Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle gjerne sett Plikt filmatisert. Trur Morten Svartveit kunne vore god i rolla som den unge bonden.

Det skriv forfattar Marianne Clementine Håheim i ein e-post til Framtida.no.

Medieoppslag om dyretragediar

33-åringen frå Jølster i Sunnfjord fekk ideen til sin siste roman då ho las om dyretragediar i landbruket. Saker som handlar om grov vanskjøtsel og der kommentarfelta raskt blir fylte med hat.

– Det at nokon som har ansvar for og livnærer seg av dyr, kan slutte å gå i fjøset for å gjere jobben sin, det klarte eg ikkje å forstå. Eg ville skrive om det – for å prøve å forstå det, fortalde ho til NTB.

Framtida sin bokmeldar trilla ein 5-ar på terningen og meinte det var ei alminneleg historie, som var ualminneleg godt fortalt.

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren, som til dagleg jobbar som interessepolitisk rådgjevar i ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Heroin chic av Maria Kjos Fonn og Hunger av Roxane Gay

Norske Maria Kjos Fonn (midten) har fått knallkritikkar for «Heroin chic» som handlar om rusmisbruk. Det same er tilfellet for amerikanske Roxane Gay. Foto: Oda Berby, Aschehoug

Kva bøker les du helst?

Romanar, samtidslitteratur, sakprosa med tematikk knytt til kroppsbilete, eteforstyrring og psykisk helse.

Kor les du?

Aller mest på bussen og i senga.

Desse bøkene har fått Marianne Clementine Håheim til å grine, le, verte sint og tenkja.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Begge foreldra mine las mykje for meg som barn. Bøkene eg hugsar best er Trollkrittet av Zinken Hopp og Kattereisa av Ivar Arosenius.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Her er det mange eg kunne ha nemnt, men å lese Märta Tikkanen si diktsamling Århundradets kärlekssaga som 18-åring var stort for meg. Styrken i det enkle, direkte språket hadde mykje å seie for mi vidare skriving.

Den finlandssvenske forfattaren og feministen Märta Tikkanen gjorde inntrykk på Marianne Clementine Håheim i ungdommen. Foto: Foto: Herdis Maria Siegert, Gyldendal

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Det er ein tanke eg sjeldan har hatt. Favorittbøkene mine ville jo blitt heilt annleis om eg hadde skrive dei. Eg tenkte nyleg at eg gjerne skulle ha skrive teksten til Taylor Swift sin tolerate it, då.

Kva meiner du gjer ei bok god?

At ho får deg til å gløyme tid, stad og alt du eigentleg skulle ha gjort.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det er så mange eg kan kjenne meg att i, i stort og smått, så det er vanskeleg å svare på. Den siste var Hanne i Gratis og uforpliktande verdivurdering av Marit Eikemo. Førestillinga om at ein kan endre det indre ved å pynte på det ytre, er diverre velkjent.

Marianne Clementine Håheim kan kjenna seg att i Marit Eikemo sin karakter Hanne frå «Gratis og uforpliktande verdivurdering». Foto: Tine Poppe

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Marya Hornbacher.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Nina Lykke.


Musikar Marie Tveiten (28) romandebuterer på Samlaget med «Bonus». Foto og omslag: Samlaget. Kollasj: Framtida.no

Marianne Clementine Håheim

Alder: 33

Frå: Jølster (Sunnfjord)

Utdanning: Bachelor i litteraturvitskap ved UiB, bachelor i Tekst og skribent ved Westerdals, praktisk-pedagogisk utdanning ved HVL

Yrke: Interessepolitisk rådgjevar i ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser

Tal på lesne bøker i året: Eg har alltid ei bok med meg, men det varierer kor mykje eg les – alt frå 10 til 30 bøker i året, tenkjer eg.