Vetle tok over garden då han var 20: – Veit ikkje om eg hadde tort om eg visste alt eg måtte lære

Vetle Sæterbø Skei måtte brått ta over familiegarden då han var 20. Han vonar fleire yngre torer å ta steget.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Sjølv om bonde er eit tradisjonsrikt yrke, er det lov å skape nye tradisjonar. Ein må finne ein måte ein sjølv har lyst til å drive på, som er økonomisk nok til å vere ein arbeidsplass, seier Vetle Sæterbø Skei.

24-åringen er på telefon frå garden i Surnadal i Nordmøre. Det er nettopp kunngjort at han er ein av finalistane i «Årets unge bonde».

– Ja, det er stas det, seier han.

Landbruket er i stadig endring. Norske bønder blir færre og eldre. Vi har andre matvaner. Unge har andre forventingar til arbeidslivet. På 90-talet var det dobbelt så mange bønder som i dag. Den gjennomsnittlege bonden var i 2020 52,2 år gammal.

– Det er skremmande å sjå korleis det står til. Det kjennest som om landbruket står på pause, seier Skei.

Låg i korta

Skei tok over familiegarden nesten over natta, etter at foreldra hans fortalde at dei skulle skiljast. For at garden skulle bli i slekta, måtte nokon erstatte faren som skulle flytte bort. Ansvaret fall på Vetle, som endå ikkje hadde fylt 20. Han måtte avbryte læretida som maskinførar, og ei knapp veke etter beskjeden om skilsmissa, var han plutseleg bonde.

– Eg har ikkje angra ein dag, seier Vetle.

Skei har alltid likt å jobbe på garden. Då han var liten, likte han best å køyre traktor. I seinare år har han fatta større interesse for arbeid i fjøsen og dyrehald. Dei to eldre syskena hans har aldri vore interesserte i å ta over, så det låg i korta at det var Vetle som var den neste bonden på garden. Likevel kom overgangen litt brått på.

– Eg trudde eg visste kva eg gjekk til, men no, fem år seinare, er eg usikker på om eg hadde tort dersom eg visste alt eg måtte lære meg. Eg har fått god hjelp av familie og naboar, men det har vore ei bratt læringskurve, seier han.

Viktig fellesskap

Dei siste fem åra har vore innhaldsrike. Det har vore krevjande, på godt og vondt.

– Eg har fått eit litt anna syn på livet. Eg set pris på ting som eg før ikkje har tenkt over, som den fritida eg før tok for gitt, fortel han.

Skei har allereie teke nokre grep for å modernisere drifta. Han har investert i gjerdeteknologi som gjer at han kan utvide beitesesongen. Han har òg gått saman med to nabobønder om ein moderne maskinpark. Slik sparar dei både pengar og miljøet, og dei deler på arbeidsmengd og utstyr.

– Dessutan blir det eit sosialt fellesskap. Vi kan ete lunsj i lag og bere byrdene saman. Det er mange bønder som er mutters åleine om alt. Det er ikkje sunt for hovudet. Eit problem ein deler på, er ikkje så stort som om du står åleine, slår han fast.

Han trur at fleire bønder kunne hatt godt av å samarbeide og danne fellesskap og samdrift.

– Fell som floger

Skei er bekymra for utviklinga i bondestanden. Han forstår dei som sit att med ein gammal fjøs utan råd til å modernisere, som ikkje torer å ta sjansen på å halde fram drifta.

– Bøndene fell som floger. Det må skje store grep for at det skal gå an å halde på med dette i mange år. Held det fram som no, stoppar det norske landbruket av seg sjølv, slår han fast.

– Politikarane forstår ikkje verdien av landbruket. Det er vanskeleg når dei som sit og bestemmer, ikkje skjønar kva det går ut på. Dei berre et maten, seier han.

Han meiner det norske samfunnet bør heie fram norsk landbruk, og ikkje minst betale den prisen landbruket treng for å klare seg.

– Det er det som skal til. Store deler av landbruket har brukt pengar på å satse og fornye seg, og mange må ta opp lån for å betale rekningane sine. Det går ikkje over mange år, seier Skei.

Vil hjelpe ferske bønder

I Vestland fylke arrangerer Landbrukssamvirke Vest ei årleg satsing kalla «Ny bonde». Det er eit arrangement for å hjelpe unge, ferske og potensielle bønder.

