Kristine (26) må betale i dyre dommar for å kome seg heim til jul – droppar heimreisa

Julereisa heim til Mehamn kostar student Kristine Sandtrøen (26) nesten to månadsleiger. Difor droppar ho heimreisa.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Eg ser det at opp mot høgtider eller tider kor det er meir trykk, så fjernast mogelegheita til å kjøpe studentbillett, og prisane stig noko heilt forferdeleg kraftig , seier Kristine Vilde Andersen Sandtrøen.

26-åringen kjem frå Bodø, men familien bur enda lenger nord, i Mehamn i Finnmark.

Som student i Oslo er ho vant med høge prisar for flybilletten når ho tek seg ein tur heim, men høgtida som no står på trappene tek kaka. 

Rimelegare å reise til New York

Det går verken direktefly eller tog til Mehamn i Finnmark. Skal ho køyre bil eller buss frå studentbyen tek det over eitt døgn, og raskaste ruta er gjennom Sverige.

Fly med mellomstopp er difor det beste alternativet når Sandtrøen skal reise heim.

– Ei reise frå Oslo til Mehamn kan innebere at du må reise til Alta, og via det ein kallar «mjølkeruta». Då reiser ein først til Hammerfest og Honningsvær, og så til Mehamn. Eller så kan ein ta fly til Tromsø, og ta fly med Widerøe til Sørkjosen, Alta, Hammerfest, Honningsvåg og så Mehamn.

Dersom ho skulle bestilt flybillett heim dagen etter at ho er ferdig med siste eksamen, kostar det 6520 kroner for flybillett ein veg frå Oslo til Mehamn den 20. desember. Denne ruta har stopp i Tromsø, Alta, Vadsø og Båtsfjord.

Dersom ho også skal tilbake 2. jaunar, kostar ein returbillett 7380 kroner. 

Det er til saman 13 900 kroner for ein studentbillett tur-retur Oslo-Mehamn. 

Til samanlikning er det rimelegare å reise tur-retur Oslo-New York i same tidsrommet. Billettprisen er også nesten like høg som to månadsleiger for bustaden hennar i Oslo.

– Når det står «studentbillett» på billetten og at den er såpass dyr, syns eg eigentleg er hårreisande, seier studenten.

Kristine sine alternativ for heimreise til jul

Her er Kristine sine alternativ for å kome seg heim til jul, dersom ho bestiller studentbillett tur-retur frå onsdag 20. desember til tysdag 2. januar, og vel det tidlegaste alternativet (henta tysdag 28. november).

Fly med SAS og Widerøe til Mehamn

  • Fly til Mehamn med eitt flybyte i Tromsø og tre stopp i Alta, Vadsø og Båtsfjord. Denne turen tek rundt fem og ein halv time, og kostar 6220 kroner for ein veg.

Fly med Norwegian og Widerøe til Mehamn 

  • Fly til Mehamn med eitt flybyte i Tromsø og tre stopp i Alta, Vadsø og Båtsfjord. Denne turen tek rundt seks timar, og kostar 6027 kroner for ein veg.

Fly til Bodø og bil til Mehamn

  • Fly til direkte til Bodø. Denne turen tek rundt ein og ein halv time, og kostar 1969 med Norwegian. Køyretur med bil vidare til Mehamn kor bompengar, bensin og eventuelt leigebil blir kostnadane. Dette har Sandtrøen sjølv gjort før, og då tok turen mellom 20 og 24 timar.

Droppar heimreise

Prisen er med andre ord altfor høg for ei studentlommebok. Difor blir det ikkje noko heimreise til jul i år.

– Me har rett og slett funne ut i familien at me alle saman har jobb og liknande rundt Oslo, og me har litt familie her, og då feirar me heller jul hos dei, og så kan heller dei med betre økonomi heller dit, enn at me reiser heim til foreldra til jul, fortel ho.

Dei dyre prisane for flybillettar heim til nord har gjort at Sandtrøen må prioritere turane heim. I løpet av skuleåret er ho berre heime ein til to gongar.

– No er det mykje mørketid der oppe, og då prioriterer eg heller å dra heim i høstferien eller påskeferien i staden.

Må bestille i god tid

Rett nok veit Sandtrøen at det er i seinaste laget å bestille tur heim så seint som 28. november då Framtida.no sjekka prisane. For å få overkommelege prisar må ho som regel vere to til tre månadar i førevegen.

Då ho sjølv sjekka prisen for billettar heim til jul var prisen likevel mellom 5000 og 8000 kroner. Allereie då ho fekk timeplanen i august skjøna ho at ho nok ikkje kom til å kunne reise frå Oslo i jula.

– Det er ikkje i nærleiken av det andre studentar treng å betale når dei reiser heim, påpeikar studenten.

Ho fortel at det ikkje hadde gått opp for ho dersom ho skulle betalt utgiftene med berre studentøkonomi, og at ho difor er heldig som har ein deltidsjobb og får hjelp til å betale billettane heimanfrå.

