Olivia (17) var livredd då ho skulle fortelje medelevane om foreldra sitt rusproblem

Olivia har vore usikker på å fortelje historia si av omsyn til foreldra. Under Nordisk Talefest sit far hennar i salen og høyrer på dottera.

Synne Ulltang
Publisert

– Begge foreldra mine er rusavhengige. Det har påverka meg så mykje at eg ikkje vil andre skal gå gjennom det same, fortel Olivia.

Framtida.no møter 17-åringen på Kongshaug Musikkgymnas der ho går i andre klasse. 

I dag, 10. mai, framfører 30 ungdommar frå Noreg, Sverige og Danmark talane sine på Kulturhuset i Bergen under Nordisk Talefest. Arrangementet skal strøymast via YouTube, og ei av dei som står på scena, er Olivia Sandvik Hilleren frå Øvre Årdal.

Foreldra til Olivia har begge høyrt talen hennar og lese denne artikkelen før publisering.

Ho vaks opp hos besteforeldra på grunn av rusproblemet til foreldra. Oppveksten hennar har inspirert ho til å skrive ein personleg tale om tabuet å vekse opp med foreldre som slit med rus. Målet med talen er klart:

– Eg vil hjelpe dei som har rusproblem og sette lys på problematikken.

Ikkje ein «sippetale»

Olivia syng og er van med å stå på ei scene. Men ho har ikkje halde mange talar i livet sitt.

Talen har ho arbeidd med sidan i fjor haust. Då melde klassen hennar seg på talekonkurransen Ta ordet!. Olivia var ein av dei som kom vidare i talekonkurransen, og til slutt enda ho opp som deltakar i Nordisk Talefest.

Både innhald og framføring har blitt perfeksjonert sidan det første utkastet frå i haust.

– Eg trur eg har skrive om talen kanskje seks gonger no, smiler Olivia.

Temaet for Nordisk Talefest i år er draumar.

– Draumen min er at folk som slit med rus, skal få hjelp, seier Olivia.

– Samtidig har eg ikkje lyst til at dette skal vere ein «sippetale», at det skal vere synd i meg. Eg synest ikkje noko synd i meg sjølv. Min draum er berre å sette lys på dei som treng hjelp, og det er mange av dei, fortel ho.

Bekymra for reaksjonane

Når ho held talen sin, er det den første gongen ho fortel offentleg om foreldra si rusavhengigheit.

– Det har alltid vore vanskeleg for meg når folk spør «Kva jobbar foreldra dine med?». Samtidig veit eg at eg ikkje er den einaste som har dette problemet, men eg føler ikkje at det blir snakka om.

Ho har til tider tvilt på om det er rett å fortelje om ein så personleg tematikk og har bekymra seg for reaksjonane som kunne komme.

– Eg har hatt periodar der eg føler at det er slemt overfor mamma og pappa. Eg vil ikkje at dei skal bli sure. Men mamma og pappa har begge to høyrt talen og støttar meg. Pappa kjem faktisk og ser på framføringa. Det blir sterkt.

Olivia har også vore bekymra for kva medelvar på den kristne internatskulen kom til å tenke.

– Eg var livredd då eg skulle halde talen for heile trinnet og fortelje det til alle for første gong.

Men reaksjonane blei ikkje som ho trudde.

– Eg fekk så mange positive tilbakemeldingar. Det var litt forvirrande eigentleg, fordi eg forventa det ikkje i det heile tatt, fortel ho.

Ver eit medmenneske

Erfaringa frå oppveksten har påverka Olivia sitt forhold til rus.

– Eg har vore litt bekymra når venner har drive på med det. Då har eg prøvd å be dei stoppe og snakke med nokon, enten meg eller profesjonelle. Det kan så fort gå gale, og eg vil ikkje at nokon skal falle i det same holet som foreldra mine gjorde.

Ho har gjort seg nokre tankar om rusdebatten som er i media for tida. I faget Kristentru skal ho snart ha ei PowerPoint-framføring om legalisering av hasj som eit etisk problem.

– Eg stiller meg eigentleg veldig nøytral. Eg trur ikkje det skadar så mykje å legalisere det. Samtidig er hasj farleg for ungdommar og hjerneutviklinga. Men det er også eit problem at det ikkje er ei aldersgrense på det no, og du kan berre kjøpe det på gata. Om staten har litt styring på det, så forstår eg argumentet om at det kan bli tryggare å bruke, meiner ho.

Fokuset i talen hennar er ikkje legaliseringsdebatten, men å vere eit medmenneske og snakke med dei som slit.

– Det er slik med alle ting, om du ikkje snakkar om det, så kjem det ikkje til å gå betre. Det er umogleg å få hjelp viss du ikkje tør å ta steget. Om du går rundt og tenker at du har lyst til å hjelpe ein venn med rusproblem, så hjelper det ikkje å gå rundt og tenke på det. Du må gjere noko, du må tore å ta den samtalen, uansett kor vanskeleg den kan vere. Det kan redde framtida til nokon, oppfordrar Olivia.

Hjelpande dytt til snakke om rus

I kveld tar ho med seg bodskapen sin på scena i Bergen.

– Kva håper du å oppnå med talen din?

– At folk skjerpar seg! Eg håper folk spør meg spørsmål etterpå, eller at dei tør å ta samtalen med ein venn som slit. Om dei ikkje har tort å gjere det til no, så håper eg at talen min kan vere eit hjelpande dytt, seier Olivia.

Eit demokratisk ønske og eit skandinavisk fellesskap

Prosjektleiaren for Nordisk Talefest i Noreg, er Jens E. Kjeldsen. Han er professor i retorikk og seier dei har to mål med å arrangere ein nordisk talefestival.

– Det eine målet er å hjelpe ungdommar med å få ei stemme. Vi oppfordrar dei til å tenke gjennom kva som er viktig for dei, og kva dei synest er viktig i verda. Så gir vi dei evne og vilje til å uttrykke dette slik at andre lyttar. Vi har berre eit demokrati viss vi greier å uttrykke det vi meiner slik at andre høyrer etter, seier han.

Det andre målet med festivalen er å bringe ungdommar frå dei skandinaviske landa saman.

PROSJEKTLEIAR: Jens E. Kjeldsen er professor i retorikk og prosjektleiar for Nordisk Talefest i Noreg.

Professoren meiner det er veldig viktig at Olivia fortel si historie.

– Vi lever i ei tid med mykje kunstig intelligens. ChatGPT kan skrive ein tale om rusmisbruk. Men ChatGPT har ikkje følelsar. Er det noko vi kan gjere som er menneskeleg, så er det å fortelje om våre eigne erfaringar. Det som Olivia fortel, er det ikkje nokon andre som kunne fortalt, seier han.