Då eg var 20: Hanne Kristin Rohde bygde immunforsvar mot dritsekkar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oddvar Brå brekte staven! Det er jo sjølvsagt det første eg tenkjer på. Eg var i Holmenkollen saman med vener, og hugsar at vi heldt pusten, at vi jubla, skreik, heia og sølte solbærtoddy nedover kleda då katastrofen var eit faktum.

20 år gamal var Hanne Kristin Rohde i gang med jusstudium ved Universitetet i Oslo.

Kø til lesesalen

– Eg hadde heilt sidan vidaregående gleda meg til å sitje på universitetstrappa og nyte vårsola, og endeleg var det min tur, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Ho minnest at sola stort sett berre skinte på trappa utanfor det ærverdige bygget og inne på lesesalen var det kamp om plassane.

– Eg hugsar at eg ofte stod i kø framfor lesesalen frå 0730 for å få plass. Så var det å dukka ned i tungt stoff, bli stadig meir nærsynt, oppsøkje optikar, få ei venninne til å massere stive skuldrer, og håpa at eg heldt ut hyllemetrane med lesestoff, skriv Rohde, og legg til:

– Eg var dessuten veldig sjenert, så det tok over eit år før eg fekk vener som eg kunne gle meg til å treffa kvar dag, som eg håpa ville ete lunsj med meg.

25. februar 1982 var Hanne Kristin Rohde (20) i Holmenkollen og heia fram Oddvar Brå:

Altautbygginga, drap og Børre Knudsen

I tillegg til at Oddvar Brå brekte staven hugsar 59-åringen nokre domsavseiingar. Ho nemner Altasaka, der ein fann at den omstridde utbyggjinga ikkje var ulovleg. Hadelandssaka, der to menn blei domfelt til 18 år for overlagt drap og ein mann til 12 år for drap med forsett.

– Så hugsar eg også dommen i Børre Knudsen-saka der Knudsen blei frifunne for tenesteforsømming. Seinare miste han retten til sitt embete.

Desse tre ulike dommane fekk alle mykje mediemerksemd og fascinerte den unge jusstudenten, som tenkte: «Det er dette jeg vil. Eg vil vere med å påverke for eit betre samfunn.»

Den konservative presten Børre Knudsen og saka om utbyggjinga av Altavassdraget prega året 1982. Foto: Jonund, Riksarkivet

Klassisk piano og krim

Hanne Kristin Rohde, som vart politileiar og seinare krimforfattar, var ein ivrig krimlesar allereie den gong. Før ho var 20 år gamal hadde den krimelskaren lese ut alle bøkene til Agatha Christie.

– Akkurat kva krimbøker som følgde, er vanskeleg å seie noko sikkert om men eg tippar at på denne tida var det Minette Walters, Gunnar Staalesen, John Grisham og muligens Elisabeth George, som låg på nattbordet.

I musikkvegen gjekk det mest i Abba, Eagles, Smokie og Dr Hook.

– Dessutan spelte eg piano i 32 år, og der gjekk det etterkvart i store klassiske verk.

https://www.youtube.com/watch?v=LPCMPI_Xeic&ab_channel=NoMadU55555

Homecoming

For ein 20-åring som var oppteken av tryggheit og gode samtalar var familie og vener dei viktigaste i livet. Og sjølve 20-årsdagen hugsar ho ikkje.

–  Eg trur den må ha gått ganske stille for seg. Truleg med nokre vener. Kanskje ein skitur med hunden vi hadde den gang sidan eg er januarbarn. Eg har aldri vore noko festløve i den forstand at eg har stelt i stand digre party. Derimot kan eg ta av i gode samtalar. Det er meir mi greie.

Etter å ha smugtitta i gamle fotoalbum kjem Rode fram til at det sterkaste minnet frå 1982 var då ei god venninne kom tilbake etter eitt år i USA.

– Den gang var det for dyrt å ringa, så vi skreiv brev på minst ti sider til kvarandre, brev som tok lang tid på å nå fram. Kjensla då ho var tilbake var pur glede og letting, minnest ho.

