Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skodespelar Eili Harboe (25) debuterte nyleg som forfattar på Samlaget med ungdomsromanen Tre meter med kniv.

Berre fire år før si første bokutgjeving på nynorsk bytta ho hovudmål til nynorsk.

– Eg likar godt å lese litteratur på nynorsk, det er som om nynorsk kler det mediet betre enn bokmål. Det høyrest kanskje litt flåsete ut, men som lesar opplever eg at det gir rom for å vere ein del av den verda på ein annan måte. På bokmål føler eg ein større distanse, forklarte Harboe til Framtida.no førre veke.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Stoisk uro av Agnes Ravatn

Kva bøker les du helst?

Skjønnlitterære romanar. Gjerne oppvekstskildringar, om nære familierelasjonar eller menneske som står ovanfor ei livsavgjersle på noko vis.

Kor les du?

På reise, i pausar på jobb, på hytta.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Fem-serien (både mor og far)

Eili Harboe hugsar godt korleis det var å vere tenåring. På biletet til høgre er Eili 13 år. Foto: Jonathan Vivaas Kise/privat

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Jeg tar sjansen av Ulf Stark

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Jane Eyre

Til høgre: Charlotte Brontë (1816-1855) gav ut Jane Eyre under pseudonymet Currer Bell i 1847. Veslesystera Emily Jane Brontë (1818-1848) i midten gav ut Stormfulle høyder og også yngstesystera Anne skreiv. Broren Branwell Brontë har portrettert systrene sine.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Interessante observasjoner, uvventa plot-endringar, dynamiske karakterer.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Tjorven frå Vi på Saltkråkan av Astrid Lindgren

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Emily Brönte

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Tarjei Vesaas

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Oi! Det aner eg ikkje.

Les også: I bokhylla: Forfattardebutant Henrik Øxnevad får strålande kritikkar, men strauk i norsk

Henrik Øxnevad (23) frå Stavanger vert spådd ei lys framtid etter debutromanen «En sånn rød amerikansk scooter». Foto: Gyldendal

 

Eili Harboe

Alder: 25 år

Frå: Stavanger

Utdanning: Bachelor i engelsk litteratur og bachelor i kunsthistorie

Yrke: Skodespelar og aktuell med ungdomsromanen Tre meter med kniv

Talet på lesne bøker i året: Det kjem veldig an på kor mykje jobb eg har.