Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 27.09.2021 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les aller helst ungdomsbøker, gjerne barnebøker også, og ein sjeldan gang ein vaksenroman som nokon har insistert på at eg bør få med meg.

Det skriv Upris-vinnar Neda Alaei til Framtida.no. 29-åringen frå Moss har fått ei rekkje prisar for debutromanen Dette er ikke oss.

Når ho ikkje skriv bøker sjølv jobbar ho som miljøterapeut og les mange bøker, som regel kring 100 bøker i året.

– Mykje meir enn eg eigentlig har tid til, medgjev Alaei, men seier ho er glad for å avslutta kvart år 100 leseopplevingar rikare enn det førre.

Me har kika i bokhylla hennar, for å sjekke kva bøker som har gjort mest inntrykk på forfattaren: 

Desse bøkene fekk Neda Alaei til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Det ligg ein haug med ungdomsbøker som eg må få lese så fort som mogleg. Blant anna Uprisen-aktuelle Arvingen, av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug.

Anne Gunn Halvorsen er medforfattar av ungdomsromanen Arvingen, om 17 år gamle Lena, som går på vidaregåande skule med kronprins Karl Johan og prinsesse Margrethe. Foto: Agnete Brun/Utsnitt av bokomslag. Montasje: Framtida

Kor les du?

Eg les eigentleg kor som helst, gjerne på sofaen, gjerne inntil han fine, i blant ute i naturen, nokre gonger på t-banen, men veldig sjeldan på kafé.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg var ei typisk Matilda då eg var liten. Eg las sjølv, og eg las enormt masse. Eg las alt frå Harry Potter til krimbøkene som stod og støva ned i hyllene heime.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg. Eg klarar ikkje forklare det, men kjenslene i boka trefte meg og inspirerte meg til å prøva å formidla mine eigne. Eg elska også Naiv. Super av Erlend Loe.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Eg skulle ønskje det var eg som hadde skrive The Perks of Being a Wallflower, men den er diverre skrive av Stephen Chbosky.

Neda Alaei likte «Mannen som elsket Yngve» og «Naiv. Super» i tenåra, men aller helst skulle ho ha skrive «The Perks of Being a Wallflower.»

Kva meiner du gjer ei bok god?

God driv, interessante karakterar, tankevekkjande handling, og ikkje minst ein haug med kjensler.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det blir nok Matilda av Roald Dahl.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Det hadde jo vore interessant å møta J.K. Rowling, om så for å snakka med ho om alt ho tenkjer og trur om menneske og verda som dei fleste av oss andre er ganske ueinige i.

Neda Alaei (29) trur det hadde blitt ein interessant middagsprat med J.K Rowling og kunne lese Linn Strømsborg for evig. Foto: Daniel Ogren, Wikipedia og Heidi Furre, Flamme Forlag

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Linn Strømsborg. Ho kan kaste kva enn ho vil min veg, og eg lovar at eg vil sluka det.

Boka di vert filmatisert – kven spelar hovudrolla?

Stine Elverhøi Johnsen. Ho er straks ferdig på teaterhøgskulen, og hadde vore utruleg skjønn og sår som mi Sanna frå Dette er ikke oss.

Forfattar Neda Alaei ser føre seg Stine Elverhøi Johnsen i rolla som Sanna i «Dette er ikke oss». Foto: Privat


Forfattar Heidi Furre hadde gjerne sett Zendaya spele hovudrolla i filmversjonen av si første bok, Parissyndromet. Foto: HBO Nordic / Privat

Neda Alaei

  • Alder: 29 år
  • Frå: Moss
  • Utdanning: Barnevernspedagog og forfattarutdanning ved Norsk Barnebokinstitutt
  • Yrke: Miljøterapeut og forfattar for ungdom