Under Lim Yeo-jun (18) sin eksamen stoppa Sør-Korea all flytrafikk

Torsdag 16. november stoppa flytrafikken opp i Sør-Korea. Ingenting skulle forstyrre dei 504 588 studentane som tok sitt livs viktigaste eksamen.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne», der vi undersøker korleis det er å vere ung i Sør-Korea. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Fritt Ord. 

I løpet av ni timar blir framtida til sørkoreanske ungdommar avgjort. Slik kan det i alle fall verke. Den årlege eksamenen Suneung markerer at sørkoreanske ungdommar er ferdige med vidaregåande. Resultata frå eksamenen avgjer kva universitet dei kjem inn på. I eit svært konkurranseprega samfunn har viktigheita av gode resultat berre blitt meir intens i løpet av åra.

For at studentane skulle rekke fram i tide, begynte tilsette i det offentlege i Seoul ein time seinare på jobb den 16. november. Slik prøvde ein å unngå traffikkork. I tillegg blei det sett opp ekstra avgangar på buss og undergrunnen for å sikre at alle studentar kom tidsnok fram. Skulle dei vere seint ute, stod også politibilar parate til å skysse dei.

Klokka 08:40 sette studentane seg ned i eit av dei 1279 testlokala, og først 17:45 var dei ferdige. Då hadde dei vore gjennom fag som koreansk, matte og engelsk. Under lyttetesten i engelsk fekk ingen fly lette eller lande. Slik skulle studentane få ro til å oppnå det beste resultatet for framtida.

 

Sør-Korea

  • Innbyggartal: 51,7 millionar
  • Styreform: Republikk
  • Språket koreansk blir skrive med alfabetet hangeul.
  • Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig.
  • Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord- og Sør-Korea. Ingen fredsavtale er signert.
  • Sør-Korea var eit av dei fattigaste landa i verda etter Koreakrigen, men er no verdas 13. største økonomi og medlem av G20. Den raske økonomiske utviklinga blir kalla «Mirakelet ved Han-elva».
  • Noregs nest største handelspartnar i Asia.
  • Populariteten til koreansk populærkultur utanfor Sør-Korea blir kalla «den koreanske bølga» (hallyu).

Kjelde: snl.no

Ein nervøs dag

Ein av dei som tok eksamenen, var Lim Yeo-jun (18). Framtida.no møter han i byen Gimhae nøyaktig ei veke etter eksamensdagen.

– Eg skalv frå den augneblinken eg stod opp om morgonen. I tillegg til at eg var nervøs, var dagen ekstra kald. Eg skalv så mykje at eg ikkje eingong kunne drikke vatn, fortel han.

Heldigvis har han ein god følelse etter å ha fullført.

– Engelsk og matte var svært vanskeleg, men eg er stolt av meg sjølv fordi eg klarte å vere roleg då eg løyste spørsmåla. Sjølv om eg alltid er godt førebudd, var eg ganske nervøs under eksamenen.

Dei fleste som tar Suneung, går siste året på vidaregåande. Får dei ikkje eit godt resultat, kan dei prøve igjen til neste år. Lim håper han slepp det.

– Viss eg ikkje får resultatet eg håper, blir eg litt skuffa, men då kjem eg til å ta eksamenen på ny. Likevel håper eg at 12 år av mitt akademiske liv ikkje var forgjeves, seier han.

Lettare enn vanleg

Suneung, eller College Scholastic Ability Test (CSAT) som eksamenen blir omsett til på engelsk, blei innført i 1994. Eksamenen er basert på den amerikanske avslutningseksamenen SAT (Scholastic Assessment Test). Mange meiner Suneung er for vanskeleg og ikkje førebur studentane på studiekvardagen.

Les også: Ønsker å gjere eksamen meir rettferdig

Årets eksamen innehaldt berre spørsmål om pensum frå den offentlege skulen, utan såkalla «killer questions» som har vore vanleg tidlegare år. «Killer questions» er spørsmål som er ekstra krevjande, der studentane ikkje kan finne svaret i pensum. Det har ført til at fleire foreldre betaler for å sende barna sine på private ettermiddagsskular, hagwon, for å få toppresultat på eksamenen.

Også Lim har gått på skule etter at den vanlege skuledagen var over. Han budde med familien i Malaysia eit par år og flytta tilbake til Sør-Korea då han var 16.

– Eg gjekk på hagwon for engelsk og matte det første året av vidaregåande. Dei to siste åra slutta eg på engelsk og fokuserte berre på å studere matte, seier han.

Han meiner det er nødvendig å gå på ettermiddagsskule for å få eit godt resultat.

Suneung skal teste pensum frå vidaregåande, men spørsmåla er svært vanskelege. Testtakarar vil ikkje få det beste resultatet viss dei berre studerer det dei lærer på skulen. Dei fleste går derfor på hagwon for koreansk, matte og engelsk, seier han.

Førebuing og overtru

Den siste veka før eksamen brukte Lim tid på å løyse gamle eksamensspørsmål og fokusere på det han var usikker på.

– Familien min og slektningar støtta meg også og gav meg riskaker, seier han.

Riskaker er ei vanleg gåve å gi før eksamen. Ifølge overtru vil den seige teksturen få svara til «å feste seg», slik at du får gode resultat på eksamen. Men det finst også mat som visstnok skal ha motsett effekt. Tangsuppe har ein sleip konsistens og kan derfor føre til at svara «slepp unna» deg. Men det er ei overtru Lim ikkje bryr seg om.

– Vanlegvis får vi servert varm skulemat i kantina, men på eksamensdagen måtte vi ha med oss niste. Mamma hadde derfor laga tangsuppe og pannekaker til meg. Det smakte nydeleg, smiler han.

Avgjerande for framtida

Sjølv om eksamenen er over, klarer ikkje Lim å slappe av før han veit resultatet. Dommen kjem 8. desember.

– Viss det blir eit godt resultat, vil eg takke alle som har støtta meg.

Draumen til Lim er å komme inn på Kyungpook National University i Daegu og studere ved Department of Applied Life Science.

– I framtida kan global oppvarming og befolkningsvekst på kloden føre til at økonomien blir verre og vi får problem med nok mat. Eg ønsker å bidra til samfunnet ved å forske på framtidige matproblem og utvikle betre variasjonar av avlingar og frukt, fortel han.

Resultata frå eksamenen vil avgjere om han kjem inn på draumeuniversitetet, men Lim meiner fleire ting verkar inn på framtida hans.

– I det koreanske samfunnet finst oppfatninga om at du har garantert suksess viss du går på eit godt universitet. Og for nokon kan Suneung vere første steget mot dette. Eit toppuniversitet har dyktige professorar, og du kan bygge eit stort nettverk som kan gi deg mange valmoglegheiter. Men eg meiner at du kan oppnå draumane dine ved eit universitet med lågare status også, så lenge du arbeider hardt. Det at ein eksamen avgjer framtida, tenker eg berre stemmer til ein viss grad, meiner Lim.