Identitet

«I år går eg ikkje i paraden. Eg har fått nok»

Kirsti Sæternes (20)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Prideparaden har på mange måtar vore eit høgdepunkt for meg. Ein folkefest av kjærleik og inkludering. Ein stad kor ein kan vere seg sjølv, eit fellesskap for så mange som har opplevd utanforskap i det å vere annleis. Ei påminning om at eg ikkje står aleine i kampen vidare.

Men i år drar eg på hytta. I år går eg ikkje i paraden. Eg har fått nok.

Pride som ikkje gjekk etter planen

I fjor var eg i Oslo under pride-week. Eg lærte, lytta, opptredde, og var med venner. Gledde meg som ein unge til paraden. Så skjedde terrorangrepet. Eg var ikkje ute den kvelden. Eg var ein av dei som i panikk prøvde å få tak i venner og familiemedlemmer på byen. Og eg var djupt involvert i dagane etterpå.

quote-left

Eg var ein av dei som i panikk prøvde å få tak i venner og familiemedlemmer

quote-right

Etter tjue minutt søvn sto det klart for meg at prideparaden blei avlyst. Eg tok med flagget ut i gata. Eg var i pridetog, på minnemarkeringar, og minnesamlingar. Eg opptredde, var i aviser og på TV.

Eg kunne døydd.

Ingen visste risikoen for eit nytt angrep, koordinert eller inspirert av det første. Konsekvensen av å stå synleg var å risikere livet. I ei veke gjekk eg rundt med kjensla av å vere i livsfare.

Å gå vidare

Eg sov ikkje før langt utpå hausten. Høge lydar fekk meg framleis til å kveppe til uti mai i år. Men eg lærte meg å gå vidare.

Eg fekk skjøre forteljingar om skeive terrortraume publisert. Eg skreiv dikt om redsla mange skeive har. Eg opptredde med slampoesi på Namdalspride.

Eg lærte å gå vidare.

Det trudde eg i alle fall.

Når mai blir juni

Noko skjedde i månadsskiftet mai-juni.

quote-left

Smell, rop og brå bevegelsar sender meg rett i panikk

quote-right

Søvnproblema kom tilbake. Hovudet mitt koplar av, og eg hugsar lite. Smell, rop og brå bevegelsar sender meg rett i panikk.

Eg er konstant nervøs, og angst for andre ting dukkar opp som eit symptom – trafikk, å sitje i bil, å snakke med framande, å gå aleine.

Smertene blir fysiske og held meg frå å sove, held humøret nede, og gjer overskot til underskot.

Hjartebank i kvilepuls

Eg har hjartebank i kvilepuls. For eg trur eg skal døy. Heile tida.

Kjeven er stram. Skuldrene høge. Dette gir kronisk hovudpine. Auga er alltid på leit etter truslar. Hovudet er trøytt. Det som skjer med meg, er ein traumerespons. Det er pride igjen, og kroppen min trur at eg er i livsfare som sist.

Ein felles skade

Etter terroren blei det oppretta krisehjelp. Men det var jo mange som trong det meir, eg trong det vel ikkje, det gjekk då fint med meg? Eg tok ikkje kontakt. Det tok meg eit år å skjønne kor mykje terroren påverka meg.

Og eg er ikkje aleine. Opplevinga mi vert delt av mange i LGBTQ+miljøet.

quote-left

Kjærastar tør ikkje å halde hender opent

quote-right

Mange tør ikkje å gå å paraden. Kjærastar tør ikkje å halde hender opent. Vennene mine nøler med å henge opp flagget. Vil ikkje at deira flagg også skal bli tent på, som har skjedd fleire stader.

Ein pause

Eg las i fleire kommentarfelt den 1. juni. Så skrudde eg av telefonen, For det er avgrensa kor mange gongar eg orkar å sjå pride bli omtala som ein «pedofil-festival». I fjor blei vi skotne på, i år er vi erklært pedofile. Retorikken set oss i livsfare igjen, når Oslo pride no blir truga på nytt. Truslane mot det skeive miljøet aukar, og Redd Barna sin barnefestival blir truga med vald.

Kvinne på perrong med regnbogebag i forgrunnen
Kirsti Sæternes på veg til toget. Foto: Privat

For ein månad sidan fekk eg skrike i trynet at jævla homoar skal drepast. Og kjenslene eg sit med rundt pride, blir delt av fleire. Det er mykje eg har på hjartet rundt pride, men toget får gå utan mi stemme.

Toget går

Prideparaden – folkefesten for kjærleik, for skeive rettar, – får gå utan meg i år. Eg treng ein pause frå ein kamp eg eigentleg ikkje har råd til å ta pause frå. Eg veit at det å vere i Oslo når paraden nærmar seg, vil gjere psyken min mykje verre.

For mange år sidan, før eg skjønte at eg sjølv var homo, gjekk eg i pridetoget. Då gjekk eg for dei som ikkje torde, eller kunne, gå. Etter kvart gjekk eg for meg sjølv.

quote-left

Etter kvart gjekk eg for meg sjølv

quote-right

I år er eg den som ikkje kan.

Eg har fått nok.

I år pakkar eg stoltheita ned i sekken og tar toget nordover, og pakkar ikkje stoltheita opp att før eg lærer metodar for korleis eg best kan leve med skaden eg blei påført.

Eg håper på ein vakker, trygg, og kjærleiksfylt folkefest. Men utan meg for denne gang.

Kanskje sjåast vi neste år.