«Alt for Årdal» – ikkje overraska om Årdal opplever befolkningsvekst

Rakeb Berhanu Erana
Publisert
Oppdatert 06.03.2024 12:03

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Meldinga er basert på dei tre første episodane.

Årdal er ei gamal industribygd i indre Sogn. Som mange andre bygder, slit Årdal med fråflytting, men det betyr ikkje at livet i bygda har døydd ut, tvert imot. Dokumentarserien Alt for Årdal tek oss på reise i Årdal, og viser oss kor livleg Årdal er.

Dokumentarserien er regissert av Siri Bråtveit, Torstein Molle Haug og Mattias Høyem for TV 2 og Aspect Film.

Alt for Årdal

  • Sesong: 1
  • Episodar: 15
  • Språk: Norsk
  • Noregspremiere: 26. februar 2024
  • Produksjon: TV 2 og Aspect Film
  • Aldersgrense: Ingen
  • Sjanger: Dokumentarsåpe
  • Speletid: 20 minutt

 

I Alt for Årdal følgjer me herrefotballaget til Årdal som skal gjera comeback etter førre sesongen. Førre sesong jobba herrelaget hardt for å komma til tredje divisjon, men slik enda ikkje sesongen.

Truls Hovland er spelaren dokumentarserien brukar mest til på. Han er ein sjarmerande spelar frå herrelaget, og vil gjera det betre denne sesongen. Samtidig, følgjer me han gjennom kvardagen hans, mens han er på jobb, trening og med venar.

I tillegg til Hovland, blir ein kjent med lagkameratane hans, menneske som jobbar for fotballklubben, og frivillige for laget. Gjennom alle desse årdølane, blir ein godt kjend med Årdal.

Alt for Årdal er ein hjartevarm dokumentarserie. Ein kjenner seg att i kvar einaste person ein møter i serien, og endar opp med å bli glad i dei allereie frå første episode. Truls er ein skikkeleg godkar som bryr seg om folka rundt seg, og lidenskapen hans for fotball skin godt gjennom serien. Det er forfriskande å følgja ein slik normal kar som Hovland, med hans draumar og usikkerheiter. I tillegg er han ærleg og sårbar, noko som gjer dokumentarserien menneskeleg og nær. Det er ikkje berre Hovland som stel hjarta våre, resten av spelarane, spesielt kaptein Tom-Rune Sæle, og dei frivillige gjer det same.

Når ein tenkjer på fotballspelarar, er det lett å gløyma at dei er vanlege menneska med vanlege liv. Alt for Årdal gjer ein utruleg god jobb med å visa dei følsame, jordnære aspekta av spelarane. Til dømes blir Tom-Rune Sæle, kapteinen av fotballaget, presentert slik. Lik som Hovland, er han open og sårbar. Han fortel om draumane, ambisjonane og usikkerheitene sine og me ser han utøva leiarrolla si.

Det er lett å bli glad i Årdal når ein ser på denne serien. Alle ein møter på utanfor fotballaget er jordnære, sjarmerande og gøyale. Dei siste åra, har bygdefolk blitt putta i ein boks – dei blir berre sett på som bønder utan nokon andre nyansar. Dokumentarserien er oppteken av å visa at bygdefolk er like nyanserte, kulturelle og spanande som byfolk. Dette lykkast Alt for Årdal med. Kvar årdøl me møter på i serien er lidenskapeleg og nyansert. Dei er tullete, gøyale og minner om familiemedlemar og venar ein er glad i.

Til å vera ein dokumentarserie, har Alt for Årdal lagt mykje i filmbileta – noko som gjer dokumentarserien meir spennande. Sidan Årdal ligg i hjartet av Sogn, er det ikkje rart at Alt for Årdal er fylt med vakre bilete av fjell, fjord og vakre naturlandskap. Samtidig, får ein sjå utrulege bilete av husa til innbyggjarane, fotballbanar og Årdal sin vakre gater.

Dersom du er ute etter ein kjærleg dokumentarserie om jordnære menneske i små lokalsamfunn, er Alt for Årdal den perfekte serien. Ein blir så lett glad i årdølane i serien, nærmast som dei er familiemedlemar. Ikkje minst, er det gjevande å sjå jordnære menneske jobba hardt for draumane sine. Med tanke på kor godt serien presenterer Årdal, blir eg ikkje overraska om Årdal opplever befolkningsvekst i nærmare tid.