Anne Rimmen hugsar 20-årsdagen sin særleg godt.

Frida Tvedte Matre
Publisert
Oppdatert 05.06.2024 14:06

– Eg var nok litt som 20-åringar flest, og tok det litt som det kom, minnast Anne Rimmen (42).

Rimmen er blant dei mest folkekjære fjesa på norsk TV. Ho er programleiar og tidlegare sportsanker på NRK Sport, og har mellom anna leia Melodi Grand Prix og Monsen på villspor. I 2011 vann ho Folkets pris på Gullruten.

Det var då ho var 20 år at ho byrja å snusa på media -og underhaldningsbransjen. 

Hausten 2001 byrja ho nemleg på journalistikkstudiet i Oslo. Det var ein treårig bachelorgrad, med første år i hovudstaden, og dei to siste i byen Brisbane i Australia.

– Eg budde på Torshov i Oslo i ei leilegheit eg leigde saman med ei veninne. Dagane var fylt med studium og venar. Eg blei kjend med masse nye folk, som alle skulle ned til Australia året etter, fortel Rimmen.

Fylte 20 år den 11. september 2001

På høgtalaren til 42-åringen blei det som oftast spela musikk av den dansbare typen.

Rimmen leste for det meste studiebøker og nyheiter. Ho følgde mellom anna rettssaka i Orderudsaka og kronprinsparet sitt bryllaup tett, men det er ei nyheitssak ho hugsar særleg godt.

– Årets store nyheitssak var naturleg nok terrorangrepet i USA. Det var uverkeleg, og det var skremmande. Sidan eg studerte journalistikk, så snakka me om alle sider av saka, kva som skjedde og korleis media dekka det heile. 

Terrorangrepet er også ein del av grunnen til at ho hugsar 20-årsdagen sin særdeles godt.

– Eg blei 20 år den 11. september 2001. Det var ein dag eg aldri kjem til å gløyme. Eg var på skulen som vanleg på dagen, og så skulle eg ha min første dag i ny ekstrajobb på kvelden. Det var i ein klesbutikk i Oslo sentrum. Eg kom spent på jobb, og snakka med min nye sjef som skulle gi meg opplæring. 

Den dagen var det uvanleg stille i byen, og etter kvart byrja dei å sjekke litt nyheiter.

– Då fekk me høyre om det som hadde skjedd i USA. Det blei ein ganske annleis første dag på jobb, og utvilsamt ein veldig spesiell 20-årsdag, forklarar ho.

Flytta til andre sida av jorda

I tillegg til terrorangrepet i USA, var flyttinga til den andre sida av jordkloden det sterkaste minnet frå tida då ho var 20 år. Etter eitt år med journalistikkstudium i Oslo, pakka ho kofferten og flytta til Australia sommaren 2002.

– Det var både spanande og litt skummelt. Heldigvis drog eg ned saman med den klassen eg hadde blitt kjend med det siste året, så det var liksom litt tryggare på eit vis. 

Venar og familie var viktig for 20 år gamle Anne. Ein særleg tydingsfull person i livet hennar var ei ho blei god ven med på studia.

– Me fann kvarandre litt, og planla å bu saman då me skulle fortsetje studiane i Australia. Ho heiter Merete, og er framleis ei god veninne.

Klarte seg ganske bra

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg visste vel ikkje heilt kva eg skulle bli, men eg syntest at journalistikken var spanande og håpa sjølvsagt at det kunne bli jobben min etter studia.

Ho var nøgd med at ho hadde teke eit val om studieretning, og synest at det var spanande tider. Alt i alt synest ho at 20 år gamle Anne klarte seg ganske bra.

– Eg er veldig glad for dei vala eg gjorde den gong. Å bu og studere i utlandet er ei herleg oppleving, som eg vil anbefale dei fleste. Eg er også glad for at eg tok studia akkurat så alvorleg som eg gjorde. Det vil seie, eg gjorde alt eg skulle, stod i alle fag og gjorde så godt eg kunne. Men eg hadde det også moro med prosessen, og levde studentlivet som eg synest det burde levast, med alt det innebar, fortel Rimmen.