Forfattar Sunniva Relling Berg likar interessante karakterar og bøker som utforskar menneskeleg psykologi.
Sunniva Relling Berg

Alder: 33

Frå: Ålesund

Utdanning: Master i digital kultur

Yrke: Bibliotekar på Årstad VGS

Tal på lesne bøker i året: Anar ikkje, det går veldig opp og ned

LES FAKTALUKK FAKTA

– Då eg var tenåring, var det ei stor lette å oppdage at andre òg kan ha dei same tankane som meg, dei same kjenslene, at eg ikkje var så rar og unormal (og original) som eg kunne tru.

Forfattar Sunniva Relling Berg (33) har gitt ut tre bøker for ungdom sidan debuten i 2011. No debuterer ho som «vaksenbokforfattar» med Lyden av to hender.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar.

Desse bøkene fekk Sunniva Relling Berg til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Tretthetsanalyse av Ulla Lie i BookBites på mobilen, som eg knapt har begynt på (har nett fått trillingar og eg gler meg til betre lesetid om cirka ti-femten år…).

Kva bøker les du helst?

Les gjerne både samtidsromanar og fantasy, krim og dikt. Uavhengig av sjanger, likar eg best bøker som har interessante karakterar og som utforskar menneskeleg psykologi.

Kor les du?

Kor som helst. Då eg var liten, las eg medan eg gjekk til venner, for å nytte tida best mogleg.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Mange bøker, og det var så fint. Både mamma og pappa las. Narnia og Hobbiten, til dømes.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Forbrytelse og straff. Eg levde meg sånn inn i Raskolnikov og det overraska meg, at sjølv om eg og han var så ulike, hadde vi likevel mykje felles og eg kunne forstå han på eit vis.

Illustrasjonar til «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij. Illustrasjon: Nikolaj Karasjin (1893)

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Frøken Smillas fornemmelse for sne, fordi eg liker så godt blandinga av realfag med ei drivande spanande historie.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Eg har ikkje ein generell regel for dette, men for meg er ei bok gjerne god om ho klarer å blande godt språk, personar med djupne og ei spanande forteljing som gjer boka vanskeleg å legge frå seg.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Ei bok av Péter Esterházy blei viktig i arbeidet mitt med Lyden av to hender. Han døydde i 2016, og eg skulle gjerne snakka med han. Etter å ha skrive eit storverk som heidra forfedrane og faren, oppdaga han at faren var ein informant for det hemmelege politiet under kommunistregimet.

Etter å ha skrive storverket «Harmonia Caelestis» oppdaga Péter Esterházy at far hans ikkje var den han trudde. Foto: Mariusz Kubik

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Dette er eit veldig vanskeleg spørsmål, for eg plar sjeldan å lese bøker fleire gongar og halde meg til ein favorittforfattar. På ulike stadium i livet har ulike forfattarar vore viktige, og eg treng både dei lyse og lette forfattarskapa og dei som er dystrare.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Eg ser for meg at Ruby Dagnall kunne gjort ein god figur som Bo frå «Beina i gitaren».

Ruby Dagnall spelte tittelrolla i den norske filmen «Rosemari» av Sara Johnsen. Foto: Foto: Norsk Filmdistribusjon / 4 1/2

Sunniva Relling Berg (i midten) fekk god hjelp av Mulki Mire Guled (22) og andre elevar til å skriva boka Polarnatt. Natnael Leake (18) synest boka er bra. Foto: Svein Olav B. Langåker
Oppdatert: tysdag 2. februar 2021 09.17
ANNONSE