Kristin (28) hamna utanfor arbeidslivet på grunn av kvinnesjukdom: – Eg blei sjukemeldt på dagen

Endometriose rammar opptil 275 000 norske kvinner, og mange opplever å falle heilt eller delvis ut av arbeidslivet. – Kvinnehelse må prioriterast høgare politisk, meiner Endometrioseforeningen.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Eg var mykje inn og ut av legevakt og sjukehus, og prøvde mange ulike medikament og smertestillande for å bli bra nok igjen til å kunne kome tilbake i jobben, fortel Kristin Bjerke. Foto: Privat

– Plutseleg byrja eg å blø. Det stoppa ikkje og det heldt på i eit halvt år, fortel Kristin Bjerke (28) på telefon til framtida.no.

Ho har endometriose har vore inn og ut av sjukehus og legevakt, og det har vore smerteanfall og store blødingar. Det påverka studietida og master-innspurten, og då ho fekk tilbakefall i arbeidslivet enda det med ni månadars sjukemelding.

Bjerke har studert idrettsmedisin på Idrettshøyskolen i Oslo, og fekk relevant jobb som testfysiolog på lungelab på eit spesialistlegesenter. Sjølv om sjef og kollegaar ville legga til rette, kravde arbeidsoppgåvene oppmøte, ståing, gåing og bevegelse heile dagen og det vart umogleg å stå i jobben.

– Eg blei sjukemeldt på dagen fordi eg fekk smerteanfall på jobb og svima av, og så blei det liksom aldri bra nok til å prøve å komme tilbake.

Noreg går glipp av arbeidskraft

Ein reknar at opp til 10 prosent av kvinner i Noreg har endometriose. Elisabeth Raasholm Larby, dagleg leiar i Endometrioseforeningen, fortel at sjukdommen kan ramme veldig ulikt. For dei som er hardast ramma, er det mange som fell heilt eller delvis ut av studie- og arbeidslivet.

– Me har ikkje tal på kor mykje arbeidskraft Noreg går glipp av på grunn av dårleg eller manglande tilrettelegging for dei som er ramma av endometriose, men me har god grunn til å tru at det er snakk om store beløp, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

Foreininga jobbar for å betre behandlingstilbodet for endometriosepasientar.

I år er ei nasjonal kompetanseteneste på plass, og arbeidet med nasjonale retningslinjer for utreiing og behandling sett i gang.

Larby meiner dette er det viktigaste som må på plass for å sikre at fleire kan delta i arbeidslivet. Ho meiner at tiltaka må starta allereie i skulealder, og at kunnskapen må betrast også i skulehelsetenesta.

– På den måten vil fleire kunne fangast opp og få hjelp tidlegare slik at dei kan fullføra eit skule- og utdanningsløp.

Mangel på tilrettelegging

I tillegg meiner ho det er behov for er tettare samarbeid mellom NAV og arbeidsgivar om tilrettelegging, og etterlyser tiltak som gjer at bedriftene ikkje tapar økonomisk på tilrettelegging.

– Slik systemet er rigga no, er det i stor grad mangel på tilrettelegging på arbeidsplassane, og fleire mistar jobbane sine etter langtidssjukemelding, medan dei står i lange helsekøar for utgreiing og behandling.

Desse kvinnene ynskjer å jobba, og ofte ser me at det ikkje nødvendigvis er så store tiltak som må til for at det skal vera mogleg å i alle fall stå delvis i jobb.

Ho nemner fleksitid, heimekontor, hyppigare pausar, kvile- og toalettpause, ergonomiske kontormøblar, tilgjengelege bind og tampongar, å kunne nytte varmeflaske eller TENS-appart.

– Fleksitid og heimekontor kan også gjere det enklare for pasientane å kunne kombinere eventuell behandling med arbeidslivet, som fysioterapeut eller legetimar.

– Kvinnehelse må i mykje større grad prioriterast politisk

Kvinner i Noreg har omtrent dobbelt så høgt sjukefråvær enn menn, og ein tredjedel skuldast heilt eller delvis forhold på jobben.

– Kan mangelen på kunnskap rundt kvinnehelse vera med på å svare på kvifor sjukefråveret er så skeivfordelt?

– Heilt klart. Det er det ingen tvil om, svarar Larby.

Per Olav Skurdal Hopsø (Ap) er statssekretær til arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

I tillegg til å auke kompetansen etterlyser ho eit politisk løft og ei haldningsendring.

– Kvinnehelse må i mykje større grad prioriterast politisk, og det må øyremerkast midlar. Ved å investera i kvinnehelse, vil det på sikt tena samfunnsøkonomien ved at fleire vil kunne fullføra utdanning og stå i jobb.

