Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Plikt opnar knallsterkt. Berre smak på denne setninga: «Det kom overraskande mange i gravferda til pappa.»

Så fort ein har lese desse orda, veit ein at denne boka kan ta ein kor som helst. Det er ei alminneleg historie, ualminneleg godt fortalt.

Ung, motvillig bonde

Hovudpersonen til Marianne Clementine Håheim har ikkje eit namn. Han er ein ung og ganske anonym mann, som aldri ynskte å flytte heim for å ta over garden. Vi får vite lite om bakgrunnen hans elles, berre at han flytta «til byen for å studere». Kva by, kva studie, kva jobb han har hatt før dette får vi aldri vite.

No er faren daud, og han har reist til heimbygda.

Han føler han burde ville ynskje å ta over garden. Det gjer han for så vidt òg, for han føler at han har mista alt anna: mor, far – men denne eigedomen garden står på, den er her.

«Ikkje forstyrr pappa»

Mannen er tydeleg prega av forholdet til faren gjennom oppveksten. Det er tydeleg at han var glad i far sin og beundra han, samstundes som han i større grad vert klar over kor mykje gardsarbeidet har kravd av faren – og korleis dette i sin tur har verka inn på hans eigen barndom.

Håheim oppsummerar det så konkret og poetisk at det nesten ikkje går an: «Ikkje forstyrr pappa når han arbeider. Ikkje forstyrr pappa når han kviler. Ikkje forstyrr.»

Poetisk, direkte og truverdig

Språket til Håheim er poetisk, direkte og truverdig, det same er alle scenene.

Håheim romantiserer ikkje gardslivet, og det gjer heller ikkje den namnlause hovudpersonen hennar. Det er ein nostalgi knytt til minna om oppveksten på gard, men samstundes ein kynisme rundt at ein ikkje kan leve av dette, sjølv kor mykje det krev av ein.

Det er store offer som må gjerast. Men det er ikkje nok å vere villig til å gjere desse offera, ein må vere i stand til det òg.

Nostalgi, stoltheit, skam og sorg

Boka tek ei stor vending på slutten, utan at det øydelegg eller eigentleg avgjer noko for resten av handlinga.

Håheim formidlar ei historie full av nostalgi, stoltheit, skam og sorg. Ho klarer å få fram både kjærleiken og sorgene i nostalgien, det stolte og det tvungne i plikta, og ikkje minst får ho fram skamma mange unge frå bygda kjenner på når dei ikkje ynskjer å flytte heim. For korleis kan vi snakke om at vi elskar å kome frå bygda, når vi ikkje vil tilbake?


– Eg byrja å skrive allereie som barn, sannsynlegvis som ein konsekvens av at eg las mykje og var tiltrekt av moglegheita til å skape eigne univers, seier forfattar Marianne Clementine Håheim. Foto: Andreas E. Nygjerd, Forlaget Oktober. Kollasj: Framtida.no