Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg las omlag ikkje ei eineste bok frå eg var sånn 12-13 til 19-20, skriv forfattar Zeshan Shakar i ein e-post til Framtida.no.

Den einaste boka han las i den perioden var Beatles av Saabye Christensen, men det var ikkje frivillig.

– Eg er glad skulen tvinga meg, for den blei ei av dei aller største lesaropplevingane eg har hatt og minna meg på kor utruleg bra bøker kunne vere.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den kritikarroste forfattaren bak Tante Ulrikkes vei og Gul bok.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Akkurat no ligg det ein Kindle der med Pariseren av Isabella Hanmad. Den verkar veldig bra, førebels.

Kva bøker les du helst?

Eg er ganske altetande. I det siste har eg lese ein del biografiar. Generelt likar eg nok best dei bøkene som teiknar opp eit stort bilete, kor store historiske hendingar blir fortald gjennom historia til enkeltmenneske.

Eg er mindre glad i sånn: «la meg utforske dette dysfunksjonelle mor/dotter-forholdet over 500 sider». Sjølv om det finst gode bøker av den typen også, berre så det er sagt.

Zeshan Shakar meiner barneboka «Brødrene Løvehjerte» er brutal, sjølv om ho endar lukkeleg og kallar «Hvite tenner» ein klassikar som på ein smart og morosam måte skildrar det multikulturelle London. Då han las «Vredens druer» vart han sint på vegner av arbeidarklassen og dei langt nede på samfunnets rangstige, medan Terje Tvedt sin «Verdenshistorie» fekk han til å av innsjå kor små vi er og kor liten del av mennesket si historie vår periode faktisk utgjer.

Kor les du?

Kor som helst. Ofte før eg legg meg. Men også ein del på toget på veg til jobb.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Mor mi las veldig mykje for bror min og meg. Det gjekk i klassikarane: Astrid Lindgren, Roald Dahl, Frendeløs, Greven av Monte Cristo, Skatten på sjørøverøya osb. Mange av dei bøkene har eg framleis eit veldig sterkt forhold til.

Mor til Zeshan Shakar las mange klassikarar for sønene, mellom anna svenske Astrid Lindgren og britiske Roald Dahl. Foto: Ukjend og Carl Van Vechten

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Noko sånn sci-fi/dystopi hadde vore fett. 1984 eller A brave new world. Det er ein veldig fascinerande tanke å kunne byggje eit univers heilt frå botnen av sjølv.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Eg trur ikkje det er éin ting. Eit godt plott, karakterar du blir investert i, språk og refleksjonar som får deg til å lese setningane to gonger eller berre stoppe heilt opp og tenkje.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Mohsin Hamids hovudperson i The reluctant fundamentalist kan eg kjenne meg att i. Men det kan eg for så vidt i dei fleste, så lenge dei er godt skildra og fleirdimensjonale. Folk er folk.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Anar ikke. Kanskje Chimamanda Ngozi Adichie. Ho er veldig god på akkurat det med å fortelje om store historiske og politiske hendingar gjennom enkeltmenneske. Kunne sikkert lært mykje av ho. Pluss, ho verkar som ein kul person.

Nigerianske Chimamanda Ngozi Adichie har gjort internasjonal suksess med sine tydelege bodskap, som til og med er brukt av Beyoncé, medan britisk-pakistanske Mohsin Hamid har skrive den karakteren Zeshan Shakar kjenner seg mes att i. Foto: Wani Olatunde og Jillian Edelstein

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Ahh … Det er vanskeleg. Trur eg seier Mohsin Hamid.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Akkurat no er eg såpass heldig at det nettopp har blitt offentleggjort at Tante Ulrikkes vei skal bli film. Gler meg sjukt. Kven som spelar hovudrollene blir heilt avgjerande, so no pressure liksom. Skal ikkje leggje meg opp i castinga.

I Det Norske Teatret si framsyning av Tante Ulrikkes vei speler Jamal Gaute Adela Aastorp Cudjoe (t.v) rolla som Jamal og Manish Sharma spelar Mo. Foto: Erika Hebbert


I bakgrunnen er Joaquin Phoenix i rolla som Arthur Fleck i storfilmen The Joker. I forgrunnen forfattar Mads Rage. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Zeshan Shakar

  • Alder:  38
  • Frå: Stovner, Oslo, Norge, Pakistan
  • Utdanning: Statsvitskap, økonomi
  • Yrke: Spesialrådgjevar for byrådet i Oslo/forfattar
  • Tal på bøker i året: Boklesinga mi går ofte i bølgjer. Nokre år les eg ikkje mer enn 2-3 bøker, andre år mykje mei. I år har det blitt ein del, tippar ein stad mellom 20 og 30 bøker.