Den 20 år gamle versjonen av helsetoppen hadde pågangsmot, men var litt naiv.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg tenkte at heile livet låg framføre meg og at alt er mogleg, minnest Espen Rostrup Nakstad (49) om å vere 20 år.

Under koronapandemien vart Nakstad heile Noregs assisterande helsedirektør, og stilte opp i tallause intervju.

Som 20-åring kunne Nakstad nok ikkje spå at han 25 år seinare skulle leie landet gjennom ein pandemi, men Nakstad avslører at han allereie då visste kva han skulle bli i livet.

Det vart både legeutdanning og jussutdanning på mannen som i dag er overlege og forskar ved akuttmedisinsk avdeling ved Oslo universitetssykehus. Nakstad har doktorgrad i medisin frå Universitetet i Oslo og er spesialist i indremedisin og lungesjukdommar.

Optimistisk og litt naiv

Nakstad vaks opp i Skjetten, som i dag ligg i Lillestrøm kommune. Då han var 20, var Nakstad tilbake frå førstegongsteneste og byrja å studere. Han er utdanna fallskjermjeger i forsvaret.

– Eg tok bussen inn til Universitetet i Oslo kvar dag og las «førebuande» («examen philosophicum») som alle måtte ta før dei kunne studere, minnest han.

Han ville råda den yngre seg til å ta det med ro og nyte studietida.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Då ville eg tenkt at eg var veldig optimistisk, kanskje litt naiv, men at eg også hadde veldig pågangsmot.

71 grader nord

Vi er vande med å sjå Nakstad i dress på Dagsrevyen og Dagsnytt 18, men i desse dagar viser mannen som i 2020 vart kåra til årets namn, fram ei litt anna side av seg sjølv. Han er ein av deltakarane i årets kjendis-utgåve av 71 grader nord.

– Då Tom Stiansen ringde meg og spurde om eg ville delta i «71 grader nord», svarte eg ja etter ti sekund, har han fortalt om deltakinga.

I programmet fortel Nakstad at han vaks opp med mange fritidsaktivitetar og var mykje ute på tur. Han satsa aktivt på ski i ungdomsåra, og har hoppa mykje fallskjerm, fortel han til TV 2. Men med åra vart hobbyane lagt litt vekk.

– Dei siste åra har eg vore mykje på tv og i media i samband med pandemien, og det er ikkje noka hemmelegheit at eg eigentleg har jobba kvar dag sidan 2020, men no har eg tatt fri og legg bort e-post og kjem berre til å vere på tur og kose meg, seier han i programmet.

Møtte ei søt jente

Det var ikkje berre friluftsliv den unge Nakstad brukte tid på. Han minnest han som 20-åring høyrde mykje på popmusikk, blant anna Morten Harkets soloalbum «Wild seed» og låta «Spanish steps».

71 grader nord er ikkje Espen Nakstads første møte med norske fjell. Her er han på ein todagars tur i Jotunheimen i 2022. | Foto: Privat

– Og så gjekk eg mykje på kino med vennar og såg blant anna Leaving Las Vegas, Apollo 13 og Batman Forever.

Året var 1995. Nakstad hugsar at det nettopp hadde vore OL på Lillehammer eit år før, Noreg vann Eurovision med låta «Nocturne» og det var storflaum på Austlandet.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg møtte ei veldig søt jente det året, det hugsar eg godt.

Tvillingbroren var den viktigaste

Den viktigaste personen i livet hans, var tvillingbroren Anders.

Espen har eit vagt minne om at dei feira 20-årsdagen heime hos foreldra.

Tvillingbroren studerte òg medisin. Espen har fortalt at dei gjorde alt saman og var bestevennar.

– Vi var utruleg tette. Som einegga tvilling kjenner du nesten broren din betre enn du kjenner deg sjølv, seier han i eit intervju med TV 2.

I 2014 døydde Anders Rostrup Nakstad i ei helikopterulukke på jobb for Norsk luftambulanse. Espen har vore open om korleis det er å leve med tapet av broren.