Hanne Kristin (11) ville bli advokat

Allereie som 11-åring drøymde Hanne Kristin Rohde om å bli advokat, etter å ha lese ei novelle om ein advokat som briljerte i retten og fekk den sleipaste klienten frikjend.

– Eg blei frelst. Stjerneadvokat blei sett på blokka. Sånn ville eg bli, minnest Rohde.

– Etter eit langt jusstudium ved Universitetet i Oslo, kvelande forretningsjus og tvil i kjølvatnet av det aller tørraste, dukka strafferetten endeleg opp i pensum. Og straffeprosess. Det byrja å kribla. Starten på ein lang og svinaktig spennande karriere i politiet blei unnfanga. Men det visste eg ikkje då.

Rohde visste ho måtte innom politiet og få advokatbevilling før ho kunne halde fram å briljere som advokat.

– Bøygd over ein einsam pult i midtbygningen på Karl Johans gate pugga eg strafferett. Blodet fossa i årene. Endeleg var det noko som resonnerte med sjela: Rettferd. Rettergang. Straff. Eit tryggare samfunn.

Dåverande sjef for vald- og sedelegheitsavsnittet i Oslo politidistrikt, Hanne Kristin Rohde, fotografert under ein pressekonferanse i 2008. Foto: Tore Meek / NTB

– Ein alvorleg strek i rekninga

For Hanne Kristin Rohde opplevdest det som at hjernecellene samarbeidde med kvarandre og gav ho viktig informasjon: «Vil du lika å forsvara ein drapsmann som innrømmer skuld til deg, men som vil ha deg til å kjempe for uskuld?»

– Tvilen byrja å snika seg innpå. Tanken om ein karriere i politiet rykka nærare. Tenk om eg kunne bidra til å gjere byen min tryggare… Det hadde verkeleg vore noko.

To år etter ho var ferdig utdanna som jurist starta ho som politifullmektig. Rohde minnest at ho likte absolutt alt – bortsett frå å stå i retten.

– Det var ein alvorleg strek i rekninga. Den vesle jenta dukka fram på skuldra – var det ikkje stjerneadvokat du ønska?

«Kan eg vere her utan å bli heilt slått ut?»

25-åringen tenkte at ho kunne gjere nesten det same for påtalemyndigheita og bruke alle orda ho likte så godt.

– Det var berre det at eg var ikkje god nok. I alle fall ikkje til å bli stjerne…Og minst like viktig: Eg var ikkje god nok til å trivast.

Varseltrekanten dukka opp og Rohde stilte seg fleire viktige spørsmål: «Trivst eg?» «Pustar eg?» «Kan eg vere her utan å bli heilt slått ut?»

– Det kunne eg ikkje. Heldigvis var Oslo-politiet så stort at eg kunne hoppa til eit anna yrkesområde innan same organisasjon. For det visste eg: Eg ville bli i politiet. Røtene hadde på kort tid fått eit godt tak i arbeidsplassen.

– Stå i deg sjølv

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at ho der treng å byggje seg opp. Ho må stola mykje meir på seg sjølv, og ikkje gi bort energien sin til andre heile tida. Ho må slutta å vera redd andre menneske, og absolutt slutte å tru at alle andre kan så mykje meir. Eg ville oppmoda ho til å snakka i forsamlingar og retta ryggen.

Samstundes ville ho gjeve seg sjølv ros for å vere i akkurat så god indre dialog med seg sjølv, sitt hovud og si sjel, at ho klarte å halde ut når det røyna på og byggje immunforsvar mot dritsekkar.

Og var det eitt råd ho ville gjeve, så var det eitt ho lærte seg å følgja etterkvart:

– Stå i deg sjølv. Du kjem til å møta menneske som ønskjer å ta deg ned. Ikkje bruk tid på dei. Gå vidare, kjemp for det du trur på.


Allereie som 20-åring hadde Tom Egeland forfattarambisjonar. Foto: Privat og Kjetil Andersen/Strawberry Publishing