2023 – Dette skjedde i år

2023 romma mange forskjellige nyheiter. Her får du eit tilbakeblikk på nokre av tinga du burde ha fått med deg.

Åshild Slåen
Publisert

Januar

Året opna med eit rekordvarmt Europa, furore rundt britiske prins Harry sin biografi, og ukrainske toppleiarar som omkom etter ein helikopterstyrt.

Den russisk-ukrainske konflikten prega også nyheitene heime.

Heilt nord, på grensa mellom Russland og Noreg, ved Skrøytnes i Pasvikdalen i Finnmark, tok den russiske leigesoldaten Andrej Medvedev seg over grensa. Medvedev var tidlegare med i den russiske Wagner-gruppa, ein privat militær organisasjon som er finansiert av Russland. Medvedev søkte asyl i Noreg, og sa at han som avhoppar frå gruppa frykta å bli avretta i Russland.

Samstundes har det vore fleire skuldingar mot Medvedev om at han har delteke i å gjennomføre krigsbrotsverk i Ukraina, og Den ukrainske forening i Norge meiner han burde bli rekna som krigsforbrytar. Ukrainske styresmakter har derimot ikkje bede om å få den tidlegare leigesoldaten utlevert til landet sitt.

Februar

Heime vart det lange diskusjonar og klagestorm til NRK etter at Sophie Elise la ut eit bilete saman med ei påverkarvenninne som heldt ein liten pose med kvitt pulver. Same månad var det kraftige jordskjelv i Tyrkia og Syria som var det dødelegaste jordskjelvet i området på fleire hundre år.

Likevel var det Fosen-demonstrantane som prega både norske medium og bybiletet i hovudstaden i februar.

Torsdag 23. februar braut 15 aksjonistar seg inn i Olje- og energidepartementet og var der til dei vart borne ut av politiet. Aksjonen starta då det hadde gått 500 dagar sidan Høgsterett dømte at vindparken som er bygd på Fosen bryt med artikkel 27 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, og hindrar samar frå å utøve kulturen sin. Vindparken er i eit område som tradisjonelt har blitt brukt som vinterbeite for tamrein.

Det var åtte dagar med aksjonistar som blokkerte inngangane til fleire forskjellige departement og fleire demonstrantar som slutta seg til aksjonen, som i fyrste omgang vara heilt til 3. mars. Etter det har det vore fleire aksjonar, blant anna i juni, då det hadde gått 600 dagar sidan høgsterettsdommen, og i september og oktober.

18. desember kom det fram at ei av gruppene på Fosen, Sør-Fosen sijte, har kome fram til ei avtale med Fosen Vind. Den nordlege gruppa har framleis ikkje kome fram til ei løysing med utbyggjaren.

Mars

India var prega av uro i Punjab-regionen, og i jakta på opprørarar valde myndigheitene å kutte internett-tilgangen for 27 millionar menneske. I Uganda kom ei ny lov som la ned totalforbod mot homofili. Heime i Noreg la regjeringa fram den såkalla «lakseskatten» på nytt.

Mars var også månaden der ein av dei største klimarapportane nokosinne vart publisert av FN.

Rapporten er ei samanfatting av alt det FN har publisert om klima mellom 2018 og 2022. I arbeidet med rapporten har over 700 forskarar frå 90 forskjellige land gått gjennom eksisterande klimaforsking. Konklusjonen er klar: Vi har dårleg tid for å hindre klimaendringar vi ikkje kan kome tilbake frå.

 

April

I april er Finland endeleg offisielt ein del av forsvarssamarbeidet Nato, vaksne med muskelsjukdommen spinal muskelatrofi kan få dekka den livsviktige medisinen Spinraza i Noreg, og dramaserien «Makta» får pris for beste serie og beste musikk under filmfestivalen i Cannes.

Fagforeiningane såg derimot ikkje tilbake mot 70- og 80-åra.

