Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er sikkert ikkje innanfor å seie, men eg saknar å lese bøker frå unge menn som skriv denne typen litteratur. Det finst liksom ingen 25 år gamal gut som skriv om dei tinga eg har lyst å lesa om, sa Sophie Elise Isachsen til Framtida.no i fjor haust.

25-åringen, som vanlegvis ikkje brukar etternamnet sitt, deltok då på panelsamtalen «Er bloggerboka vår tids memoar?».

No er Sophie Elise aktuell med si tredje sjølvbiografiske bok. VG sin meldar trilla femmar på terningen og meinte ho skreiv «skarpt om skam og fitte» i den nye Ting jeg har lært.

Det er inga hemmelegheit at bestseljarforfattaren Sophie Elise er ein ivrig lesar, og ho har tidlegare delt nokre av sine beste boktips.

Desse bøkene fekk Sophie Elise til å grine, le, verte sint og tenkje.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Alt for mange! Har ein heil bunke å pløye igjennom. Men akkurat no les eg Matias Faldbakken – Vi er fem.

Matias Faldbakken blei vinnaren av P2-Lytternes romanpris. Foto: Dan Petter Nergaard

Kva bøker les du helst?

Litt mørk humor er eit pluss, men har ingen føretrekt sjanger.

Kor les du?

Over alt! Har alltid med ei bok. På senga, i bilen når eg ladar, i kø på apoteket, og så vidare.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Hugsar veldig godt at eg las boka Søskenkjærlighet, som gjekk hardt innpå meg.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

I tenåra hadde eg ein liten pause frå lesing, så inga.

Katarina von Bredow si «Søskenkjærlighet» og Geir Gulliksen si «Historie om et ekteskap» har begge gjort inntrykk på Sophie Elise. Omslag: Tiden og Aschehoug

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Historie om et ekteskap.

Kva meiner du gjer ei bok god?

At språket fangar deg, og at den er relativt lettlesen.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det har eg eigentleg aldri tenkt over.

Amerikanske Jonathan Safran Foer er velkommen på middag til Sophie Elise. Då vert det neppe servert kjøt. Foto: David Shankbone, Wikipedia

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Jonathan Safran Foer fordi han både er hot og har kule meiningar.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Erlend Loe eller Nina Lykke.

Sophie Elise kunne lese Erlend Loe og Nina Lykke resten av livet. Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/CappelenDamm og Agnete Brun/Oktober Forlag

Kven ville du helst sett portrettera deg i filmen om ditt liv?

Ville aldri ha takka ja til å bli laga film om, så det får vere når eg er død, og då er det ikkje opp til meg uansett.


Les også: I bokhylla: Heidi Furre ville sett Zendaya i Parissyndromet

Forfattar Heidi Furre hadde gjerne sett Zendaya spele hovudrolla i filmversjonen av si første bok, Parissyndromet. Foto: HBO Nordic / Privat

Sophie Elise (Isachsen)

  • Alder: 25
  • Frå: Harstad
  • Utdanning: Inga anna enn vidaregåande
  • Yrke: Forfattar og entreprenør
  • Kor mykje les du sjølv? To bøker i veka