Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar og fotograf Heidi Furre har gjeve ut tre bøker, frå førsteboka Parissyndromet i 2013 til den siste romanen Dyret som kom ut for to år sidan.

Meldaren til Framtida.no kalla sistnemnde ei bok som «krev å bli lese sakte og reflektert over ei stund før ein går vidare».

Sjølv les 33-åringen mindre enn det ho eigentleg har lyst til, men kjem til siste side i kring éi bok i månaden og får lytta til eit par lydbøker.

– No er eg midt i småbarnslivet og sovnar oftast med boka på brystet før eg rekk å fullføre tre setningar, fortel Furre på e-post til Framtida.no.

Vi har teke ein kik i bokhylla hennar: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Den lille larven aldrimett, Peppa Gris i ulike variantar og Lille Gruffalo. Når barna vaknar klokka åtte serverer eg bøker i håp om å få sove nokre minuttar til. Det fungerar sjeldan.

Kva bøker les du helst?

Ei blanding av skandinavisk samtidslitteratur og feministisk sakprosa. Eller bøker eg får av smarte venner, om det er ein sjanger.

Kor les du?

Når eg køyrer buss for tog eller ventar på buss for tog.

Desse bøkene fekk Heidi Furre til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

Eg hadde ein lærar som alltid las når me skulle ete matpakke. Det oppstod ei heilt eiga ro i klasserommet når alle sat der med matboksen og den 1/4 melkekartongen på pulten.

Omslag: Bokförlaget Forum

Kanskje eg hugsar best boka Frendelaus.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Fittstim! Tenk kjensla av å sjå den tittelen på bokryggen, dra boka ut av bokhylla på biblioteket og oppdage at framsida er eit passe jovialt underliv. Det endra meg.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Noko eg hadde tent utruleg mykje pengar på. Som Harry Potter-serien. Då ville verda samstundes vore spart for J.K Rowling på Twitter.

Det har storma godt rundt J.K. Rowling, etter at forfattaren la ut Twitter-meldingar som mange påstår er transfobiske. Foto: Debra Hurford Brown

Kva meiner du gjer ei bok god?

Når ein saknar boka i fleire år etterpå. Ein ender opp med å gi den i presang til alle ein kjenner, eller når ein blir sjalu på andre som får lese boka for første gong.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

No når studentane er tilbake kjenner eg meg som farfaren i Bakkebygrenda. Når han ser dei andre danse ringdans rundt juletreet og seier «åh vad jag har dansat».

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Toni Morrison. Men herregud, kva skal eg servere? Pinnekjøtt og riskrem? Litt flautt, kanskje? Nei, det får bli ein klassisk bolognese etterfulgt av sjokoladekake med is. Det funkar alltid.

Toni Morrison. Foto: West Point, The U.S. Military Academy / Offentleg eigedom

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Eg får litt klaustrofobi av dette spørsmålet. Viss eg seier Gud, kva bøker ender eg opp med då?

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Då vil eg sjå Zendaya som den tafatte hovudpersonen i Parissyndromet. Og Phoebe Waller Bridge må skrive manuset. For ein draum.

Zendaya spelar for tida hovudrolla i HBO-serien «Euphoria» og Phoebe Waller-Bridge har vunne pris etter pris for arbeidet sitt med seriar som «Fleabag» og «Killing Eve». Foto: HBO / Chris Pizzello/Invision/AP)

Heidi Furre

Alder: 33

Frå: Stord

Utdanning: Fotograf

Yrke: Fotograf og forfattar