– Vi vil gjere det tryggare å ta steget. Ein del av dei som deltek er i vurderingsfasen, eller har nettopp teke over, fortel Arne Undheim. Han er organisasjonsleiar for agro og vest i Nortura, ein av partane i Landbrukssamvirke Vest.

Han fortel at «Ny bonde»-samlinga skal hjelpe bøndene med å bli kjende og skape nettverk, såvel som å gi dei fagleg påfyll. Dei siste åra har det vore rundt 40 deltakarar på samlingane, både ferske og gjengangarar. Dei fleste deltakarane på samlingane er under 35 år.

– Å ha eit nettverk opnar for både utveksling av erfaringar og inspirasjon. På Vestlandet er det gjerne lange avstandar til neste gard. Då er det viktig og positivt å kjenne nokon som er i same situasjon som ein sjølv, og har ei større forståing for utfordringane du står i, seier han.

Arne Undheim er organisasjonsleiarfor agro og vest i Nortura. | Foto: Nortura

Fryktar økonomien

Undheim fortel at motivasjonen til dei nye bøndene varierer frå person til person.

– Nokre har ein ideologisk tanke om å bli bonde og drive med landbruk. Mange ønsker å kunne leve av landbruket, og ikkje måtte ha ein deltidsjobb ved sida av. Nokre kjem ikkje frå gard, men har hatt eit ønske om å produsere mat eller drive med dyrehald. Og ikkje minst vil folk vere med på å oppretthalde levande bygder, seier Undheim.

Den største frykta til dei ferske bøndene er at det ikkje er god nok økonomi i landbruket. Ein står gjerne overfor store investeringar, og då er det viktig å vita at ein kan driva føreseieleg og trygt.

– Når du investerer titals millionar i å kjøpe ein gard eller gjere vedlikehald, er du heilt nøydd til å ha tryggleik om at nokon vil kjøpe mjølka og kjøpet om 15–20 år, seier han.

Verksemdene som er representerte i Landbrukssamvirke Vest, som Nortura og Tine, er samverkeselskap som er eigde av bøndene sjølv. Undheim understreker tydinga av sterke samvirke, for at bøndene skal vere trygge på at dei får selt kjøtet eller mjølka dei produserer.

På Ny bonde-samlingane ønsker dei difor å engasjere dei ferske bøndene, ikkje berre i si eiga drift, men også i samvirka deira.

– Ingen er blinde for endringane som skjer i storsamfunnet. Det er ei uvisse om kva morgondagen bringer, og om det er økonomi i landbruket. Ein kan ikkje leve av ideologi, ein må kunne leve av jobben ein gjer. Då må vi prøve å vise fram moglegheitene, seier Undheim.

Samstundes ønsker Landbrukssamvirke Vest å informere om kva velferdsordningar som finst for bøndene. Mange er usikre på kva moglegheiter ein har til å ta ei frihelg, eller kva situasjon ein hamnar i om ein får born.

– Få hjelp

Trass i utfordringane ved yrket, vonar Vetle Sæterbø Skei at fleire unge tek over gardane viss dei har høve. Han meiner uvissa ikkje bør stå i vegen for at folk tar sjansen.

– Om du vurderer å ta over ein gard, eller det er noko du er usikker på, så ring til naboen, ta kontakt med andre bønder. Ein skal ikkje bite over for mykje, men forhøyr deg om moglegheiter, spør om hjelp, få tankar, diskuter med andre, rår han.

Sjølv vert han motivert av å ha eit mål å jobbe mot, og å fokusere på det positive framfor å henge seg opp i det negative han les på nett.

– Som med andre jobbar kjem det tidspunkt der ein er mindre motivert, men ein må prøve å gjere det beste utav det. Det er ingen som gjer jobben for deg, seier han.

Han trivst òg godt med å vere sin eigen sjef og styre dagane sjølv. Det betyr mellom anna å kunne dra på jakt ein dag utan å måtte klarere med ein sjef som ventar at han er på jobb frå 7 til 15.

– Sjølv om det er mykje jobb å gjere, trur eg det er sunt å unne seg ein dag med noko anna. Om det er å vere i lag med familien, gå på ski eller gå i fjellet, eller andre hobbyar. Arbeidet finn du att, seier han.