Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den faste spalta I bokhylla spør Framtida.no norske forfattarar kva bøker dei har lese som har fått kjenslene i sving.

Kva bok gjorde at tårene trilla av glede og sorg, at sinte gloser sat laust og kva bok gjorde at lesaren vart sitjande att med tusen tankar svirrande i hovudet?

Dette er nokre av svara:

Bøkene som får deg til å grine:

Omslag: Cappelen Damm, Forlaget Oktober, Aschehoug, Gyldendal, kollasj Framtida.no

Brødrene Løvehjerte

Boka som fekk Zeshan Shakar, forfattaren av Tante Ulrikkes vei og Gul bok, til å gråte, er Brødrene Løvehjerte. Shakar synest barneboka av Astrid Lingren er brutal, sjølv om ho endar lukkeleg.

Romanen handlar om brørne Jonatan og Karl «Kavring» som etter dei døyr kjem til fantasilandet Nangijala, og deira eventyr der fylte av søskenkjærleik, mot og kamp mot vonde krefter.

Om Våren

Skodespelar Eili Harboe debuterte i fjor som forfattar med ungdomsromanen Tre meter med kniv. Boka som fekk ho til å gråte er Om Våren, den tredje boka i årstidssyklusen til Karl Ove Knausgård.

I denne romanen følgjer vi ein far og hans tre månader gamle dotter gjennom ein dag om våren, frå soloppgang til solnedgang. Romanen handlar om livets begynnelse, om lyset, men også om mørket, ifølgje forlaget.

Bli hvis du kan. Reis hvis du må

Forfattardebutanten bak ungdomsromanen Alt er OK Ebba Schølberg Eiring trekker fram Bli hvis du kan. Reis hvis du må av Helga Flatland som ei bok som fekk tårene til å trille.

Boka er ein del av triologien om fire unge barndomsvennar frå den same bygda som vervar seg til dei norske styrkane i Afghanistan. Berre éin av dei kjem tilbake i live.

Les også resten av triologien: Alle vil hjem, ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet.

Is-slottet

Mathias Nyhagen Asplund fekk i 2018 Kulturdepartementets debutantpris for barneboka Der ingen finn oss. Boka som rører han til tårer er klassikaren Is-slottet av Tarjei Vesaas.

Boka handlar om venskapet mellom to ungdomsjenter som står på terskelen til vaksenlivet, Siss og Unn. Vesaas fekk som første norske forfattar Nordisk Råds litteraturpris for romanen i 1963.

Bøkene som får deg til å le:

Omslag: Tiden, Cappelen Damm, Samlaget, Forlaget Oktober. Kollasj Framtida.no

Dyrene i Afrika

Påverkar Sophie Elise har gitt ut bøkene Forbilde, Elsk meg og Ting jeg har lært. Ho har òg sin eigen bokklubb, og dei som følgjer ho veit at Erlend Loe er ein av favolittane hennar. At boka som fekk ho til å le er Dyrene i Afrika er difor inga overrasking.

Den humoristiske boka av Loe blir skildra som ein samtidssatire og ei historie om avmakt, aktivisme, avvik og tøylesløst begjær. Ein tannlege, ein biolog, ein filmklippar, ein forfattar og ein politietterforskar reiser til Afrika og selskapet Fauna Fuckers for å skjende dei fem store: løve, elefant, bøffel, leopard og nasehorn.

Ingrid Winters makeløse mismot

Journalist Randi Fuglehaug debuterte i fjor med krimromanen Fallesjuke. Ei bok som fekk vossingen til å le er Ingrid Winters makeløse mismot av Janne Drangsholt. Den humorisktiske romanen handlar om litteraturforskaren Ingrid Winter som sit fast i livet, og om alt kaoset ho hamnar i.

Dersom du, som Fuglehaug, synest denne boka er morosam, kan du glede deg over at det følgjer to bøker til om Ingrid Winter: Winter i verdens rikeste land og Winterkrigen.

Verda er ein skandale

Krista Lien Indrehus har gitt ut diktsamlinga Flør, som utforskar redsla for klimakrisa. Boka som får ho til å trekke på smilebandet er Verda er ein skandale av Agnes Ravatn.

Boka er ei rekke stasjonere reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending. Etter eit tiår i hovudstaden tok Ravatn med seg mann og baby til eit småbruk utan internett, omkransa av skog. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.

Nei og atter nei

Alexander Kielland Krag gav ut det som truleg er Noregs første Instagram-roman, Dette blir mellom oss. Ein forfattar som har fått han til å more seg, er Nina Lykke, med romanen Nei og atter nei.

