Debutant Neda Alaei (29) fekk Uprisen

Debutanten frå Moss har allereie fått både Kulturdepartementets debutantpris og Bokbloggerprisen for Dette er ikke oss.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tusen, tusen takk, dette er heilt oppriktig min aller største draum, sa Neda Alaei då ho tok imot Uprisen på på Lillehammer torsdag.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Foreningen !les, som har arrangert prisutdelinga sidan 2007.

Uprisen vert kåra av jury beståande av sju ungdomsskuleklassar frå heile landet. Dei har lese og diskutert dei seks nominerte bøkene.

Ei kjenslebombe av kjærleik, sorg og redsel

Alaei vann prisen for ungdomsromanen Dette er ikke oss, som handlar om Sanna som har mista mor si og må ta mykje ansvar for far sin. Når Yousef byrjar i klassen lærer han henne å ta bilete og Sanna finn endeleg nokon som forstår ho.

Juryen skriv i grunngjevinga at boka er så spanande at dei ikkje klarte å leggje ho frå seg.

«Sjølv om den ytre handlinga engasjerer oss, er det den indre handlinga som verkeleg grip tak i oss. Det er rett og slett ei kjenslebombe av kjærleik, sorg og redsel – eigentlig alle kjensler,» heiter det vidare

Prisen vert delt ut i samarbeid med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skulesekken. Eigentleg skulle prisen delast ut i mai, men vart utsett på grunn av koronapandemien.

I tillegg til Neda Alaei si bok var desse nominerte:

  • Følg med nå av Trygve Skaug (Cappelen Damm)
  • Enkebyen av Thomas Enger (Capitana)
  • Minus 14 av Espen Dekko (Gyldendal)
  • Brådypt av Elin Viktoria Unstad (Cappelen Damm)

Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.