Yrket mitt: Kamilla (25) vil køyra buss til ho blir pensjonist

– Mange trur at bussjåføren ikkje får respekt frå passasjerar eller samfunnet, men det er mange som set pris på den viktige rolla bussjåførar spelar i å halda samfunnet i bevegelse, seier Kamilla Strømmen.

Magnus Rotevatn
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Desember 2022 bestemte eg meg for å sjå etter ei livsendring. Eg tenkte over kva eg likte å gjera og kom fram til at eg likte å sitta bak rattet. Eg fann ut at bussjåføryrket er midt i blinken for meg, fortel Kamilla Strømmen på e-post til Framtida.

Tjuefemåringen frå Askvoll i Sunnfjord er bussjåførlærling hjå Firda Billag. I tillegg har ho ein TikTok-profil der ho viser glimt frå kvardagen bak rattet.

Då tanken om å bli bussjåfør melde seg, tok det ikkje lang tid før ord blei til handling.

– Allereie i januar 2023 fekk eg skuleplass på Os utanfor Bergen for å kunna ta førarkort på buss. På Os gjekk eg på eit seks månaders kurs. Ikkje lenge etter at dette kurset var ferdig, starta eg på jobb som bussjåfør for Firda Billag Buss AS sentralt i Førde by.

Bidrar til samfunnet

Noreg mangla ved inngangen til 2024 rundt over 1300 bussjåførar, ifølgje NHO sitt kompetansebarometer. Til NRK fortel næringspolitisk sjef at 8 av 10 busselskap manglar kvalifisert arbeidskraft, og at dei går mot eit generasjonsskifte.

Strømmen meiner at å køyra buss kan vera ein gjevande jobb for dei som likar å køyra, møta nye menneske og bidra i samfunnet.

– Bussjåføryrket kan passa til mange ulike menneske, men det er nokre eigenskapar og interesser som kan gjera det til ein spesielt god match, som for eksempel å vera ansvarsbevisst, ha godt humør og vera serviceinnstilt, ha tolmod, ha god helse, ha interesse for køyretøy og vera fleksibel.

@bussjenta Drømmejobben🫶🏼🥰 #fyp #følgdrømmen #bussjåfør #busdriver #dreamjob #kvinnebakrattet #jentebakrattepåstorbil #yrkessjåfør #norway #buss #blibussjåfør ♬ vlog, chill out, calm daily life (1370843) – SUNNY HOOD STUDIO


Ho fortel at det beste med jobben er å kjenna på ansvaret overfor både passasjerane og det store køyretøyet. Det er mange som skal bli frakta på ein trygg måte til rett stad og til rett tid.

– Eg får dagleg høyra gode ord om at det er kjekt å sjå slike unge og kvinnelege sjåførar som meg. Eg får mange vink og smil på min veg, og eg vinkar gladeleg tilbake. Eg føler meg veldig viktig og at eg gjer ein fornuftig jobb for samfunnet. Det viktigaste eg gjer som bussjåfør, er å visa folk at dei blir sett.

Vinteren er mest utfordrande

– Arbeidsdagane mine er som regel varierte, sidan eg er lærling og skal bli kjend med ein del ulike ruter. Men det eg stort sett køyrer er Førde – Florø. Då startar eg oftast dagen kl. 06:30 med å køyra til Florø, ofte ein liten pause før eg køyrer tilbake til Førde, eg kjem fram rundt kl. 09:30. Så er det vasking av bussen. Ofte har eg delt skift, noko som inneber 3–4 timar fri midt på dagen. Då startar eg på ofte på jobb igjen mellom kl. 13 og kl. 14 for å køyra noko anna. Dette blir ofte bybuss, då er eg ferdig rundt 18 på kvelden.

Strømmen fortel at dei største utfordringane oppstår om vinteren. Det er til dømes vanskeleg å veta når ein bør bruka kjettingar.

– Det skumlaste eg har opplevd var ein kald og snøfull vintermorgon eg skulle køyra ein stor, lang boggibuss på ein smal veg igjennom eit byggefelt med mykje bakkar. Det stod ei dame og venta på busshaldeplassen på toppen av ein bakke. Eg klarte å komma meg opp denne bakken for å ta i mot passasjeren, men då eg skulle begynna å køyra igjen, kjende eg at bussen berre begynte å skli bakover.

@bussjenta Sånn skjer🙃 #fyp #kjettingføre #bussjåfør #busdriver #bussjenta #kvinnebakrattet #jentebakrattepåstorbil #yrkessjåfør #norway #buss #følgdrømmen #blibussjåfør #dreamjob #vinterinorge ♬ Oh No – Kreepa

Ho fekk til å stoppa bussen. Men då ho prøvde å køyra framover igjen, sklei bussen bakover igjen.

– Eg ringde til vakttelefonen for å få hjelp. Etter ca. 15 minutt kom ein kollega for å hjelpe meg med å setta på ein kjetting. Ruta mi blei forsinka, men dei som sat på kontoret hjelpte meg med å få nokon andre til å køyra mine neste turar.

Mange set pris på bussjåføren

– Eg har eit par gongar stått stand med jobben på yrkesmesser og festivalar der eg har spurt ungdom direkte om dei kunne tenka seg å bli bussjåfør. Som oftast får eg til svar at dei ikkje ønsker det, fordi det ser skummelt ut.

Strømmen trur at mange har misoppfatningar om at lønna til bussjåførane er dårleg.

– Folk samanliknar lønna til bussjåføren med andre yrke som krev høgare utdanningar og spesialiserte ferdigheiter. Lønna er kanskje ikkje like høg som enkelte andre yrke, men den er konkurransedyktig innan transportsektoren.

@bussjenta Gjer som meg og søstra mi. Bli bussjåfør!🙂‍↕️ Btw: Eg har mekka sangen sjølv med hjelp frå MyAI og Suno.com #fyp #bussjenta #blibussjåfør #busdriver #viral ♬ original sound – Kamilla

– Mange trur at bussjåføren ikkje får respekt frå passasjerar eller samfunnet, men det er mange som set pris på den viktige rolla bussjåførar spelar i å halda samfunnet i bevegelse.

Bussjåførlærlingen ser for seg å bli verande i yrket lenge. Ho drøymer om å på sikt bli instruktør eller få ei leiarrolle.

– Eg kjem til å køyra buss til eg sjølv blir pensjonist, og håpar eg kan inspirera andre ungdommar til dette givande yrket!