Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Får eg ein av dei litt kule, unge amerikanske skodespelarane i hovudrolla – Amy Adams, Elizabeth Olsen eller Saoirse Ronan, til dømes – skal eg vere veldig nøgd, og litt stolt.

Det skriv forfattar og forskar innanfor psykologi, Helene Flood i ein e-post til Framtida.no.

Terapeuten vert Hollywood-film

Spørsmålet om kven som skal spele hovudrolla i filmversjonen av romanen din er ein fjern draum for dei fleste, men for denne forfattaren er det faktisk ein sjanse.

Allereie før han kom ut i 2019 vart hennar første spenningsroman, Terapeuten, seld til 27 land. I tillegg har det amerikanske produksjonsselskapet Anonymous Content sikra seg filmrettane til suksessromanen. Ifølgje BOK365 står selskapet bak storfilmen The Revenant, samt seriesuksessane True Detective og Mr. Robot.

Frå venstre: Saoirse Ronan, Amy Adams eller Elizabeth Olsen er skodespelarar Helene Flood drøymer om å sjå i rolla som Sara i filmversjonen av «Terapeuten». Foto: Patrick L og Gadge Skidmore, Flickr

Til sommaren kjem ein ny psykologisk thriller frå den psykologutdanna forfattaren frå Oslo.

Sjølv anslår forfattaren at krim utgjer om lag 30 prosent av bøkene ho les, og i høve påska har me teke ein kikk i krimseksjonen av bokhylla til vår nye spenningsdronning.

– Eg likar krim- og spenningsbøker som heller mot det psykologiske og relasjonsdrivne. Mindre biljakt og torturkjellarar, meir snikende uhygge, forklarar Flood.

Kva krim/spenningsroman ligg på nattbordet ditt?

Lang, lysende elv av Liz Moore og Rasende binne av Ingebjørg Berg Holm.

Kor les du krim/spenningsromanar?

På toget, på flyet, heime, på fjellet, ved sjøen. Så lenge eg har tid og ingen treng noko av meg akkurat då, kan eg lese kor som helst.

Desse bøkene fekk Helene Flood til å grine, verte skremt, verte sint og tenkje.

Kva var dine første krim/spenningsbøker?

Dei gamle Hardyguttene-bøkene til far min og søskena hans. Eg var faktisk litt forelska i Joe Hardy.

Kva spenningsbok gjorde inntrykk i tenåra?

Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe.

Kva krim/spenningsroman skulle du ynskje du hadde skrive?

Den talentfulle Mr. Ripley av Patricia Highsmith.

Hardyguttene, «Tordivelen flyr i skumringen» og «The talented Mr. Ripley» er nokre av bøkene som har gjort inntrykk på Helene Flood.

Kva meiner du gjer ein krim/spenningsroman?

Den augeblinken då håra reiser seg på armane, eg trekker pusten raskt inn og tenkjer: Å, nei, er det DET som har skjedd! Og så må det henga på greip psykologisk. Eg kan styra meg for galne seriemordarar med diffuse barndomstraume. Ei historie som seier noko om kva som får folk til å begå ubegripelege valdshandlingar, derimot, ho vil eg gjerne lesa.

Kva krimkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Trass i at han gjer ein del ting eg ikkje står inne for, har eg ei slags forståing for Nick, ektemannen i Flink pike av Gillian Flynn. Han er så håplaust menneskeleg i sine mange feilsteg, det er noko forsonande ved det.

Ben Affleck speler mannen som vert mistenkt då kona (Rosamund Pike) forsvinn i filmatiseringa av «Flink pike»/ «Gone Girl». Foto: 20th Century Fox).

Kva spenningsforfattar  – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Roald Dahl.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det håpar eg eg slepper – variasjon er alt! Men om så skulle vere, trur eg eg hadde vore i gode hender hjå Lars Saabye Christensen. Han er såpass produktiv, og skriv såpass tjukke bøker, at sjølv om eg har lese ein god del av dei frå før av, er det framleis mykje å ta av.


Forfattar Heidi Furre hadde gjerne sett Zendaya spele hovudrolla i filmversjonen av si første bok, Parissyndromet. Foto: HBO Nordic / Privat

Helene Flood

  • Alder: 38
  • Frå: Oslo
  • Utdanning: Psykolog, med doktorgrad i psykologi.
  • Yrke: Forskar og forfattar
  • Tal på lesne bøker i året: Høgst varierande, basert på kor mykje tid eg har for meg sjølv, men i snitt om lag tjue i året, kanskje?