Sportsankeret tenkte at livet var enkelt og kjente seg udødeleg. Det leia han mellom anna på eventyr på transklubb i Barcelona.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Den aller viktigaste personen då eg var 20 var meg sjølv. Trur eg var tungt sjølvsentrert og oppteken av sjølvrealisering og å tekke utforskartrongen.

Det skriv Ole Rolfsrud om korleis han var då han var 20 år.

I dag er han kjent som programleiar og reporter i sportsredaksjonen til NRK, og i år kan ein også sjå han som deltakar «24-stjerners julekalender».

Ole Rolfsrud er ein av dei mest kjente fjesa i sportsredaksjonen til NRK. Foto: Bendik Mansika

Året han vart 20 var han derimot ganske langt frå programleiarjobben i dressjakke.

Frankrike, fotball og forsvaret

I 1996 brukte Rolfsrud første halvdel av året i Frankrike, og andre halvdel hadde han førstegongsteneste i luftforsvaret.

– I Frankrike gjekk eg på universitet, der eg studerte fransk for dummies. Altså sunnmøringar med haltande språkøyre. Eg spelte difor fotball på eit lokalt fransk lag, der ingen kunne engelsk. Då måtte eg lære meg språket.

Luftforsvaret gav litt andre omgivnader, der Rolfsrud enda opp som vaktkommandør i Bodø. Han hugsar at han skreiv mykje brev til vener og kjente, og såg lite på TV.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Før eg googla 1996 må eg vedgå at eg hugsar INGENTING frå 1996. Anna enn at Tyskland slo Tsjekkia i EM-finalen på golden goal. Den høyrde eg på bussradioen på veg til militæret og at Vebjørn Rodal tok OL-gull i Atlanta. Elles er det mørkt.

Festing og transklubb

Tilbake til dette med utforskartrong, for Frankrike var ikkje den einaste staden Rolfsrud utforska. Etter 20 år på ei øy på Sunnmøre ville han kome seg ut i verda.

– Difor var eg særs lærevillig og utforskande, med tanke på andre folk og perspektiv. Eg enda mellom anna på ein fullstendig kokko undergrunns transklubb i Barcelona, i eit industriområde utanfor byen. Glad for alt mora mi ikkje visste på den tida, ha-ha!

Og litt festing må vere lov, også på 20-årsdagen sin.

– Eg hugsar ikkje sjølve dagen min, men eg trur vi hadde ei feiring i Frankrike. Som openbert vart heftig … i og med at eg ikkje hugsar noko frå ho.

Frå sport til underhaldning

Likevel var det plass til meir enn berre festing.

– Eg likte å lese aviser. Dette var før internett, så alle mine nyhende plukka eg opp i papiraviser og somme tider på fjernsyn og radio.

Engasjementet for sport var allereie ein stor del av livet.

– Det gjekk i nyheiter og sportsnyheiter for min del. Og så ramla eg over Lille Lørdag, som var gjennommorosamt og særs inspirerande.

Som mange andre på den alderen hadde han også tankar rundt kva han ville bli. Sjølv om han spelte fotball på fritida var proffdraumen lagt død, men ønsket om eit publikum var ikkje borte.

– Eg hadde nok då også eit behov for applaus, underhalde og få folk til å ha det bra rundt meg, så eg sikta meg inn på eit eller anna medierelatert.

Før han underheldt i sporten, kunne Rolfsrud klovne med venane sine. | Foto: Privat

Optimisme for framtida

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

–Oi, dette var ein energisk kar. Går det an å slappe litt av? Har du ein av-knapp?

Dersom han skulle gitt råd til den energiske karen ville han bede han om å ikkje leve livet slik andre vil, men heller vere tru mot seg sjølv.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg tenkte at livet er enkelt og inga sak. Og at slik vil det halde fram. Eg hadde ikkje hatt noko seriøst kjærleiksliv før eg var 20, så eg var emosjonelt relativt ukyssa.

Det sterkaste minnet frå denne tida han var kjensla av å berre sjå framover.

– Eg hadde ikkje noko uro i kroppen, følte meg udødeleg og berre gønna på. Eg visste til dømes veldig lite om forsvaret då eg sto framfor porten på Værnes sommaren 96. Men på ein eller annan måte såg eg berre moglegheiter og optimisme.