Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alexander Kielland Krag (28) er skribent og kommunikasjonsrådgjevar.

Denne våren debuterer han ikkje berre med sin første roman, men også med det som truleg er Noregs første Instagram-roman.

Boka Dette blir mellom oss kan nemleg også følgast direkte på Instagram-kontoen @dbmo_2020, der nye kapittel bli lagt ut på stories jamnleg.

Boka har også fått eit eige soundtrack, og scenar frå handlinga vert lagt ut som små videoar.

Skjermbilete frå kapittel 1 på Instagram.

Boka handlar om Felix på 17 år som blir forelska i Nicolai, og er sett saman av korte kapittel, nokre på berre ei side eller ein setning.

 Og ja: Alexander er tippoldebarnet til Alexander Kielland og oldebarnet til Vilhelm Krag.

Me tok ein kikk i bokhylla til debutanten:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?
Akkurat no ligg Full spredning av Nina Lykke og Det er natten av Katarina Ramqvist der.

Sistnemnde ligg rettnok i Deichman-appen på telefonen, men telefonen ligg mykje på nattbordet, så det får telle.

Kva bøker les du helst? 
Eg les aller helst romanar som overraskar meg på ein eller annan måte.

Det beste er å finne bøker som får meg til å tenke over meg sjølv, livet eller samfunnet på ein annan måte enn eg har gjort tidlegare.

Rachel Cusks Transitt er eit godt døme. Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen er eit anna.

Kor les du?
Stort sett i senga. Eg elskar morgontimane. Ofte blir eg i senga med ein
kaffekopp i ein times tid etter at eg har vakna.

Somme gonger skriv eg, andre gonger les eg. Eg les også på kvelden i senga, eller i vindaugskarmen på kjøkenet medan kjærasten surrar med noko matlaging.

Kva bok/bøker vart lese til deg som liten? 
Bestemor las Harry Potter-bøkene for systera mi og meg kvar sommar då bøkene kom ut.

Vi sat i stova på landstaden på Sørlandet med havet nestan rett utanfor. Det er gode minner.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?
Eg var veldig fascinert av korleis The Time Traveler’s Wife av Audrey Niffenegger
blei fortalt og bygd opp.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?
Mange! Tørk aldri tårer uten hansker-serien til Jonas Gardell, Det här är hjärtat av
Bodil Malmsten, Omriss-trilogien til Rachel Cusk.

Les eg ei bok eg likar godt, tenker eg alltid på korleis det ville vore om det var eg som hadde skrive akkurat den. Men så blir eg glad for at den er skriven av nokon andre, at den allereie finst.

Kva meiner du gjer ei bok god?
Det er nesten umogleg å sei.

Ein god roman har driv og ei kjenslemessig nerve. Den får meg til å tenke meg om på nytt – den gir meg ein ny måte å sjå på noko som eg har sett mange gonger før.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
Eg kan kjenne meg igjen i kjenslelivet til Elio i Call Me By Your Name av André
Aciman. Han er introvert, drøymande, produktiv, litt sta.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
Inviterer to damer: Jane Austen og Vigdis Hjorth. Den samtalen rundt bordet skulle
eg gjerne vore med på.

Foto av Vigdis Hjorth: Terje Bendiksby / NTB scanpix , måleri av Jane Austen: Cassandra Austen/Wikipedia

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
Kanskje Vigdis Hjorth. Då hadde eg hatt ein fin bibliografi å velge i frå før av, og ho
skriv jo bøker i eit tempo som gjer meg trygg på at eg ville fått noko nytt i hylla
nestan kvart år. Det hadde vore tryggande!

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?
No har på ein måte boka mi ein slags filmhovudperson allereie, om enn på ein
annan måte enn i vanleg film.

I Instagram-versjonen av Dette blir mellom oss, speler Elias Lunde-Huseby hovudpersonen Felix. Det er eg nøgd med. I Hollywood-versjonen hadde Tom Holland fått rolla.

Les også: Hanna Stoltenberg (31) fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris – sjekk ut bokhylla hennar

Forfattar Hanna Stoltenberg har jobba som journalist, men er no tekstforfattar på Munch-museet. Foto: Julie Pike (sett saman med utsnitt frå bokomslag til «Nada»).

Fakta

Namn: Alexander Kielland Krag
Alder: 28 år
Frå: Oslo
Utdanning: Bachelor i medievitenskap, master i retorikk og kommunikasjon
Yrke: Kommunikasjonsrådgivar og skribent. Eg underviser også litt i kommunikasjon
og retorikk.
Kor mykje les du sjølv?: For lite! Det blir kanskje i underkant av 20 bøker i året?