Neda Alaei vann Bragepris for roman med «toxic» hovudperson

Romanen Bare vent handlar om populære Mitra, som ikkje er lett å like, men som forfattaren håpar lesaren kan forstå.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg ville ikkje skriva han, eg brukte mange år på å finna ut at kanskje det var ein god idé likevel, sa Neda Alaei ifølgje VG då det vart kjent at ho vann Brageprisen 2026.

Romanen Bare vent vann i kategorien beste skjønnlitterære barne- og ungdomsbok. Brageprisen blir rekna som den viktigaste norske litteraturprisen.

Bryt med det tradisjonelle

Bare vent handlar om korleis det er når livet til den sterke, smarte, pene, kule og populære Mitra (18), som er vant til å få det som ho vil og som er vant til å sleppa unna med det meste, plutseleg raknar. Alt er kaos: foreldra skal skiljast, veslebroren slit, Mitra tenkjer berre på mat og trening, venninnene trekker seg unna og guten som Mitra er interessert i, får seg ein annan kjærast.

Juryen meiner romanen bryt med den tradisjonelle oppskrifta ved å ha ein hovudkarakter ein ikkje likar med det same.

«Mitra er toxic mot venene sine, og svært usympatisk i mange av vala ho tek,» skriv juryen i grunngjevinga.

Juryen meiner vidare at ein vert trekt inn i boka, fordi ein får innsikt i kvifor Mitra handlar som ho gjer.

«Alaei skaper ei historie som grip tak – ikkje trass i at hovudpersonen er vanskeleg å like, men nettopp på grunn av det. Gjennom tematikkar som eteforstyrring og kroppspress, familieoppløysing og vennskap, let Alaei oss forstå Mitras giftige val som noko meir: Ein kamp mot eigne demonar og eigen usikkerheit. Forfattaren utfordrar lesaren sin sympati og tolmod, og gjer oss klokare i møte med skuggesida av ein perfekt fasade», skriv dei vidare.

Løfta blikket og sjå andre

Til Framtida Junior har Alaei fortalt at hovudkarakteren er den same jenta, som har vore birolle i fleire av hennar tidlegare romanar. Ho håpar at lesarane ikkje berre dømmer hovudpersonen, men prøver å forstå Mitra.

– Historia viser Mitra frå innsida, men viser også kva alle andre tenkjer om henne, og det dei tenkjer om henne er ikkje pent. Denne boka handlar på mange måtar om å få hovudet ut av sitt eige svarte hol, løfta blikket og sjå andre enn berre seg sjølv, fortalde Alaei til Framtida Junior, i samband med utgjevinga.