– Men eg veit at ein del av mine venar som også studerer i Oslo og omland, ikkje har dei same moglegheitene som meg til å reise heim. Eg kjenner fleire familiar som også har same løysinga som me har, at foreldra heller kjem sørover.

– Korleis er det å ikkje ha mogelegheita til å reise heim oftare?

– Ein kjenner seg litt isolert. Eg er ein veldig familiekjær person, så det å ikkje vere i så mykje kontakt med dei gjennom eit heilt år, er jo belastande, seier 26-åringen.

Minimale avslag

Sandtrøen peikar på fleire tiltak for å løyse problemet. Ho meiner mellom anna at ein må vurdere kva ein studentbillett er.

– Kva anslår ein eigentleg at ein student har råd til å betale for ein billett, basert på den økonomien ein har i dag? Det kan stå studentbillett, og den er kanskje 500 kroner billigare, men å eigentleg skulle betale 3000 og betale 2500 i staden for, er eit minimalt avslag.

I tillegg peikar ho på at kollektivtilbodet, særleg i nord, må endrast.

Tidlegare fanst eit «Flex-tilbod» kor Sandtrøen til dømes kunne fly til Alta, som er noko rimelegare, og så bestille ein minibuss til dit ho skulle. Men tilbodet er no lagt ned av Finnmark fylkeskommune.

– Flex-tilbodet var ei krykke som funka ganske greitt. Det å velje å fjerne det til dei stadane ein først sa at ein måtte ha det til, fordi det ikkje var mange nok reisande, tenkjer eg er å ta det frå dei som faktisk reiser.

Ingen velferdsordning

Are Oust, professor i finansiell økonomi ved NTNU Handelshøyskolen, fortel at prisane stig mot jul fordi etterspurnaden også aukar, og at det er få fly.

Ein mann som smilar til kamera.

Foto: NTNU

– Då kan flyselskapa ta seg betre betalt rett og slett, seier han. 

Han peikar på at studentbillett på fly ikkje er ei velferdsordning, og at studentane skal vere glad for at det i det heile teke finst nokre studentbillettar.

– Studentbillettar er berre noko som flyselskapa har bestemt seg for at dei skal ha. Når du vel å ha studentbillettar, så driv ein det gjennom noko ein kallar prisdifferensiering.

Prisdifferensiering tyder at flyselskapa kan ha ulik pris for same produkt til forskjellige kundegrupper.

– Enkelte er villig å betale meir enn andre, så viss ein diffransiere så klarer ein å ta ut meir betalingsvilje til nokre grupper, og samstundes få eit omtrent like stort sal, fortel Oust.

Differensiering av studiestøtta

Ifølgje professoren har studentar det omtrent like bra eller dårleg økonomisk som dei har hatt dei siste 15 åra, sidan studiestøtta blir justert kvart år i forhold prisveksten i samfunnet og til kva studentar brukar pengar på.

Han meiner ei mogeleg løysing er å differensiere studiestøtta slik at dei studentane som har lang reiseveg heim frå studiestaden får litt meir. 

– Dersom du kjem frå Finnmark og studerer i Oslo, så kjem du veldig dårleg ut i forhold til ein som kjem frå Volda og studerer i Volda. Viss du må fly frå til dømes Oslo og heilt nord så er det dyrt å reise. Så skal ein kanskje sjå på det då, når det er så store skilnadar mellom folk. Du har jo eit studietilbod i Alta, men sjølv innanfor Finnmark så er det store reisekostnadar.

– Men då er det samstundes nokre studentar som ville fått mindre, og nokre som ville fått meir, påpeikar professoren.

– Sånn burde det ikkje vere

Leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, Elisabeth Hoksmo Olsen, står ikkje sjølv i knipa med store utgifter for å reise heim til jul, men veit om fleire studentar som gjer det. Det synest ho er trist.

– Sånn burde det ikkje vere. Studentar har like mykje behov for å sjå familie og venar som alle andre, kanskje spesielt med tanke på at undersøkingar viser at studentar er så einsame som dei er. 

Det at studentar ikkje har råd til å kome seg heim til jul uansett kor ein bur, peikar ho på som eit symptom på eit større problem, nettopp at studentøkonomien har blitt svakare og svakare.

– No gjer det at til dømes flyreiser for nokon er nesten så høge summar at ein ikkje kan ta seg råd til det.

Ho trur eit eige tilleggsstipend for studentar som bur lenger borte vil vere meir som eit plaster på såret enn ein kur, og meiner aukt studiestøtte er den beste løysinga.

– Ei ordning med stipend kan ramme eller treffe feil, eller ikkje treffe alle som treng det. Det er til dømes ikkje alltid avstand som avgjer flyprisane. Det er betydeleg mykje dyrare å fly til Mo i Rana enn det er å fly til Tromsø frå Oslo. Slike ordningar vil alltid treffe skeivt. Den einaste måten å sikre lik rett til utdanning, er å auke studiestøtta betydeleg, meiner ho.