Boka blir skildra som ein skarp, morosam og ubehageleg roman. Han handlar om middelklasseparet Ingrid og Jan som bur på Nordstrand i ein villa med sine vaksne søner. Både familielivet og lærarjobben har mista glansen for Ingrid, medan Jan fell for den langt yngre rådgjevaren sin.

Bøkene som gjer deg sint:

Omslag: Armada, Aschehoug, kollasj Framtida.no

Klubben

Etter å ha debutert med novellesamlinga Kan jeg bli med deg hjem i 2016 har Marie Aubert  begeistra publikum med romanen Voksne mennesker.

Aubert har latt seg provosere av den svenske journalisten Matilda Gustavsson si bok om den store svenske #metoo-skandalen kring kulturprofilen Jean-Claude Arnault, Klubben.

Voldens historie

Forfattar og forskar innan psykologi, Helene Flood, tok Noreg og verda med storm med spenningsromanen Terapeuten. Ho trekker fram Voldens historie av franske Édouard Louis som ei bok som gjorde ho sint.

Den sjølvbiografiske romanen handlar om eit tilsyelatande spanande møte som endar i valdtekt og drapsforsøk, og om korleis eit offer kan oppleve tida etter eit overgrep.

Drep ikke en sangfugl

Tore Renberg stakk av med Bokhandlerprisen 2020 for romanen Tollak til Ingeborg.

Boka som gjer Renberg sint, er Drep ikke en sangfugl av Harper Lee. Klassikaren blei heidra med Pulitzerprisen i 1961.

Handlinga sirklar rundt Atticus Finch som forsvarar ein svart mann som er tiltalt for å ha valdteke ei kvit kvinne i ein sørstatsby i USA i 1930-åra. Historia er fortald gjennom augo til dottera hans, Scout Finch.

Kinderwhore

Neda Alaei stakk av med Uprisen for debutromanen sin Dette er ikke oss. Boka som gjer ho sint er Kinderwhore av Maria Kjos Fonn. Romanen Kinderwhore handlar om omsorgssvikt, overgrep og misbruk.

«Mange har skrevet godt om at det er forjævlig å være ung. Men få har gjort det bedre enn Maria Kjos Fonn», skreiv VG sin bokmeldar om romanen.

Bøkene som får deg til å tenkje:

Omsag: Skald, Samlaget, Solum, kollasj Framtida.no

Til fyret

Heidi Furre er kjend for bøker som Parissyndromet og Ungdomsskulen. Ei bok som har fått tankane hennar til å svirre, er Til fyret av Virginia Wolf.

Boka handlar om Herr og Fru Ramsay, deira åtte barn, samt vennar og bekjente ved sommarhuset deira på øya Skye. Romanen frå 1927 er basert på Woolf sine eigne opplevingar frå barndommen.

Bonus! Til fyret kom i 2021 i ei ny omsetjing på nynorsk av Brit Bildøen.

Tung tids tale

Marianne Clementine Håheim, forfattaren av romanen Plikt, som Framtida sin bokmeldar gav terningkast 5, peikar på Olaug Nilssen sin roman Tung tids tale som ei bok som fekk ho til å tenkje.

I boka skriv Olaug Nilssen om korleis det er å vere forelder til eit barn med autisme og om kampen for å få hjelp til å gi barnet den omsorga og oppfølginga det treng.

Tre vegar til havet

Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker for ungdom, samt vaksenboka Lyden av to hender. Ho vart tankefull av å lese boka Tre vegar til havet av Brit Bildøen.

Historiene til tre kvinner blir fletta saman i denne romanen om raseri, galskap og flukt frå fortida. Romanen skildrar ifølgje forlaget avmakt i møte med byråkrati og kva desperasjon kan gjere med eit menneske, samstundes som han teiknar eit urovekkjande bilete av ei tid der fugleartar forsvinn og menneske kjenner seg aleine.

Brødrene Karamasov

Gulraiz Sharif jobbar til dagleg som lærar, men har gjort suksess som forfattar med boka Hør her’a, som han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for. Han elskar Dostojevskij, og trekker fram Brødrene Karamasov som ei bok som har vekt tankeverksemd hos han.

I romanen løftar Fjodor Dostojevskij, på bakgrunn av ei mordgåte, spørsmålet «Kan mennesket leve utan Gud»? Det er noko å tenke på, det!


Hanne Kristin Rohde (59) studerte juss som 20-åring og har etter ein lang karriere i politiet skrive fleire krimbøker. Foto: Trond Heggelund