...men skulle han velje så hadde det vorte Selma Lagerlöf.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forfattarar er ikkje eigentleg dei beste å ha til middag. Dei et og drikk mykje, dei fyller rommet, anten med grådig tagnad eller grådig støy, og dei har brystet fullt av gruff dei skal ha ut.

Det svarar forfattar Tore Renberg på spørsmålet om kva forfattar han aller helst ville hatt på middagsbesøk.

Selma Lagerlöf til middag

Stavanger-forfattaren ville difor invitert ein av dei gode menneska blant forfattarane, dei rause og opne.

– Ein som ikkje bare pratar om seg sjølv men òg viser interesse for kva kona mi held på med og slikt, så vi fekk ei hyggeleg og variert stund i lag. Eg har ein idé om at mi heltinne Selma Lagerlöf var ein slik person, så eg seier henne.

Selma Lagerlöf (1858-1940) fotografert i arbeidsrommet sitt på Mårbacka i 1933. Foto: Aftonbladet, Wikimedia Commons

25 år som forfattar

I 2020 feirar Renberg 25-årsjubileum som forfattar. Det gjer 48-åringen med å gje ut sin andre roman på nynorsk.

Romanen Tollak til Ingeborg har begeistra meldarane. VG trilla ein 6-ar på terningen, medan Framtida.no sin meldar plasserte utgjevinga inn i rekkja blant Renberg sine moderne klassikarar.

Tore Renberg 25 år som forfattar med å gje ut sin andre nynorskroman. Foto: Marie von Krogh, Cappelen Damm

I rekkja med moderne klassikarar må ein også nemne bøkene om Jarle Klepp og Texas-serien om Hillevågsgjengen.

Me har teke ein kikk i bokhylla til lesar- og bokmeldaryndlingen.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Der ligg det no Die Herzlichkeit der Vernunft, ei samtalebok mellom Ferdinand von Schirach og Alexander Kluge, Fugletribunalet av Agnes Ravatn, Doktor Faustus av Thomas Mann, Stavanger, fra våg til by av Knut Helle, På jorda er vi glimtvis vakre av Ocean Vuong og Ole Bloms Dagbøker og brev 1809-1846.

Ja, og Kvinesdal Historielag årsskrift 2015.

Men om eg skal være ærleg så ligg det slett inga bok på nattbordet, for når eg går til sengs, då skal eg sove.

Desse bøkene fekk Tore Renberg til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bøker les du helst?

Det er mest romanar med meg. Eg les gjerne bøker som går inn på klingen av det menneskelege tilværet, og eg er naturleg dregen mot bøker med arkitektonisk og språkleg særpreg, bøker med ein særs form for kunstnarleg eigenvarme.

I dei siste åra har eg ellers begynt å interessera meg meir og meir for historiske romanar, så kanskje det er den vegen det går?

Eg kan også få stort utbytte av å lesa fagbøker om emne eg er interessert i, t.d. opplysningstida eller britisk synthpop.

Kor les du?

Eg les over alt, bortsett frå i bil og i senga. I bil vert eg kvalm og i senga skal eg sove.

Best les eg godt oppreist i ein makeleg stol, som t.d. den me har på loftet, kor eg og har godt utsyn over Hillevågsvatnet mot Ryfylke.

Eg les ellers veldig godt på ferie, som mange av oss, vil eg tru. Då kan eg bli reint glupsk. I sommar las eg t.d. skikkeleg godt, ein masse bøker blei det, mellom anna heile åtte stykker av Tarjei Vesaas.

Tore Renberg minnast godt klassikarar som «Den lille larven aldrimett» og «Da Per var ku» av Thorbjørn Egner.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg kjem frå ein lesande heim og det er eg glad for. Det var mest mor mi og mormor mi som las for meg, slik eg hugsar det. Det gjekk mykje i dei norske folkeeventyra, og sjølvsagt både Egner, Vestly og Lindgren, eg er jo av den generasjonen.

Det er tre bøker eg minnest spesielt godt frå dei tidlege åra, og det er Den lille larven aldrimett av Eric Carla, Da Per var ku av Egner og Lille blå og lille gul av Leo Lionni.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg kunne nemne ei bunke store leseopplevingar frå ungdomsåra, alt i frå Tolkien til Sue Townsend til Dickens og Kielland og Vesaas og Obstfelder, og ikkje minst Jan Erik Vold, som eg las så mykje den gong.

Men det var ei bok som slo meg i bakken og reiste meg til himmels, og det var Forbrytelse og straff av Dostojevskij.

Tore Renberg las mykje av Jan Erik Vold og vart slått i bakken av Fjodor Dostojevskij. Foto: Ulla Montan, Gyldendal. Måleri: Vasily Perov

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Brødrene Karamasov, trur eg det må bli. Dostojevskij igjen. Villskap, både litterært og menneskeleg. Pulsen stig berre eg tenker på den boka.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Her kan ein svara på mange vis. Ein kan gi eit teknisk svar, eller ein kan gi eit småfilosofisk eit. Eller ein kan mumla litt og komme seg unna med litt bilete og metaforar. Helst burde ein hatt plass til ei heil utgreiing.

Eg vil seie det slik: Eit godt stykke arbeid, ei påfallande kraft, og det vesle ekstra.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det var eit vanskeleg og ope spørsmål, synest eg. Eg har ikkje reflektert nok kring akkurat dette, trur eg, til å gje eit kvalifisert svar.

Men eg kjende meg dessverre igjen i Karamasovane, og eg kjende meg dessverre igjen i Ask Burlefot den gong eg var så opptatt av Mykle, og eg kjende meg heldigvis igjen i doktor Struensee i P.O. Enquists framifrå Livlegens besøk som eg las no i sommar.

Men eg innbiller meg at dette ikkje er det viktigaste for meg, gleda mi ved ei bok ligg ikkje der; den ligg i utføringa til forfattaren.

Thomas Mann (1875-1955) fotografert i 1937. Foto: Carl Van Vechten

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Den var lett. Det er Thomas Mann.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Ein luring av ein regissør kunne nok få til ein god film av Du er så lys, trur eg. Om ein klarte å skru til eit smart manus.

I rolla som Steinar trur eg Pål Sverre Valheim Hagen ville vore glimrande.

Pål Sverre Hagen har tidlegare spelt i fleire filmatiseringar av Renberg-bøker, men er kanskje best kjend for sine tolkingar av store heltar som Thor Heyerdahl og Roald Amundsen. Foto: Nordisk Film

Tore Renberg

  • Alder: 48
  • Frå: Stavanger
  • Utdanning: mellomfag i litteraturvitenskap og filosofi frå Universitetet i Bergen
  • Yrke: Forfattar, musikar
  • Tal på lesne bøker i året: 30-50 bøker i året, kanskje?