt.

Under Mostratinget for ungdom fekk ungdomsrådsrepresentantar frå heile landet opplæring i korleis media tenkjer og jobbar.

Berekraftsansvar

Framtida.no leiger lokale i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Kjøpesenteret vart Miljøfyrtårnsertifisert i 2023.

Framtida.no sine journalistar reiser kollektivt på oppdrag, og me prioriterer miljøvenlege reiser der det let seg gjera.

Framtida.no er ei heildigital bedrift som satsar på gjenbruk av teknisk utstyr og jobbar med å minska vårt digitale fotavtrykk med å lagra bilete i minst mogleg format på internett. Her har me utfordringar me jobbar med å utbetra.

Artiklar og siteringar

Framtida.no har i 2024 publisert 979 artiklar for målgruppa 14–25 år.

Framtida.no følgjer saker som handlar om nynorsk, opplæring og rettigheiter til utsette grupper ekstra tett. Dette er saker som me har vorte sitert på i andre nyheitsmedium.

I 2023 vart Framtida.no sitert i to NPK-artiklar og ei NTB-sak. NPK-NTB-saka «Aker Solutions forbyr TikTok» vart publisert i minst ni nettaviser, inkludert TV 2 og Dagbladet. Dette bidreg til at Framtida.no når breiare ut.

Andre saker som vart sitert i 2023 er: 

I 2024 vart Framtida.no sitert i to NPK-artiklar: 

Som eit ledd i det å visa fram og styrka engasjementet til unge har Framtida.no eit aktivt fokus på å finna kjelder under 26 år.

I 2023 vart ei sak som Framtida.no løfta gjenstand for debatt på Stortinget. SV-representant Marian Hussein sende skriftleg spørsmål til dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) etter å ha lese artikkelen «Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner».

«I Framtida.no, ei nyhende- og debattavis for unge, kan vi lese om Reidun som vert pålagd å betala ikkje møtt-gebyr, trass i at ho har gitt beskjed om at ho er sjuk. Meiner statsråden det er greitt at helseføretaka trur pasientane lyg for å sleppe gebyr, og når vil vi få ei evaluering av ordninga slik det fleire gongar er blitt lova?»

Framtida.no har òg eit innhaldssamarbeid med ABC Nyheter, som får nytta artiklane våre som er relevante for ei noko eldre målgruppe enn Framtida.no sine lesarar. Dette samarbeidet bidreg til at også nyheitslesarar som ikkje aktivt oppsøkjer nynorsk får tilgang på det. Redaktør i ABC Nyheter har uttala at han er overraska over at lesarane deira ikkje har reagert negativt på målforma.

Topplister for 2023 og 2024

Dei mest lesne sakene frå 2024:

  1. Då eg var 20: Tvillingbroren var den viktigaste personen for Espen Nakstad
  2. Vetle tok over garden då han var 20: – Veit ikkje om eg hadde tort om eg visste alt eg måtte lære (Framtidas arbeidsliv)
  3. Kristin (28) hamna utanfor arbeidslivet på grunn av kvinnesjukdom: – Eg blei sjukemeldt på dagen (Framtidas arbeidsliv)
  4. Olivia (17) var livredd då ho skulle fortelja medelevane om foreldra sitt rusproblem
  5. Regjeringa utset ny husleigelov: – Leigemarknaden er i krise
  6. Yrket mitt: Kamilla (25) vil køyra buss til ho blir pensjonist (Framtidas arbeidsliv)
  7. Då eg var 20: 11. september 2001 vart Anne Rimmen 20 år
  8. Darryl (18) vart utvist frå skulen på grunn av håret
  9. «Alt for Årdal» – ikkje overraska om Årdal opplever befolkningsvekst (Ung kritikk)
  10. Eugene (20) starta nettbutikk for å ha ein jobb å gå til etter vidaregåande (Framtidas arbeidsliv)

Dei mest lesne sakene i 2023:

  1. Denne hunden har ein viktig jobb på verdas største krigsskip
  2. Leiar og nestleiar i Unge Sentrum melder seg ut av partiet – politisk usemje
  3. Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner
  4. Forskar serverte 55 000 år gammalt kjøt i middagsselskap
  5. «I år går eg ikkje i paraden. Eg har fått nok»
  6. Under Lim Yeo-jun (18) sin eksamen stoppa Sør-Korea all flytrafikk
  7. Då eg var 20: Ole Rolfsrud var «emosjonelt relativt ukyssa»
  8. Emma er pilot: – Eg tenkte at eg kom til å bli ein minoritet
  9. 12 planter du kan plukka og ete – heilt gratis
  10. Kristine (26) må betala i dyre dommar for å kome seg heim til jul – droppar heimreisa

Lesartal

Sommaren 2023 gjekk Framtida.no over til Google Analytics 4, som erstatta Universal Analytics. Overgangen var naudsynt på grunn av nye personvernreglar, men har ført til at trafikken før overgangen ikkje vert med på oversikta.