Dei var meir opptekne av den enorme prisveksten i samfunnet, og kva dei kunne få på plass i mellomoppgjeret. April var prega av streikar. Fagforbunda LO og YS klarte ikkje å bli einige med arbeidsgjevarorganisasjonen NHO i fyrste runde, og på det meste var 25 000 arbeidstakarar ute i streik.

Både YS og LO takka ja til ein avtale 20. april, og enda med ein lønnsvekst på 5,2 prosent.

Mai

USA følgde etter i murring frå fagforeiningar då foreininga for manusforfattarar gjekk ut i streik, og i Europa opplevde Serbia ei alvorleg skuleskyting.

I Storbritannia vart det derimot gjort klart til fest.

Kong Charles den tredje vart krona til konge i mai. Frå Dronning Elizabeth den andre døydde 8. september, til Charles vart krona 6. mai gjekk det åtte månader.

Den då 74 år gamle mannen er den fyrste kongen i Storbritannia på over 70 år. Trass i at kroninga var nedskalert samanlikna med andre kroningsseremoniar, fekk kongehuset likevel kritikk for den dyre feiringa medan økonomien i landet var dårleg.

Juni

Den fyrste sommarmånaden var prega av fleire ulukker. Passasjerane ombord i ein ubåt omkom då dei skulle sjå Titanic på havbotnen, og i India døydde nesten 300 personar i ei togulukke.

Vi fekk også høyre mykje meir om Wagner-gruppa.

Natt til 24. juni sette Wagner-gruppa kursen mot Moskva. Leiaren av gruppa, Jevgenij Prigozjin, oppmoda russarar til å slutte seg til dei i eit mogleg opprør mot den russiske forsvarsleiinga. Opprørarane stoppa rundt 200 kilometer frå Moskva, etter at den belarusiske presidenten klarte å forhandla fram ei avtale, og Prigozjin gjekk med på å reise til Belarus. Han reiste til Belarus, men døydde i august då eit privatfly styrta i Russland.

Juli

Sommarvarmen sette inn, fenomenet Barbenheimer dominerte kinolerretet, samstundes som skodespelarar var tekne ut i streik i USA.

Lenger aust fekk krigen mellom Russland og Ukraina større konsekvensar for verda.

Kornavtala mellom dei to landa gjekk ut i juli, og Russland nekta å fornye ho. Som eit av landa som eksporterer mest korn i heile verda, er Ukraina svært viktig for mattryggleiken internasjonalt. Etter krigen braut ut fekk Ukraina og Russland hjelp av FN og Tyrkia til å få på plass ei avtale som sikra at Ukraina  kunne sende korn ut frå hamnene sine utan at Russland hindra dei. Russland nekta å fornye avtalen, fordi dei meiner dei ikkje fekk gjennom sine ønske.

Russland innførte difor ein ny blokade av Ukraina. Det krigsherja landet har nytta seg av ein korridor i Svartehavet langs Romania og Bulgaria for å få ut skip, men seier at ein konsekvens av blokaden er at store mengder korn har blitt øydelagt.

August

Storpolitikken stod for tur på Briks-møtet mellom medlemslanda Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika. Gabon vart endå eit land som slutta seg til ei kuppbølge i Afrika, og Wagner-leiaren døydde i flystyrt.

Det vart også arrangert fotball-VM for kvinner i Australia og New Zealand, som fekk rekordhøge sjåartal.

Avslutninga på meisterskapet var derimot ikkje like oppløftande. Mange reagerte då Luis Rubiales, den dåverande spanske fotballpresidenten, valte å omfamne og kysse stjernespelaren Jennifer Hermoso på både kinnet og munnen. Spanske styresmakter opna sak mot Rubiales og etterforska han for seksuelt overgrep. Rubiales gjekk av som spansk fotballpresident i september. Fifa opna også ei eiga etterforsking. Dei har konkludert at han oppførte seg upassande, og avdekka nyleg nye skuldingar mot Rubiales.

September

I Kaukasus blussa konflikten om Nagorno-Karabakh mellom Aserbajdsjan og Armenia opp. Ein ny studie slo fast samanhengen mellom snus og fleire typar kreft.

