Denne hunden har ein viktig jobb på verdas største krigsskip
Hangarskipet «USS Gerald R. Ford» ligg i desse dagar til kai i Oslo. Med på dekk er ein spesialtrena hund som aukar trivselen til soldatane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Det amerikanske skipet er verdas største hangarskip, og det er no på sin første lengre seglas, skriv Forsvarets forum. Mannskapet består av 4 500 menneske – og hunden Sage.
For første gong har nemleg eit amerikansk krigsskip med seg ein hund som skal minske stresset.
Spesialtrena stressmeistrar
Tre år gamle Sage har trena på dette oppdraget sidan ho var åtte veker gammal, skriv Stars and Stripes, som er avisa til det amerikanske forsvaret.
Ho har øvd seg på å bruke stigar som finst på skip, og ho er trena for å roe ned pusten til soldatane. I tillegg har ho lært korleis ho skal kjenne igjen soldatar som treng ekstra merksemd, til dømes viss dei lengtar heim.
– På mange måtar bidrar Sage til å gjere livet meir normalt. Akkurat som folk har kjæledyr heime, er det ein del av eit normalt liv vi no kan tilby på sjøen, seier skipspresten Genevieve Clark.