Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gulraiz Sharif (36) jobbar til dagleg som lærar, men debuterer no som forfattar med boka Hør her’a.

Framtida.no sin meldar skriv at Sharif «bringar inn ei ny, uventa stemme som treff ei nerve», og seier det er ein debut som skil seg ut frå mengda.

Vi har kika i bokhylla til forfattardebutanten:

Dette er bøkene som fekk Gulraiz Sharif til å grine, le, verte sint og tenkje.

Denne boka frå Alan Bradley sin Flacia de Luce-serie ligg på nattbordet til Gulraiz Sharif.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Det søte i bunnen av kaken.

Kva bøker les du helst? (Sjanger/tema o.l)

Krim og klassikarar frå verdslitteraturen.

Kor les du?

Heime på kjøkenet eller i senga.

Kva bok/bøker vart lese til deg som liten?

Eg las sjølv. Ludde og Thomas og Emma.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Forbrytelse og straff skriven av Fjodor M. Dostojevskij.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Forbrytelse og straff.

Kva meiner du gjer ei bok god?

At ein er hekta frå første setning og første side, og vil lese ut boka.

At ein vert sugd inn i handlinga og ikkje vil ut igjen (på lenge).

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Harry Hole! (Hehe!)

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Daud: Fjodor M. Dostojevskij. Levande: Ingvar Ambjørnsen.

Gulraiz Sharif hadde gjerne invitert anten den russiske forfattaren Dostojevskij eller Ingvar Ambjørnsen på middag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / Mikhail Borisovich Tulinov / Offentleg eigedom

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Fjodor M. Dostojevskij.

Boka di vert gjort om til film – og kven skulle spelt hovudrolla?

Tony Revolori.

Gulraiz Sharif

Alder: 36 år.

Frå: Oslo.

Utdanning: Adjunktutdanning frå Universitet i Oslo.

Yrke: Adjunkt.

Kor mykje les du sjølv? 40-50 bøker i året.