Regjeringa sette i vår ned eit utval som skal sjå på norske kvinners sjukefråvær, og foreslå tiltak.

– Me veit at ein del av fråværet skuldast forhold i arbeidslivet, men me treng meir kunnskap, skriv statssekretær for arbeidsministeren, Per Olav Hopsø (Ap) i ein e-post via presseavdelinga.

Han meiner dei må gjere meir for kvinners arbeidshelse og legge til rette for eit arbeidsliv som fremjar deltaking og førebygger fråfall. 

– Me veit at både arbeidsmiljøet og den enkelte sin livssituasjon eller livsfase har betydning for kvinners sjukefråvær og deltaking i arbeidslivet. Samtidig veit me at ein tredjedel av sjukefråveret heilt eller delvis skuldast forhold på jobben. Dette viser et at det er viktig med førebygging og at arbeidsmiljøet har betydning for helsa, fråfall frå og deltaking i arbeidslivet

– Klarte så vidt å laga mat og vaske klede

Etter eit halvt år innsåg Kristin Bjerke ho at ho måtte finne ein annan jobb som i større grad kunne tilpassast det ho trengde.

– Eg hadde dagar der eg tenkte at no får eg til å gjera ting, men så hang eg opp ein klesvask og måtte ligga i senga resten av dagen. Eg klarte jo så vidt å laga mat og vaske klede heime, så å skulle prøve seg tilbake i den gamle jobben blei umogleg.

Tanken om at ho kanskje ikkje kunne delta i arbeidslivet nokon gong igjen, byrja å snike seg på, men ho forsøkte å halde det unna.

Ho byrja å sjå seg om etter utlysingar med heimekontor og meir fleksibilitet.

– Særleg etter at heimekontor hadde blitt meir vanleg, tenkte eg at det måtte vera mogleg å finne ein jobb eg kunne ha. Eg visste at dersom eg kunne sleppe krav om å gå ut av huset og møte opp kvar dag, så kunne eg jobba.

Trudde ikkje ho skulle få jobben

Kristin Bjerke (28) har endometriose. Foto: Privat

Å vera jobbsøkar var også utfordrande. Kva skal ein eigentleg fortelja om eiga helse til ein potensiell arbeidsgjevar på intervju? Ho erfarte at for sin eigen del, var det beste å vera open frå første intervju.

Tilfeldigvis skulle Arbeidslivsressurs, kontoret der karriererådgivaren ho fekk gjennom NAV var, tilsetje folk i denne perioden. At Arbeidslivsressurs også jobbar med folk i same situasjon, gjorde det enklare å fortelja, men ho trudde likevel ikkje at ho skulle få jobben.

– Eg trudde ikkje det var mogleg! Det har gjort alt for meg å bli møtt med så mykje forståing frå første stund, og få denne jobben trass i at eg fortalde på intervju kor dårleg eg var og kor mykje eg sleit. Eg trudde det kom til å stryka meg fort frå lista.

No arbeider ho fulltid med å hjelpa andre som er utanfor arbeidslivet.

– Eg var veldig redd for at det ikkje skulle gå med 100 prosent, men dei var veldig fine, og nav-rådgivaren min sa at: no prøver du, og så er me her for å fange deg opp om det trengst så du slepp å starta på nytt igjen. Det kjendest som ein stor tryggleik, sjølv om eg nok hadde tatt det ganske tungt visst det ikkje hadde gått.

– At det funkar er heilt fantastisk

Med høve til å styre dagane sine sjølv, ikkje måtte planlegga i forkant kva dagar ho skal vera på heimekontor neste veke, men kunne ta det etter dagsforma, jobbar ho no full stilling.

– At det funkar er heilt fantastisk. Det gjer så mykje med sjølvfølelsen å føla seg til nytte i samfunnet, og ikkje berre ligga heime og føla seg ubrukeleg.

Sjølv om forma går opp og ned, har ho også i stor grad overskot til å gjera andre ting.

– Eg synest eg får til det eg ønsker å få til i løpet av veka, også utanom jobb. Det er absolutt ei berekraftig løysing.

– Korleis ser du på framtida no, med tanke på å stå i arbeidslivet?

– Eg ser veldig positivt på det. No har eg merka at eg får det til og at eg faktisk kan jobba. Det var ein lang periode eg tenkte at det er jo ingenting eg kan gjera, men no veit eg at med rett tilpassing så kan eg det som alle andre. Det gjer jo at eg også ser lysare på framtida og at kanskje høva er større enn eg trudde.