Dette betyr at tala for 2023 berre er frå 20. juni og ut året.

Visningar:
Hausten 2023: 704 265
2024: 1 086 715

Økter:
Hausten 2023: 541 526 økter
2024: 805 262 økter

Aktive brukarar:
Hausten 2023: 395 460
2024: 586 250

 

Debattportal, meiningsinnhald og moderatorrolla

 

Som ein del av Framtida.no sitt arbeid med å løfta og styrka engasjementet til unge, satsar me på å henta inn og presentera debattstoffet vårt på ein god måte. Dette inneber

Redaksjonen rettleiar debattantane både når det kjem til språk og kjeldearbeid, som er vårt bidrag til ein god og sakleg samfunnsdebatt.

Framtida.no oppmodar alle debattantar til å rapportera tilbake til redaktør, om dei har negative opplevingar som følgje av publisering. Me modererer kommentarar på sosiale medium, og har i enkelttilfelle unnlate å publisera innhald på Facebook. Me har òg i enkelttilfelle stengt kommentarfelt.

Me jobbar kontinuerleg med å betra representasjonen blant meiningsytrarane våre. Framtida.no hentar inn meiningsinnlegg frå aktuelle debattantar ved å kontakta dei direkte, eller spørja om republisering eller utviding av innlegg frå sosiale medium. I tillegg får me inn debattinnlegg via tips@framtida.no og debattportalen vår.

Framtida.no lanserte ein ny debattportal, utvikla av Blåis AS i april 2023. I løpet av året fekk me inn 102 debattinnlegg og skrivekonkurransebidrag via portalen.

Framtida.no har publisert 120 meiningsinnlegg frå unge skribentar i 2024. Brorparten av desse er sendt inn via Framtida.no sin debattportal.

Framtida.no får tilbakemeldingar frå unge debattantar om at me opplevest som ein trygg plattform, noko me er svært stolte over.

Skrivekonkurransar

Framtida.no har gjennom Magasinett arrangert seks skrivekonkurransar i 2023 og 2024.

Skrivekonkurransane vert mykje brukt i skulen, både i bokmåls- og nynorskområde.

Her kan de lesa oppgåvene til skrivekonkurransane, og vinnarbidraga.

Prosjekt 2023 og 2024

I 2022 fekk Framtida.no 722 500 kroner i innovasjonsmidlar frå Medietilsynet til prosjektet «Nye måtar å kommunisera med fleire lesarar». Brorparten av prosjektmidlane vart brukt i 2023, då Framtida.no sin nye debattportal og nye nettsider vart lansert.

I tillegg hadde Framtida.no følgjande prosjekt i 2023:

Framtida.no har i 2024 fått støtte av Fritt Ord til tre prosjekt.

Konstruktivt perspektiv – 100 000 NOK
Tidsperiode: Desember 2024-februar 2025
Støtte: 100 000 kroner

Prosjektet er under produksjon av Framtida.no sin faste redaksjon. Prosjektet inkluderer ei spørjeundersøking blant alle landets ungdomsråd, og saker knytt til funna.

Framtidas arbeidsliv – 75 000 NOK
Tidsperiode: Sommaren 2024
Støtte: 100 000 kroner

Sommarvikarane og den faste redaksjonen i Framtida.no har levert 18 artiklar med 24 kjelder under 26 år. Enkeltartiklar er delt med ABC Nyheter og er lese til saman 83 754 gonger på begge plattformer.

Ung kritikk 2024 – 75 000 NOK
Tidsperiode: 2024
Støtte: 100 000 kroner

Fire unge meldarar har levert:

  • 27 film-, serie- og spelmeldingar
  • 5 film-, serie- og spellister
  • 1 kulturkommentar

Ressursbank til bruk i skulen er under utvikling. Satsinga har fått støtte til å halda fram i 2025.

Vegen vidare

I 2025 gler Framtida.no seg over å ha sikra midlar frå Bergesenstiftelsen for å halda på dei unge meldartalenta me har knytt til oss gjennom prosjekta «Ung og kritisk» og «Ung kritikk 2024».

Me ser fram til å halda fram å laga kvalitetsjournalistikk for unge lesarar, særleg fram mot valet i 2025, som me håpar skal bli eit val som i endå større grad enn tidlegare engasjerer unge.