12 planter du kan plukke og ete – heilt gratis
Snart bognar det rundt oss. Dette er noko av alt det grøne du enkelt kan sanke sjølv.
Våren er her, og med det byrjar sesongen for å kunne sanke din eigen mat. Men kva kan du eigentleg ete? Her er 12 nyttevekstar som kanskje veks nær deg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NB: Hugs å tenke over kvar du plukkar og dobbeltsjekk at det er rett plante.
Fjæresaulauk

Foto: Ingar Pareliussen/ Artsdatabanken
Lange stilkar med frø, omkransa av lange blad. Blada er fjæresaulauk.
Bruk: Smakar som koriander, og blir brukt opphakka som krydder i salat, på fisk eller i gryter og sausar.
Rogn

Rogn med rognebær. Foto: Simon A. Eugster / Store Norske Leksikon / CC BY NC SA 3.0
Tre til ti meter høgt tre med finna blad, kvite blomar og oransjeraude bær.
Bruk: Ferske bladknoppar kan ein sylte og nytte ved sida av spekemat. Blada smaker litt som marsipan og bitre mandlar, men bør ikkje etast i store mengder. Bæra kan brukast til rognebærgelé (godt til viltkjøt eller ost) og chutney, saft, syltetøy, vin, likør og sprit. Ein kan også tørke bæra og bruke dei i frukostblanding.
Strandkarse

Foto: Oddvar Pedersen/ Artsdatabanken
Mellom 30 til 80 cm høg, med mange små og kvite blomar.
Bruk: Heile planta kan etast. Blada smakar ei blanding av sennep og peparrot. Kan forvellast, eller nyttast rå i salat.
Gauksyre

Foto: Knut Anders Hovstad/ Artsdatabanken
Tre hjarteforma blad og raud stilk.
Bruk: Heile planta kan etast rå. God i salat og set fin smak på fisk, supper og potet. Kan forvellast for ein mildare smak.
Merk: Gauksyre inneheld oksalsyre, som gir den syrlege smaken. Et du det i store mengder kan det vere giftig, men i små mengder er det ikkje farleg, så lenge du ikkje har nyreproblem.
Russekål

Foto: Reidar Elven/ Artsdatabanken
Lange stilkar med gule blomar.
Bruk: Heile planta kan etast. Knoppane smakar brokkoli, unge blad har mild kålsmak og passar i salat. Blomen smakar kål og er fin som garnityr.
Skjørbuksurt

Foto: Hauk Liebe / Artsdatabanken
Opptil 30 cm høg, med hjarteforma blad som dannar ein rosett. Kvite blomar i tette klasar.
Bruk: Heile planta kan etast rå. Skota er milde og kan nyttast i osterettar, urtesmør og som garnityr. Blada har skarp, sennepsaktig lukt og passar i salat i små mengder. Blomen har mild smak av karse og er fin som garnityr.
Granskot

Foto: Tiril Myhre Pedersen/ Artsdatabanken
Plukk den lys grøne tuppen på greina om våren, før dei faldar seg ut.
Bruk: Syrleg og frisk smak som gjer seg godt kokt til saft, sirup og i salatdressingar.
Ramslauk

Foto: Tiril Myhre Pedersen/ Artsdatabanken
20–40 cm høg. Breie, liljekonvalliknande blad og kvite blomar. Sjølve lauken er kvit, lang og smal.
Bruk: Rå eller kokt, i gryterettar, sausar og suppe, på same vis som kvitlauk, graslauk eller purre. Blada kan nyttast som spinat og til pesto, og i salat. Til liks med blomen, er dei også fine som garnityr.
NB: Blada på ramslauk liknar liljekonvallblad, som er svært giftig.
Løvetann

Foto: Lise Åserud / NTB (FRB)
Lang, grov rot med bladrosett og gul blomsterkorg på toppen.
Bruk: Unge blad kan minne om ruccola og er gode i salat. Knoppane kan ristast som snacks, medan blomane kan brukast til vinlegging. I krisetider har røtene vore nytta som erstatning for kaffi.
Geitrams

Ei humle samlar nektar frå ein geitramsblome. Geitrams. Foto: Paul Kleiven / NTB
50 til 200 cm høge stenglar med lansettforma blad og rosa blomar langsmed heile stengelen.
Bruk: Nye skot (maks 20 cm høge) kan kokast og nyttast som asparges etter at bladrosetten er fjerna. Unge blad kan også nyttast i salat.
Skvallerkål

Ein liten haug med skvallerkål. Foto: Berit Roald / NTB
30–100 cm høg med taggete blad og kvite blomar.
Bruk: Heile planta kan etast. Også kalla «tysk kål». Kokte, unge blad kan erstatte spinat og er gode i supper, stuingar og gryter. Dei blir også nytta rå i salat, puré og pesto.
Mjødurt

Mjødurt. Foto: Lise Åserud / NTB (FRB)
50 til 150 cm høg med store, finnete grunnblad og treflika småblad, og små, kremkvite blomar i ein stor og flat topp.
Bruk: Unge blad og blomar kan etast. Blada smakar som ei mild blanding av honning, sitron, mandel og vanilje. Dei er gode i salat, oljer og eddik. Kan også brukast i kompott, gelé og syltetøy og har vore mykje nytta i øl og vin. Den kvite blomen kan tørkast og knusast og brukast som vaniljepulver.
- Les også: Slik kan du kaste mindre frukt og grønt