Darryl (18) vart utvist frå skulen på grunn av håret

Retten meiner at skulen ikkje bryt med lovene som skal hindra diskriminering basert på hårfrisyrar. Familien ankar saka.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Saka er oppdatert med dommen.

Amerikanske Darryl George vart først suspendert frå skulen 31. august i fjor på grunn av hårfrisyren sin.

Ifølgje NBC News har den 18 år gamle eleven gått glipp av store delar av sitt første år på high school, fordi han har vorte sendt på eit alternativt disiplinerande opplegg utanfor klasserommet.

Går glipp av skulen

I oktober sa Darryl George til Associated Press at han håpa han snart kunne gå tilbake til å vera ein ungdom som driv med idrett og kosar seg på skulen.

– Eg føler eg går glipp av den fulle opplevinga av å vera i eit klasserom, sa han til nyheitsbyrået.

Barbers Hill High School i delstaten Texas meiner at Darryl George sine dreads bryt med skulen sin kleskode, som forbyr mannlege studentar å ha hår som er lenger enn augebryna eller øyreflippen.

Familien meiner at straffa til 18-åringen bryt med Texas sine nye lover som forbyr hårbasert diskriminering. Delstaten iverksette lova, som har fått namnet CROWN Act, i september i fjor.

Skulen meiner på si side at CROWN Act ikkje nemner noko om hårlengd.

CROWN Act

Saka gjekk for retten denne veka og dommaren meiner skulen sine reaksjonar ikkje bryt med CROWN Act. Familien vil anka avgjerda, melder BBC.

Texas er ein av over 20 statar som har innført lovgjeving mot diskriminering basert på hårfrisyrar.

CROWN står for Create a Respectful and Open World for Natural Hair. Lova vernar særleg om hårtekstur og retten til å ha afro og hårfrisyrar som tek vare på håret, som fletter, dreads og Bantu-knutar.

Det er skulen som har teke saka til retten, men familien til Darryl George har òg levert ei formell klage til Texas Education Agency og gått til sivilt søksmål mot guvernør Greg Abbott og justismaktene i delstaten for å ikkje handheva anti-diskrimineringslovene.