Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Før las eg nesten aldri, men dei siste fire åra har det teke seg gradvis opp, skriv Ebba Schjølberg Eiring i ein e-post til Framtida.no.

I fjor las ho 16 bøker, men målet for 2021 er å lese to bøker i månaden.

OK utveksling i USA

Men 2021 er også året då folk kan lesa Schjølberg Eiring sin første roman.

26-åringen debuterer nemleg med ungdomsromanen Alt er OK på Flamme Forlag, der hovudpersonen reiser til Oklahoma for eit utvekslingsår på ein amerikansk high school.

Me har teke ein kikk i bokhylla til debutanten:

 

Desse bøkene fekk Ebba Schjølberg Eiring (26) til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Akkurat no er det Kleda er gjennomvåte av Erlend Sjetne, og Everything I know about love på e-bok, skriven av Dolly Alderton.

Kva bøker les du helst?

Helst moderne skjønnlitteratur, med snev av humor og tematikk eg kan kjenna meg att i. På noverande tidspunkt betyr det ung vaksen-problematikk, lik han som finst i bøker av forfattarar som Sally Rooney, Marie Aubert og Heidi Furre. Elles diggar eg å lesa novellesamlingar, og synest alltid det er eit stort pluss om bøkene eg les er skrivne på nynorsk eller dialekt.

Kor les du?

Der det er sol! Det kan vere i vindaugskarmen, i parken, på stranda eller på ei uteservering ein stad.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Pappa las nesten alle Harry Potter-bøkene for bror min og meg. Det verste var å bli ferdig med ei bok, for me visste jo ikkje når den neste kom til å bli publisert. Me vaks i takt med karakterane i bøkene, og då den sjuande og siste boka kom på norsk meinte eg at eg var blitt for gamal for å høyre på pappa som las, men det var slett ikkje det same å lesa ho sjølv, utan pappa si innleving og reaksjonane til bror min.

Ebba Schjølberg Eiring (26) vaks opp med Harry Potter-bøkene, men det var ikkje det same å lese dei sjølv.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky. Kusina mi lånte ho til meg fordi ho meinte at eg òg burde lesa ho, og eg gav ho aldri tilbake. Eg las ho i fjor også, og ho var like super som for ti år sidan.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Napoli-kvartetten til Elena Ferrante.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Eg meiner at ei bok må vere litt ubehageleg. At forfattaren får oss til å kjenna på nokre av dei følelsane me vanlegvis skjuler for andre; misunning, irritasjon, sorg, sinne, sjølvmedkjensle. Eg vil sjå tankane som streifar gjennom hovudet på protagonisten, uansett kor jævlege dei er.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Åh, det er eit godt spørsmål. Kanskje litt sånne passive karakterar som prøver å manøvrera seg i verda, som Olivia i Venterommet i Atlanteren eller eget i Parissyndromet.

Ebba Schjølberg Eiring kjenner seg att i Olivia i «venterommet i Atlanteren» av Mona Høvring og eget i «Parissyndromet» av Heidi Furre.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Kunne godt delt fredagstacoen med Frode Grytten.

Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Eg føler ikkje at eg er belest nok til å kunna svara på dette, men kanskje Sally Rooney?

Regissør Lenny Abrahamson, skodespelar Daisy Edgar-Jones, skodespelar Paul Mescal, forfattar Sally Rooney og produsent Ed Guiney fotografert i eit panel der dei snakka om tv-suksessen «Normal people» basert på Sally Rooney sin bestseljar. Foto: Richard Shotwell/Invision/AP

Boka di vert filmatisert, kven spelar hovudrolla?

Kristine Frøseth kan godt få spela i endå ein high school-serie, gjerne mot Timothée Chalamet.

Norske Kristine Frøseth spelte tittelrolla i ungdomsserien «Looking for Alaska», medan Timothée Chalamet nyleg var å sjå i nyinnspelinga av «Little Women». Foto: Alfonso Bresciani/Hulu og SF Studio/Sony Pictures


Les også: Sjå dei fantastiske portretta av Little Women-stjernene

Saoirse Ronan speler forfattarspira Jo March. Emma Watson er systera Meg March og James Norton er friaren John Brooke. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures

Ebba Schjølberg Eiring

Alder: 26

Frå: Bodø / Stavanger

Utdanning: Tekstforfattar

Yrke: Freelance tekstforfattar

Tal på lesne bøker i året: 16 i 2020, mål om 24 i 2021