Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det begynte med Beatles, og så las eg alle dei andre, og var så fascinert av dei irrasjonelle og impulsive karakterane. 

Krista Lien Indrehus fortel at det var bøkene til Lars Saabye Christensen som gjorde størst inntrykk på ho som tenåring. No debuterer 31-åringen sjølv som forfattar, med diktsamlinga Flør, som utforskar redsla for klimakrisa.

Endå ho skulle ynskje ho las tallaust med bøker i kvardagen, så les ho mindre enn ho skulle ynskje:

 Så mange bøker, så lite tid, forklarar ho.

Vi har kika i bokhylla hennar:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Akkurat no? Flog av Dordi Strøm og Jeg vil våkne til verden av Karoline Brændjord.

Kva bøker les du helst?

Eg les dei bøkene som fengar meg der og då, så sjangeren er ikkje så viktig. Etter ein lang periode der eg nesten utelukkande har lese lyrikk, har eg lese fleire romanar i det siste.

Instruksjonsboka til ei seng ho kjøpte på Ikea i 2018 gjorde Krista Lien Indrehus sint: – Så totalt uforståeleg og upedagogisk. Omslag: Aschehoug, Samlaget, skjermdump frå Ikea. Omslag: Aschehoug, Samlaget, skjermdump frå Ikea.

Kor les du?

Eg les for det meste heime hos meg sjølv, og på hytta. Likar godt å ligge medan eg les. Sofa er bra, men ei seng med masse puter er ideelt.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Foreldra mine las til meg kvar kveld i mange år. Eg hugsar godt Julemysteriet av Jostein Gaarder og bokserien Verdens vakreste eventyr.

Desse bøkene las Krista Lien Indrehus då ho var lita.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Her må ein kanskje vere taktisk. Ville ein ha skrive den boka som har gjort forfattaren rik? Ville ein ha skrive den boka som har gitt forfattaren anerkjenning og status? Ville ein ha skrive den boka som er viktig i litteraturhistoria? Ville ein ha skrive den boka som var revolusjonær og sprengde sjangrar? Ville ein ha skrive den boka som har rørt ein sjølv mest? Politisk, ideologisk eller følelsesmessig?

Eg likar å lese andre sine gode bøker, og lever godt med at dei ikkje kjem frå meg sjølv. Men kanskje kan mine eigne tekstar bygge på og vere i dialog med andre, gode tekstar? Det ville jo vore fantastisk.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Handlinga og karakterane er sjølvsagt viktige, men det er ikkje nok dersom språket ikkje er godt. Ei god bok (for meg) er open for si eiga historie OG for språket. Og der fall Ikea-manualen kraftig gjennom.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Løytnant Glahn i Hamsuns Pan har mange trekk som gir gjenklang: Han er klønete og lar seg lett begeistre. Han er full av angst, men likevel impulsiv og utenksam. Han er tiltrekt av menneske og alt som er vakkert, men også til alt som ikkje er menneskeleg, alt som er vilt i naturen. Samtidig har han så kort veg til alle sjatteringar av mørke og uro.

Krista Lien Indrehus ser mange trekk ho kjenner att i Hamsun-karakteren løytnant Thomas Glahn frå romanen Pan. Pan var å sjå på skjermen allereie i 1922, i den norske stumfilmen med same namn. Då var Glahn spelt av Hjalmar Fries. Omslag: Gyldendal

Eg vil understreke at eg ikkje identifiserer meg fullt og heilt med løytnant Glahn, det ville vore pompøst. Dessutan driv han med mange forferdelege greier. Desse greiene tar eg tydeleg avstand frå. Eg ville til dømes aldri ha myrda hunden min.

Kva forfattar – daud eller levande ville du invitert på middag?

Eg inviterer gjerne Agnes Ravatn på middag. Det trur eg ville vore underhaldande og triveleg, utan pinleg stille. Dessutan bur vi ikkje langt frå kvarandre.

Foto. Marius Viken/Samlaget,, Tom A. Kolstad/Samlaget

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det får vel bli Fosse, det då.

Boka di vert gjort om til film kven skulle spelt hovudrolla?

Eg såg nettopp den danske serien Ulven kommer, og vart veldig betatt av Flora Ofelia Hofmann Lindahl, som gjorde eit så truverdig og vart portrett av karakteren sin.

Ho er mykje yngre enn karakteren i boka mi, men dersom ho hadde spelt like godt som i Ulven kommer, ville nok ingen tenkt over det.

Flora Ofelia vart først kjend då ho som 10-åring vann danske MGP i 2015. No har ho også vorte skodespelar, og har vore å sjå i serien «Ulven kommer» på NRK. Skjermdump


Foto: Gry Kristiansdatter/ Aschehoug. Kollasj: Framtida.no

Krista Lien Indrehus

Alder: 31

Frå: Bømlo

Utdanning: Lektor med master i nordisk språk og litteratur + Skrivekunstakademiet i Hordaland

Yrke: Lærar og manuskonsulent