Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg prøver halde meg til ei skjønnlitterær bok av gangen. Og dei les eg ofte sakte. Dei beste bøkene les eg sakte sakte. Dei aller beste les eg fleire gongar sakte, sakte, sakte. Jo betre eg synst boka er jo saktare les eg.

Mathias Nyhagen Asplund bokdebuterte i 2018 og fekk Kulturdepartementets debutantpris for barneboka Der ingen finn oss.

Jon Fosse-fan frå Bodø

32-åringen kjem frå utanfor Bodø, men har trykt Jon Fosse og nynorsken til sitt bryst.

No er han på ny aktuell, denne gongen med diktsamlinga eins pust.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den skodespelarutdanna forfattaren.

Desse bøkene fekk Mathias Nyhagen Asplund til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Der ligg Hemmelihetstilstanden. Det er poetikk og essays av Inger Christensen. Det er ei sånn bok eg les litt heile tida.

Kva bøker les du helst?

Eg har alltid helde meg unna tydlege sjangrar i både film og bøker. Men etter at eg fylde 30 har eg byrja elske westernsjangeren… Eg lurar på om det er vanleg? Utanom det har eg alltid prøvd å lese ting som er vanskeleg å plassere innanfor sjangrar og som utfordrar litt gjennom språket. Og så les eg så mykje dikt eg kjem over. Hadde eg hatt pengar skulle eg kjøpt alle diktdebutantar kvart år og lese dei.

Kor les du?

Eg les på kveldane i stua og på soverommet. Eg les også dikt om morgonen ved frukostbordet eller der eg tek den fyrste kaffikoppen.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Foreldra mine las Jostein Gaarder og Astrid Lindgren.

Foreldra til Mathias Nyhagen leste Astrid Lindgren og Jostein Gaarder for han i oppveksten. Foto: Ukjend og Heike Huslage-Koch

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg leste mykje varierande bøker i den tida. Men noko som gjorde intrykk var at eg kunne plukke opp og lese verdsberømt nobelprsivinnande litteratur som likevel verka forståeleg og mogleg å nyte. At dei bøkene ikkje berre var vanskelege. Hamsun gjorde inntrykk. Anton Tsjekhov og Harold Pinter. Jon Fosse gjorde også inntrykk, han har jo ikkje fått Nobelprisen enno, men får den jo til hausten.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Unge Werthers lidingar.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ei bok som bryt sjangrar. Som brukar språket i staden for innhaldet til å fange og sjokkere lesaren. Ei bok som er noko gjennom heilskapen, ikkje berre prøver å gjere noko med dei ulike delane. Men det finst også mange gode bøker som ikkje gjer noko av det.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Kanskje ein Hamsun-karakter. Nokon som berre går å overtenker alt, men seier veldig lite.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Maurice Blanchot. Da kunne eg spurd han om kva han eigentleg meiner med alt han har skrive som eg ikkje forstår.

T.v. Maurice Blanchot (1907-2003) var ein fransk filosof og litteraturteoretikar, medan William Shakespeare (1564-1616) neppe treng særleg meir introduksjon. Foto: Ukjend, Måleri: John Taylor

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Eg tenkjer ofte at om eg hadde kutta alt anna og berre lese Shakespeare så hadde livet mitt forbetra seg. Ingen aviser, ingen matoppskrifter eller vegskilt ingen anna tekst av noko slag. Shakespeare ville tilfredstille meg lett og utan tvil.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Det får bli teater. Da skal Petronella Barker og Helge Jordal lese «eins pust» på ei stor mørk scene.

Mathias Nyhagen Asplund  skulle gjerne sett Petronella Barker og Helge Jordal lese «eins pust». Foto: Øyvind Eide/Nathionaltheatret og Hans Fredrik Asbjørnsen


Les også: Eili Harboe (25) bytta hovudmål: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

Skodespelar Eili Harboe (til høgre) fekk for alvor augo opp for Jon Fosse då ho spelte teaterspira Tale i filmen «Kyss meg for faen i helvete». Foto: Motlys

Mathias Nyhagen Asplund

Alder: 32

Frå: Utanfor Bodø

Utdanning: BA Acting, Rcssd London

Yrke: Forfattar.