Emma er pilot: – Eg tenkte at eg kom til å bli ein minoritet

Piloten Emma Wiberg er ei av få kvinner bak flyspakane.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Ifølgje organisasjonen International Society of Women Airline Pilots er berre rundt 5,8 prosent av verdas pilotar kvinner.

Pilot og styrmann Emma Wiberg er ein av dei.

– Eg tenkte at eg kom til å bli ein minoritet, men eg såg det meir som ei gøy utfordring, seier ho.

Wiberg har vore pilot i Widerøe i snart fire år. Ho visste ikkje korleis det såg ut med kjønnsbalansen i yrket, og hadde difor ikkje så mange forventningar til korleis det skulle bli å gå inn i ein jobb der det var få kvinner.

– Yrket kjentest rett for meg, og som noko eg kunne gjere. Men eg hadde ikkje så mange rundt meg som flaug, ingen i familien, så eg visste ikkje heilt korleis det var i bransjen, forklarar piloten

Framleis ein minoritet

Etter eit par år i yrket har Wiberg merka at dei blir fleire og fleire kvinner når dei til dømes møtest i personalrommet. Samstundes merkar ho framleis at det er ein stor forskjell i kjønnsbalansen.

– Det er absolutt flest menn. Det er til dømes fleire kvinnelege styrmenn enn kvinnelege kapteinar. På min base har me berre tre kvinnelege kapteinar, så det er jo ikkje så mange. Det er ganske sjeldan at eg flyg med ei anna kvinne, det blir som regel at ein flyg med ein annan mann i cockpit. Kvinner er absolutt framleis ein minoritet.

Ut frå det ho opplever på arbeidsplassen sin, ser ho ingen forskjellar på korleis dei blir behandla, og ein tenkjer ikkje over kva kjønn det er på den som flyg.

– Samstundes veit eg at det nok ikkje er slik overalt. Men eg har ei positiv oppleving av å vere kvinne i yrket. Eg har ikkje opplevd å bli behandla annleis fordi eg er kvinne, seier piloten.

Ho forklarar at ho ikkje reflekterer så mykje over at ho har færre kvinnelege kollegaer i arbeidskvardagen.

– Eg går ikkje rundt og tenkjer at eg saknar det, men det hadde vore gøy om det kom fleire kvinner inn i yrket og i bransjen generelt.

Wiberg trur at det er nokså normalisert at kvinner flyg både i bransjen og blant folk, men møter likevel på nokre feiloppfatningar.

Det kan vere forventningar om at ein som kvinne skal sjå ut eller oppføre seg på ein spesiell måte, eller fordommar om at dersom ho går i uniform eller fortel andre at ho jobbar i flybransjen, så går dei ut frå at ho jobbar i kabinen.

Ho påpeikar at ho berre har floge i Noreg, og at ho trur det kan vere annleis i andre delar av verda, men trekker fram at ho sjølv berre har hatt positive opplevingar knytt til det å vere kvinneleg pilot.

– Frå eigne erfaringar er det klart at folk kan sjå litt ekstra dersom eg kjem ut av cockpit, og dei ser at det er ei ung kvinne som flyg, men det har vore positive tilbakemeldingar, og folk synest det er kult, seier ho.

Ynskjer fleire kvinner ved pilotutdanninga

Også i Noreg er andelen kvinner i pilotutdanningar låg. Sidan 2020 har mellom 14 og 18 prosent av førsteprioritetssøkjarane vore kvinner ved opptaka på Noregs einaste offentlege luftfartsfagutdanning. 

Ein mann som smiler til kamera.

Tor Olav Berg ved UiT fortel at dei ynskjer seg fleire kvinner i pilotyrket. Foto: Privat

Det opplyser rekkruteringsansvarleg Tor Olav Berg ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet i ein e-post til Framtida.no.

Luftfartsutdanninga ved UiT har opptak to gonger i året, og har tolv plassar tilgjengeleg ved kvart opptak. I tillegg til søknad må dei som ynskjer plass også gjennom ein seleksjonsprosess og flymedisinske testar.

Ved førre opptak med start hausten 2023 var det totalt 180 søkjarar som hadde luftfartsfag som førsteval. Her var berre 26 av søkjarane kvinner, noko som utgjer 14 prosent av søkjarane.

Berg fortel at dei jobbar for meir mangfald og betre kjønnsbalanse i alle dei realfagslege og teknologiske utdanningane dei tilbyr.

– Me ynskjer oss fleire kvinner til pilotutdanninga slik at me kan vere med å betre kjønnsbalansen i yrket, skriv han.

Luftfartsfagutdanninga ved UiT

Summert opptak for kvart år sidan 2020 ved luftfartsfagutdanninga på UiT Noregs arktiske universitet har følgjande statistikk:

2020 – 283 1.-prioritetssøkjarar (18 prosent kvinner)
2021 – 291 1.-prioritetssøkjarar (16 prosent kvinner)
2022 – 276 1.-prioritetssøkjarar (14 prosent kvinner)
2023 – 299 1.-prioritetssøkjarar (16 prosent kvinner)

Eit «manneyrke»

Wiberg peikar på at årsaka til at det er færre kvinner i pilotyrket på verdsbasis kan vere fordi kvinner i fleire land ikkje har lov å ta utdanning, eller mogelegheita til å utdanne seg til det dei sjølv vil.

Her i Norden trur ho det kan handle om at det framleis blir sett på som eit «manneyrke», og at det difor ikkje blir marknadsført mot kvinner like mykje.

– Det er mange yrke som framleis er kjønnsinndelt, og pilot er absolutt eitt av dei. Som ung kvinne kjem ein kanskje ikkje inn på tanken å velje det yrket fordi det er så normalisert at det er sånn. Eg trur fordommen om at det er eit «manneyrke» enno heng i, og at det er det som gjer at den ujamne kjønnsbalansen heng etter også, seier ho.

Ho legg samstundes til at ho ikkje har fakta eller forsking på det.

– Men eg trur at det har mykje å gjere med at det lenge har vore eit yrke som har blitt sett på som mannleg og at det er noko som menn gjer. Det er kanskje litt som at sjukepleiar har blitt sett på som eit kvinneleg yrke. Det er kanskje ikkje like sjølvsagt at ei kvinne vel det.

Ho håpar at ein kan bli mindre oppteken av å velje tradisjonelt og kva ein bør gjere ut frå kjønn.

– Eg tenkjer ein bør velje det ein synest verkar spanande, uansett kva for yrke det er og kva for kjønn ein er. Eg synest til dømes ikkje ein bør vere redd for å gå inn i pilotbransjen som ung kvinne. Det er berre kjekt og me veks, fortel svensken.

Piloten meiner yrket passar for dei som vil ha ein variert arbeidskvardag, likar å treffe nye menneske, høgt tempo og å utfordre seg sjølv. Ho rår alle som synest at dette verkar kjekt, til å prøve ut flyging, og det uansett kva kjønn ein er.

– Det er jo ikkje noko som tilseier at det er ein arbeidsplass som er meir tilpassa menn, eller at det er betre å vere mann når ein flyg. Det spelar ikkje noka rolle. Så vil ein prøve og synest det verkar kjekt, så uansett kven ein er så rår eg til å prøve, svarar Wiberg.