Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter å ha debutert med novellesamlinga Kan jeg bli med deg hjem i 2016 har Marie Aubert (40) begeistra publikum med romanen Voksne mennesker.

Romanen gjorde forfattarkollega Maria Navarro Skaranger (25) sint og fekk Ungdommens kritikarpris 2020.

Dagbladets meldar trilla femmar på terningen, åtvara om at «du vil skamrødme når du leser denne» og meinte hovudkarakteren Ida er så stussleg og lite sympatisk at det er ei liding å lese.

Boka har også fått strålane kritikkar i Sverige og Danmark. I tillegg er ho selt Nederland, Polen, Romania, Spania, Storbritannia, Tyskland, Tyrkia og Ungarn.

Me har teke ein ein kikk i bokhylla til den kritikarroste forfattaren.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Jenny Erpenbecks Gå, gikk, har gått, som er veldig fin, og teikneserieromanen Heimat av Nora Krug. Under dei ligg The White Album av Joan Didion og Vi på Saltkråkan, som eg koseles litt i av og til.

Kva bøker les du helst?

Heilt klart mest skjønnlitteratur, i form av romanar, noveller og teikneseriar. Med fortellande sakprosa på en andreplass.

Kor les du?

Mest i senga før eg skal legge meg, i helger ofte i sofaen under eit pledd. Av og til på trikken til og frå jobb. Har stort sett ei bok i veska.

Marie Aubert les mykje teikneseriar og har latt seg provosere av den svenske journalisten Matilda Gustavsson si bok om den store svenske #metoo-skandalen kring kulturprofilen Jean-Claude Arnault.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Begge foreldra mine las for meg, og det blei lese mykje. Eg hugsar aller best opplevingane med Astrid Lindgren, og det var eit års tid der eg stort sett var «in character» som Ronja Røverdatter, sånn som eg hugsar det.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Juleoratoriet av Göran Tunström las eg då eg var femten og syntast det var det mest fantastiske i verda. Den er framleis bra! Og Erlend Loe sin Naiv. Super opplevde eg som ganske skjellsettande då eg var sytten. Gjekk det an å skrive SÅNN?

Juleoratoriet og Naiv. Super gjorde inntrykk på Marie Aubert i tenåra.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Svært mange, men eit ferskt eksempel er Ida Hegazi Høyer si Fortellingen om øde. Den er så veldig underleg og fantastisk rar at eg blei lukkeleg og litt misunneleg.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ein sjølvsagt måte å fortelje på. Litt som når ein ser ein profesjonell dansar og tenkjer at dei får det til å sjå lett og uanstrengt ut.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg kjenner meg (diverre) ofte igjen i karakterane til Carl Frode Tiller, som veldig godt klarar å vise fram sårbarheit og korleis menneske kjem til kort overfor kvarandre.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Her juksar eg og inviterer forfattarkjærasten min, Espen.

Astrid Lindgren (1907-2002) og William Shakspeare (1564-1616) portrettert av John Taylor. Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Astrid Lindgren. Eller Shakespeare.

Kva bok bør ein lese i koronakarantene?

No er det tid for å forsvinne inn i eit langt, oppslukande bokprosjekt om store familiar, store hendingar og store kjensler. Gå for Tolstoj sin Krig og fred eller Anna Karenina.


Les også om då Carl Frode Tiller var 20 år og fekk ein pistol mot hovudet i Brasil:

Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat

Marie Aubert

Alder: 40

Frå: Fetsund

Utdanning: Journalistikk, litteraturvitskap, musikkvitskap

Yrke: Kommunikasjonsrådgjevar og forfattar

Tal på bøker i året: Eit par bøker i måneden til vanleg, og ein god del meir når eg har ferie!