Her heime var det kommunevalet som dominerte nyheitene, både før og etter valdagen 11. september.

Høgre vart raskt kåra til valvinnar med 25,9 prosent av stemmene. Erna Solberg sitt parti var også det partiet som auka mest nasjonalt. Arbeidarpartiet måtte nøye seg med ei oppslutning på 21,7 prosent, som er deira dårlegaste resultat i eit kommuneval på nesten 100 år. Venstresida mista også makta i mange av storbyane. Både Oslo, Bergen og Trondheim har no borgarleg bystyre eller byråd.

Oktober

Det skjedde fleire ting i oktober. Nynorskforfattaren Jon Fosse vart annonsert som vinnar av Nobels litteraturpris, medan det vart kjent at fredsprisen gjekk til den fengsla iranske aktivisten og journalisten Narges Mohammadi.

Likevel er det vanskeleg å tenke seg ei sak som har prega hausten meir enn Israel-Palestina-konflikten.

Laurdag 7. oktober gjekk Hamas-krigarar frå Gazastripa til åtak på Israel med både bakkestyrkar og rakettar. Rundt 1200 personar, både militære og sivile, vart drepne, ifølgje israelske styresmakter. 36 av desse skal ha vore barn. Israel svarte på åtaket ved å stenge grensa til Gaza, for både humanitær hjelp, drivstroff, straum, mat og vatn, og gjekk til åtak med både rakettar og bakkestyrkar.

Det var ei kort våpenkvile på sju dagar i slutten av november. Under våpenkvila utveksla Hamas gissel mot palestinarar som sat i israelske fengsel. Frå 7. oktober til 22. desember har det blitt drepe over 20 000 personar på Gaza, ifølgje Gazas helsestyresmakter. I denne rapporten skil dei ikkje mellom sivile og ikkje sivile dødsfall, men dei har tidlegare sagt at om lag to tredjedelar av dei døde er kvinner eller barn.

November

Fleire hadde god nytte av advokat i november. Høgsterett slo fast at Acer-avtala var lovleg for Noreg, Storbritannia fekk beskjed om at dei ikkje kunne sende asylsøkarar til Rwanda, og det vart ei maratonhøyring for både stortingsrepresentantar og regjeringsmedlem.

Spørsmål om habilitet har prega både den noverande og den førre regjeringa. 7. november hadde kontrollkomiteen ei dagslang høyring for å få betre oversikt over sakene.

Høgre-leiar Erna Solberg vart kalla inn på grunn av ektemannen Sindre Finnes si aksjehandling då ho var statsminister. Anniken Huitfeldt (Ap) hadde også ein mann som dreiv med upassande aksjehandel med tanke på jobben hennar som utanriksminister.

Ola Borten Moe (Sp) måtte forklare aksjekjøpa sine innan Kongsberg Gruppen samstundes som han var statsråd og handsama saker kopla til selskapet. Tidlegare kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) greia ut tilsetjingar der ho kjente kandidatane for godt og ikkje burde vore involvert i tilsetjingsprosessen. Tidlegare kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) hadde også for nært forhold til ein person knytt til eit senter som fekk tilskot.

Desember

Året vart nærmast avslutta med eit smell på Island, men det skjedde også ting tidlegare i desember. Medan nobelprisar vart delt ut i både Oslo og Stockholm, var verdssamfunnet samla i Dubai.

Dei sameina arabiske emirata var nemleg vertsland for FN sitt årlege klimatoppmøte, COP28. Dette er møtet der verdas land samlast for å diskutere tiltak mot klimaendringar, og til slutt få på plass avtalar som dei er plikta til å følgje opp. I år kom det på plass ei historisk formulering i sluttavtalen om at landa skal omstille seg vekk frå fossil energi.

Det er fyrste gong ei slik formulering er med i ei sluttavtale. Likevel er fleire klimaorganisasjonar som meiner det ikkje er godt nok, og alt tyder på at vi kjem til å overskride målet på 1,5 gradar oppvarming innan 2030.