Leiar og nestleiar i Unge Sentrum melder seg ut av partiet – politisk usemje

Skule, justis og ytringsfridom er nokre av sakene det er usemje om.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg går av som leiar og melder meg ut av partiet, seier Espen Oseid Danielsen til Framtida.

Unge Sentrum er ungdomspartiet til Partiet Sentrum. Danielsen vart valt inn som ungdomsleiar i mars i år, etter at Simen Bondevik gjekk av. Han har også vore justispolitisk talsperson for Partiet Sentrum.

– Vi har blitt eit parti som ikkje lenger er i tråd med vårt eige politiske utgangspunkt. Det har vist seg i fleire prinsipielle saker at vi ikkje har evna å halde oss nokolunde i sentrum av det politiske landskapet, seier Danielsen i ei pressemelding.

Danielsen fortel til Framtida at avgangen ikkje har med valresultatet å gjere, og at dette var varsla til sentralstyret før valet.

– Når det er så mange saker kor usemja er stor og tydeleg, blant anna innan saker vedrørande skule, justis og ytringsfridom, er det verken fornuftig, riktig eller forsvarleg å sitte på dei verva ein gjer i partiet.

Nestleiar gir seg også

Også 1. nestleiar, Eline Heidisdatter Lorentzen, går av og melder seg ut av partiet, med verknad frå i dag. Ho var med å stifte ungdomspartiet i 2020.

– Det viktigaste å få fram er at Partiet Sentrum har gjort eit godt val, og at det er på grunn av politisk usemje vi skil lag.

Ho informerte sentralstyret om avgjerda i førre veke.

I ei pressemelding skriv ho at partiet ikkje har utvikla seg i retninga ho såg for seg opphavleg.

– Då eg vart med i Partiet Sentrum og stifta Unge Sentrum, skulle vi etablere eit blokkuavhengig sentrumsparti som kunne samarbeide like mykje med høgresida som venstresida. Partiet Sentrum følgjer ikkje lenger sitt opphavlege politiske utgangspunkt, og det har kome spesielt tydeleg fram under den lokale valkampen.

Ho skriv vidare:

– Eg kjenner meg ikkje lenger igjen i det partiet eg har vore med på å skape, og difor har eg teke den vanskelege avgjerda om å melde meg ut av partiet.

Takkar for jobben dei har gjort

Det er 2. nestleiar Håvard Røgeberg Magelssen som tek over som fungerande leiar.

– Fyrst og fremst vil vi gjerne takke Eline og Espen for den gode jobben dei har gjort, seier han på telefon til Framtida.

Han fortel at dei har vore ansikt utad og stått på i mange saker for partiet.

– No ser vi framover og legg planer, noko vi absolutt skal klare. Vi dobla resultatet vårt i skulevalet i år og lokalvalet gjekk over mange si forventing, med sju mandat.

– Kva har du å seie om den politiske usemja?

– Vi som parti står grunnstøtt på det programmet vi vedtok for 2021 til 2025.