Fylkeskommunar manglar oversikt, men fortel om få klagar på manglande læremiddel på nynorsk

Fylkeskommunane har nesten ingen klagar på mangel på læremiddel på nynorsk. Mållaget meiner det likevel belyser eit stort problem.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På ungdomsskulen var det mange som hadde nynorsk i klassa, og då opplevde vi at det ikkje var nok bøker på nynorsk, så vi måtte vente på bøkene. På vidaregåande har eg opplevd å ikkje få bok på nynorsk.

Amanda Frøseth Hindenes (17) fortalde Framtida.no om problema ho har hatt med nynorske læremiddel og digitale ressursar.

Framtida.no har kontakta alle fylkeskommunane i Noreg, som er dei som er ansvarlege for vidaregåande opplæring. Dei fortel om få eller ingen klagar på manglande læremiddel på nynorsk.

Amanda Frøseth Hindenes står ute framføre ein isbre. Kollasj med ein skjermdump av språkinnstillingane i Google dokumenter.

Amanda Frøseth Hindenes synest Google dokumenter fungerer dårleg på nynorsk. Foto: Privat/kollasj Framtida.no

Heller ikkje Utdanningsdirektoratet har ei nasjonal oversikt.

– Eg tenker det er urovekkande at eit statleg direktorat erkjenner at dette har vi ikkje oversikt over utan å følgje opp med handling og faktisk finne ut av dette, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge på telefon til Framtida.no.

Få klagar

Framtida.no har spurt fylkeskommunane om oversikt over klagar på manglande eller for seine lærebøker på nynorsk. Førespurnaden gjaldt òg digitale læremiddel på nynorsk.

– Om du ser på statistikken over nynorskelevar i Nordland, så er det ekstremt få av dei, og eg vil tru det har samanheng med det, skriv Anna Brandal, kommunikasjonssjef i Nordland fylkeskommune på e-post til Framtida.no.

Leiar for seksjon for kompetanse- og skoleutvikling, Bengt Jacobsen i Viken fylkeskommune svarar at dei ikkje har eksakte tal på klagar knytt til manglande læremiddel på nynorsk.

– Men så langt er det meg bekjent ikke kommet noen klager på dette. Vi har gode innkjøpsavtaler som sikrer skolene tilgang på så vel trykte som digitale læremidler, og sammen med læremidler/læringsressurser gjennom NDLA – Nasjonal Digital Læringsarena gir dette god bredde i læremiddeltilgang, der begge målformer samlet er ivaretatt.

To saker på fem år

I Møre og Romsdal fylkeskommune kjenner dei til to saker om mangel på læremiddel på nynorsk dei siste fem åra.

– Fylkeskommunen har hatt stort fokus på dette, særleg no i samband med nye læreplanar, svarar kompetansesjef Kariann D. Flovikholm, og viser til informasjon som ligg ute på intranettet til fylkeskommunen.

Informasjon som ligg på intranettet til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Flovikholm legg til at dei i tillegg sender ut rundskriv om læremiddel til alle skulane der dette blir presisert.

– Fylkeskommunen har rammeavtale for kjøp av læremiddel, og alle kjøp skal skje på denne avtalen. Dette kravet vert også formidla av leverandør til alle forlaga jamleg. Dersom leverandøren ikkje kan levere dei ønska læremidla, kan skulane gå ut på anbod, og då er det eit A-krav at læremidla skal vere tilgjengeleg på begge målformer, forklarar ho.

Illustrasjonsfoto av lærebøker på bokmål. Skjermdump frå samtale med nynorskelev som har fått bokmålsbøker i jakta på eit illustrasjonsfoto av skulebøker.

«Opplever fra tid til annen bevisste elever»

Heller ikkje nynorskområdet Vestland har samla tal for klagar på manglande eller for seint leverte læremiddel.

– I arbeidet vårt med læremiddel på begge skriftmål har vi tidlegare bedt skulane om tilbakemelding på klagar og status for leverte læremiddel. Vi fekk nokre oppsummerande tilbakemeldingar frå skulane, men ikkje mange og ikkje i form av tal som kan summerast.

Det skriv Ole Henrik Mølmann i seksjon for kvalitet i opplæringa i fylkeskommunen.

Etter at Framtida.no tok kontakt, har Line Marie Poppe i Agder fylkeskommune sjekka på avdelinga, og dessutan blant skuleleiarar i avdelingane og tatt stikkprøver på nokre skular.

– Vi er ikke kjent med at vi har fått noen klager slik det skisseres under. Skolene opplever fra tid til annen, bevisste elever som ønsker læreverk på nynorsk. De får da dette når de etterspør det.

Ho understrekar at fleire av skulane viser at dei set som vilkår at dei læreverka som blir valde blir leverte på begge målformene, eller at læreverka har begge målformer i same læreverk.

Dei resterande fylkeskommunane melder òg om ingen eller få klagar. Innlandet har registrert førespurnaden, men har ikkje sendt noka oversikt.

Udir har ikkje nasjonal klageoversikt

Utdanningsdirektoratet (Udir) opplyser til Framtida.no at heller ikkje dei har noka oversikt over klagar, anna enn at dei av og til blir kontakta av til dømes Mållaget.

Direktoratet erkjenner at det sannsynlegvis er reelt at det er forseinkingar i nynorskversjonar. Dei peikar på at hovudproblemet ser ut til å liggje utanfor læremidla, som må følgje lova, men meir med digitale verktøy og appar og liknande.

Udir kjenner til at det har vore problem med Google, og at nynorskkommunar har klaga over at Google ikkje implementerer nynorsk godt nok. Udir poengterer at Microsoft derimot har fungert godt lenge.

Mållaget: Veit det er eit problem

– Når det har kome så få klagar til fylkeskommunane, er det då eigentleg eit så stort problem?

– Eg tenker at det på ingen måte seier at det ikkje er eit problem. For det veit vi og får tilbakemeldingar på kvart skuleår. Det dette viser, er at det er ingen som har oversikt over situasjonen og i kva grad elevane får rettane sine varetatt, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge.

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge Foto: Tuva Maria Åserud

Hauge trur mange nynorskelevar tar til takke med læremiddel på bokmål, for dei må jo ha læremiddel.

– Så eg tenker dette viser behovet for å få ei oversikt. Vi har vore tydelege på at statsforvaltaren eller Språkrådet eller eit anna organ kan føre tilsyn med at dei språklege rettane ikkje blir brotne, understrekar han.

I august 2021 bad Noregs Mållag Riksrevisjonen sjå på nynorskelevane sine rettar. Hauge seier dei ikkje har fått tilbakemelding.

Mållagsleiaren er òg nøye på at det ikkje skal vere opp til bevisste elevar å be om læremiddel på nynorsk.

– Det er ei urimeleg bør å leggje på nynorskelevane som i utgangspunktet har ein del minoritetsulemper. Då skulle det berre mangle at styresmaktene lokalt og nasjonalt tar ansvaret sitt og legg til rette for at det er like lett å vere nynorskelev som bokmålselev.


Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Kristine Jonas peikar på barn som lærer kvensk i skulen må ha vaksne å prate kvensk med elles i samfunnet, viss ikkje vert det vanskeleg å halde på språket. Foto: Arne Hauge