Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner

Reidun Johansen Bergland trudde «ikkje møtt»-gebyret var ein feil. Forbrukarrådet meiner gebyra er for høge og råkar sårbare grupper spesielt.

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Det er ein sjukt høg pris. Eg forstår at dei må ha betalt, men 1500 kroner er drygt, seier Reidun Johansen Bergland frå Veavågen utanfor Karmøy på telefon til Framtida.no.

Til dagleg er Bergland student og lever med diabetes 1.

– Tenkte at det måtte vera feil

Tidlegare i vår skulle 23-åringen inn på ein årleg kontroll ved Haugesund sjukehus. I forkant av dette fortel Bergland at ho var forkjølt og hadde feber.

Bergland trudde ho skulle bli frisk til timen, men på dagen for konsultasjonen måtte ho ringe inn for å avlysa. På telefon fekk ho beskjed om at dei skulle gje informasjonen vidare.

– Etter covid har immunforsvaret mitt vore opp og ned. I innkallinga frå sjukehuset var det presisert at eg måtte ringa direkte til poliklinikken og gje beskjed om eg hadde symptom på luftvegs­infeksjonar om det var 24 eller 48 timar innan timen.

Etterpå tenkte ikkje Bergland noko meir over dette. Ho vart difor svært overraska, då det to dagar etterpå tikka inn eit Vipps-krav på 1500 kroner.

– Eg tenkte først at det måtte vera ein feil.

Reagerer på utsegn

Etter telefonen ringde mora til Bergland sjukehuset for å høyra om at det var slik at dottera måtte betala gebyret, trass i at ho gav beskjed. Der fekk ho ifølgje dottera svar om at dei opplevde at mange har loge om at dei var sjuke før timen for å sleppe gebyret på 1500 kroner.

– Eg lurer på kva grunnlag dei har for å påstå at folk lyg om at dei er sjuke, undrar Bergland.

Veka før kontrollen hadde Bergland fått beskjed om at ho måtte ta nokre blodprøver. Det hadde ho ikkje gjort, og difor meinte sjukehuset at gebyret måtte bli betalt.

– Tidlegare har eg tatt blodprøver på kontrolldagen, og det har aldri vore noko problem.

I etterkant fekk Bergland beskjed frå sjukehuset om at ho kunne ha tatt konsultasjonen digitalt, med atterhald om blodprøvene var gjort.

– Det er ingen som fortalde meg dette i forkant. Under årskontrollen sjekkar dei blant anna føtene mine og blodtrykket. Eg antok at det ikkje var mogeleg å ha timen digitalt, men som sagt er dette noko eg ikkje vart fortalt før etter timen.

Helse Fonna svarar

Magne Kydland, kommunikasjonssjef i Helse Fonna HF, skriv i ein e-post til Framtida at det er vanskeleg å kommentera denne saka spesielt, og kva som skal ha blitt sagt i ein telefonsamtale.

– Vi har retningslinjer vi skal følgje, og som er like i alle avdelingar, og i heile Helse Vest. Dei seier at dersom pasientar ikkje møter til time, eller avbestiller mindre enn 24 timar før, så kan pasienten krevjast for «ikkje møtt»-gebyr.

Vidare skriv Kydland at gebyret på 1544 kroner er fastsett av HELFO og er likt for heile landet.

– Det har vore eit særleg fokus på dette den seinare tida, fordi altfor mange pasientar ikkje møter opp til timen sin. At ein pasient ikkje kan møte på grunn av sjukdom kan vera grunn til å sleppe gebyr.

Kydland rår Bergland om å klaga på gebyret, og informerer om at det vil bli behandla på vanleg måte.

– I tilfelle der pasienten av ein eller annan grunn ikkje kan møte skal det informerast om høve for digital konsultasjon, dersom det er mogeleg. Då vil ein gjera om timen til telefon- eller videokonsultasjon. Vi jobbar med å auke delen av digitale konsultasjonar, særleg på dei ulike poliklinikkane.

Jorge Jensen, fagdirektør i Forbrukarrådet. Foto: Forbrukarrådet

– Uforholdsmessig store gebyr

Fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen, skriv i ein e-post til Framtida.no at han har stor forståing for at slike gebyr kan vera til stor belastning, spesielt i den dyrtida vi opplever no.

– Vi meiner Helseføretaka tar uforholdsmessig store gebyr frå forbrukarar i sårbare situasjonar. For nokre pasientar som ikkje betaler vil «ikkje møtt»-gebyr gå til inkasso, og over tid bli til store beløp som kan bli vanskelege å handtera.

Han presiserer i ein e-post til Framtida.no at pasientbetalingsforskrifta gjer at sjukehusa kan krevja eigenbetaling viss pasienten ikkje møter til avtalt tid. Det føreset at pasienten på førehand er informert om plikta til å betala ved manglande oppmøte.

Dersom sjukehuset ikkje kan dokumentera at slik informasjon vart gitt, skal ikkje pasienten betala gebyret.

Jensen skriv at Forbrukarrådet veit at det er stor forskjell på praksis, både mellom ulike helseføretak, ulike pasientgrupper og sjølv innanfor eitt og same sjukehus. Det fører til forskjellsbehandling.

«Ikkje møtt» til inkasso

I 2022 leverte Norsk undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta (UKOM) rapporten Betalingsvansker – en pasientrisiko.

Ifølgje rapporten får mellom 20 og 50 prosent fleire «ikkje møtt»-gebyr og desse gebyra utgjer ein forholdsvis stor del av inkassosakene i spesialisthelsetenesta. Dette gebyret er ikkje inkludert i frikortordninga.

Jensen peikar på at i dei fleste helseføretaka stammar størstedelen av «ikkje møtt»-gebyra frå konsultasjonar innan psykisk helsevern, ei pasientgruppe som allereie er spesielt utsett.

Rapporten peikar på at «ikkje møtt»-gebyret har auka i fleire omgangar, med grunngjevinga at det ikkje sikrar meir oppmøte. Dei finn ikkje noko grunnlag for at å slå fast at gebyret eller storleiken har noko å seia for oppmøte, og etterlyser ei evaluering av praksis og effektar av gebyret

– All den tid det ikkje er klart dokumentert at dei høge gebyra faktisk effektiviserer helsetenestene i Noreg, så burde dei ikkje vore så høge, seier Jorge Jensen.