Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vossingen Randi Fuglehaug debuterte nyleg som krimforfattar med boka Fallesjuke.

NRK sin meldar kalla ho eit «openbert forteljartalent», og det er allereie bestemt at det kjem ei andre bok om hovudkarakteren Agnes Tveit. Rettane til begge bøkene er selde til både Danmark og Tyskland.

Før ho vart forfattar har Fuglehaug vore journalist i både VG og Dagbladet, og var også redaktør i Dagbladet-magasinet FREDAG. Ho har skrive fleire bøker, både for barn og vaksne.

Framtida.no har kika på kva bøker Fuglehaug har i bokhylla si:

Foto: Gyldendal

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Skyggejegeren av Camilla Grebe.

Tenkte det kunne vere lurt å lese litt kritikerrost svensk krim som inspirasjon til skrivinga av Fallesjuke-oppfølgaren, men eg er ein særdeles kresen og skuggeredd krimlesar, så eg er enno ikkje ferdig med første kapittel.

Kva bøker les du helst?

Samtidsromanar av kvinnelege norske forfattarar. Eg likar aller best å lese om liv som liknar mitt eige.

Kor les du?

I kvardagen les eg på sofaen på rommet til eldstesonen min mens eg ventar på at han skal sovne. I feriane les eg over alt.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Bestefar las alltid Alf Prøysens Den grøne votten til meg. Det er eit kjært barndomsminne.

Elles gjekk det, så langt eg kan hugse, mykje i Donald Duck & co-bøker.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Ei vinterreise av Ragnar Hovland.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Karius og Baktus av Thorbjørn Egner. Tenk å ha dikta opp ei historie som, over femti år etter at ho vart skrive, både underheld barn og får dei til å pusse tennene!

Foto av Thorbjørn Egner i biblioteket sitt: Nasjonalbiblioteket/CC BY 2.0. Omslag til Karius og Baktus: Cappelen Damm

Kva meiner du gjer ei bok god?

Bøkene eg likar og hugsar best, er dei som triggar kjensler i meg. Det aller beste eg veit er å le og grine av same historie, men det ville vore litt i overkant å ha det som kvalitetskrav.

Eg er stort sett nøgd om boka har god driv, godt språk og karakterar – eller problem – ein kan kjenne igjen.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Agnes Tveit i Fallesjuke, he-he. Men ho er mykje frekkare og meir grenselaus enn meg, altså.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Janne Stigen Drangsholt, for eg har høyrt at ho er like festleg som bøkene ho skriv.

Randi Fuglehaug hadde gjerne invitert Janne Stigen Drangsholt på middag. Drangsholt er litteraturforskar og har også skrive dei tre bøkene som sist fekk Fuglehaug til å le: «Ingrid Winters makeløse mismot», «Winter i verdens rikeste land» og «Winterkrigen». Foto: Ingvild Jørve/Tiden Norsk Forlag

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Ein skikkeleg produktiv ein, som kunne garantert jamt tilsig av nye bøker.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Her reknar eg med at eg får sjansen til å tenke internasjonalt, så eg slår til med ei Hollywood-stjerne: Scarlett Johansson!

Skal eg halde meg til norske skodespelarar, er eg open for alle bra damer som kan snakke truverdig vossamål.

Omslag: Kagge forlag. Bilete av Scarlett Johansson: Gage Skidmore/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Randi Fuglehaug

Alder: 39
Frå: Voss
Yrke: Forfattar og journalist
Kor mykje les du sjølv? Mellom åtte og ti bøker i året.